Wuxi (kinesisk skrift 无锡, pinyin Wúxī[2], shanghaidialekt: [ɦu.ɕiɪʔ]) er eit byprefektur i provinsen Jiangsu ved den kinesiske kysten mot Gulehavet. Ein rekna med at folketalet var rundt 1 010 000 i 2004, medan heile prefekturet har rundt 4,32 millionar innbyggarar. Byen ligg ved den store innsjøen Taihu mellom Shanghai og Nanjing.

Wuxi
Wuxi sentrum
Land  Folkerepublikken Kina
Areal 4 627,46 km²
Folketal 7 462 135 (2020)[1]
Kart
Wuxi
31°34′0″ N 120°16′0″ E
Plasseringa av Wuxi i Jiangsu
Plasseringa av Wuxi i Jiangsu
Plasseringa av Wuxi i Jiangsu
Wikimedia Commons: Wuxi

På grunn av sin kraftige økonomiske vekst blir byen ofte kalla Litle Shanghai. Wuxi er ein av dei økonomiske og industrielle sentera i provinsen Jiangsu, og ligg gunstig til ved Keisarkanalen og ved hovudtrafikkårene (motorveg, jernbane) mellom Shanghai og Nanjing.

Prefekturet er delt i to halvdelar av Taihu, og grensar til Changzhou i vest og Suzhou i aust. Den nordlege halvdelen av prefekturet skuer nordover over Yangtsefloden til prefekturet Taizhou, medan den sørlege halvparten har sørgrensa sin mot provinsen Zhejiang.

Namn endre

Namnet «Wuxi» tyder 'utan tinn' på moderne kinesisk. Andre tolkingar av namnet er at det skal koma frå «Wuxu» (吳墟) og visa til ruinane av Wu-staten, eller eit baiyue-ord som tyder 'gudefugl'.[3]

Administrative einingar endre

 
Buddhafigur i Lingshan ved Wuxi

Wuxi består av seks bydistrikt og to byfylke:

  • Bydistriktet Chong'an (崇安区), 17 km², 180.000 innbyggarar, regjeringssete;
  • Bydistriktet Nanchang (南长区), 22 km², 320.000 innbyggarar;
  • Bydistriktet Beitang (北塘区), 31 km², 250.000 innbyggarar;
  • Bydistriktet Binhu (滨湖区), 770 km², 670.000 innbyggarar;
  • Bydistriktet Huishan (惠山区), 327 km², 380.000 innbyggarar;
  • Bydistriktet Xishan (锡山区), 454 km², 430.000 innbyggarar;
  • Byfylket Jiangyin (江阴市), 987 km², 1,18 mill. innbyggarar;
  • Byfylket Yixing (宜兴市), 2.177 km², 1,06 mill. innbyggarar.

Kulturminne endre

Qing-diplomaten Xue Fucheng sin gamle heim i Wuxi[4] vart i 2001 lagt til Folkerepublikken Kinas liste over kulturminne.

Samferdsle endre

Byen ligg ikkje berre ved Keisarkanalen og nær Kinas viktigaste naturlege vassveg Chang Jiang, men er er òg stoppestad på den viktige jernbanelinja Jinghubanen som går frå Beijing til Shanghai via mellom anna Tianjin, Jinan, Nanjing og Suzhou.

Riksveg 312 i Kina går gjennom området. Den fører frå Shanghai og endar på grensa mot Kasakhstan, og passerer mellom anna Suzhou, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan og Urumqi.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://tj.jiangsu.gov.cn/art/2021/5/18/art_80066_9819836.html.
  2. Eldre transliterasjonar Wu-shi, Wushi eller Wuish
  3. Engelsk Wikipedia oppgav desse kjeldene: 无锡”地名的由来 Arkivert 2012-05-31 ved Wayback Machine. (Kinesisk), 而今现在(2006-05-01 00:00:00 ~ 2006-06-01 00:00:00档案) Arkivert 2011-07-07 ved Wayback Machine., 无锡市 Arkivert 2011-07-07 ved Wayback Machine., 无锡 Arkivert 2011-09-28 ved Wayback Machine., 考“无锡”地名的由来 Arkivert 2011-07-23 ved Wayback Machine.,无锡地名典故[daud lenkje]
  4. Xue Fucheng guju jianzhuqun, 薛福成故居建筑群