Yixing
- For munken, oppfinnaren og astronomen på 700-talet, sjå Yi Xing.
Yixing (hanzi 宜兴; pinyin Yíxīng) er eit byfylke i byprefekturet Wuxi i provinsen Jiangsu i austre Kina. Byfylket har ei utstrekking på 2.177 km² og hadde i 2005 1,07 millionar innbyggjarar. Byen er kalla «keramikkhovudstaden i Kina» og «Verdas tekannesenter».
宜兴 Yíxīng | |
---|---|
Yixing-tekanne frå Qing-dynastiet. | |
Kallenamn «Verdas tekannesenter; Keramikkhovudstaden i Kina» | |
Styresmakter | |
Land Provins |
Folkerepublikken Kina Jiangsu |
Geografi | |
Flatevidd | 1 996,61 km² |
Flatevidd - By |
2177,43 km² |
Innbyggjarar - By (2005) |
1 071 000 |
Koordinatar | 31°2′N 119°18′E / 31.033°N 119.300°E |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.yixing.gov.cn/ |
Yixinggods
endreFrå gammalt av har byen produsert steingods av lillabrun yixing-leire som finst i området. Yixingtekanner er høgt skatta og er mykje brukte til den kinesiske teseremonien. Dei eldste spora av keramikkmaking i Yixing er 7000-8000 år gamle, og under Han-dynastiet byrja ein laga keramikk med celadonglasur her. Keramikkmuseet i Yixing har over 10 000 gjenstandar.
I dag blir mykje av yixingkeramikken laga i nabobyen Dingshu (Dingshan), men det finst framleis handverkshus og fabrikkar her.
Shanjuan-hola
endreShanjuan-hola er ein annan attraksjon. Ho er eit imponerande naturfenomen med ein hall på 1 000 m², stalaktittar på opptil sju meter og ein foss med eit fall på 120 meter utanfor. Temperaturen er rundt 23ºC heile året.
Holehallen er dekorert med dikt i kinesisk kalligrafi. Grotta har namnet sitt etter Shanjuan, ein vismann som ifølgje soga slo seg ned her for 4-5000 år sidan.
Kommunikasjon
endreYixing har ikkje jernbanesamband, men riksveg 104 i Kina går gjennom byfylket. Vegen begynner i Beijing, går sørover via Dezhou og så til Jinan, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.
Kjelder
endre- Yixing - the Pottery Capital of China and the Teapot Center of the World Arkivert 2010-06-16 ved Wayback Machine. ved chineseclayart.com
- Shanjuan Cave ved wuxi.jiangsu.net
Bakgrunnsstoff
endre- Yixing kommune si nettside (kinesisk)
- Yixing på Wuxi sine nettsider[daud lenkje] (engelsk)