You're My Best Friend
You're My Best Friend Singel av Queen frå albumet A Night at the Opera | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 18. mai 1976 | |
Innspelt | 1975 | |
Sjanger | Poprock[1] | |
Lengd | 2:52 | |
Selskap | EMI (UK), Elektra (US) | |
Komponist | John Deacon | |
Tekstforfattar | John Deacon | |
Låtskrivar(ar) | John Deacon | |
Produsent | Roy Thomas Baker og Queen | |
Queen-kronologi | ||
«Bohemian Rhapsody» (1975) |
You're My Best Friend | «Somebody to Love» (1976)
|
«You're My Best Friend» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av bassgitaristen John Deacon. Han var opphavleg gjeven ut på A Night at the Opera i 1975, og seinare som ein eigen singel. I USA klatra «You're My Best Friend» til ein sekstande plass på singellista.[2] Songen finst òg på konsertalbumet Live Killers (1979) og på samlealbuma Greatest Hits (1981), Absolute Greatest (2009) og Queen Forever (2014).
Historie endre
Deacon skreiv songen for kona si, Veronica Tetzlaff. I songen spelar han eit Wurlitzer elektrisk piano i tillegg til å spele bass.[3] Det karakteristiske «bjeffet» frå bassnotane til wurlitzeren er markant i songen. Under konsertversjonane av songen spelte Freddie Mercury flygel i staden for elektrisk piano på songen, medan Deacon berre spelte bassgitar.
Songen vart nytta som bakgrunnsmusikk i fleire fjernsynsseriar, som Hot in Cleveland, EastEnders, My Name is Earl, The King of Queens og The Simpsons.[4] Han vart òg nytta under rulleteksten til komedien Shaun of the Dead i 2004.
Musikkvideo endre
Musikkvideoen var regissert av Bruce Gowers, og syner bandet i ein enorm ballsal omgjeve av over tusen stearinlys, inkludert i ei enorm lysekrone.[5] Videoen vart filma i april 1976[5] i Elstree Studios i London. Her kan ein sjå Deacon spele flygel i staden for det elektriske pianoet han brukte på innspelinga.[6]
Lister endre
Vekeslister endre
|
Årslister endre
|
Medverkande endre
Andre versjonar endre
- The Supernaturals, Come Again (samlealbum, 1997)
- Giuliano Palma & the Bluebeaters, Long Playing (2005)
- Rock4, A Night at the Opera (2006), ein acappellaversjon av Queen-albumet.
- Straight No Chaser, With a Twist (2010)
- Melvins, Everybody Loves Sausages (2013), som «Best Friend»
- Stevie Ann, singel (2014)
- The Once, Row Upon Row of the People They Know (2011)
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «You're My Best Friend (Queen song)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «At Night at the Opera review». Allmusic. Henta 20. juni 2016.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 513.
- ↑ «You're My Best Friend by Queen». songfacts.com. Arkivert frå originalen 6. oktober 2008. Henta 10. mars 2010.
- ↑ http://www.imdb.com/name/nm1277102/
- ↑ 5,0 5,1 Promo Videos: You're My Best Friend. Ultimate Queen. Henta 11. november 2011.
- ↑ You're My Best Friend. Ultimate Queen. Henta 11. november 2011.
- ↑ http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?file_num=nlc008388.4299a&brws_s=&type=1&interval=50&PHPSESSID=vbdjne6sbunltr53j1mv7s61d6
- ↑ http://www.officialcharts.com/search/singles/YOU%27RE%20MY%20BEST%20FRIEND/
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 2. april 2015, henta 20. juni 2016
- ↑ http://australian-charts.com/forum.asp?todo=viewthread&id=35092
- ↑ https://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.5173a&type=1&interval=50&PHPSESSID=vp7s0klao6mko0fkbsi6jsebq5
- ↑ http://www.uk-charts.top-source.info/top-100-1976.shtml
- ↑ http://www.musicoutfitters.com/topsongs/1976.htm