Your Move
Studioalbum av America
Utgjeve 3. juni 1983
Innspelt 1983
Studio Abbey Road Studios (London, England); Criteria Studios (Miami, Florida).
Sjanger Softrock
Lengd 41:07
Selskap Capitol
Produsent Russ Ballard
America-kronologi 
The Last Unicorn
(1982)
Your Move Perspective
(1984)


Your Move er det ellevte studioalbumet til den amerikanske folkrockduoen America, gjeve ut av Capitol Records den 3. juni 1983.

Historie endre

I 1982 opplevde America fornya kommersiell suksess med hitalbumet View from the Ground. To av låtane på albumet, inkludert topp 10-singelen «You Can Do Magic», vart skriven og produsert av Russ Ballard. Med ønske om å halda oppe det kommersielle momentumet sitt, vende Gerry Beckley og Dewey Bunnell seg til Ballard igjen, denne gongen for å produsera heile oppfølgjaralbumet.

Beckley og Bunnell byrja arbeidet med det nye albumet ved å byta songar med Ballard. Innspelingsøktene enda likevel ikkje som planlagt. Beckley minnest:«Me trudde me var involverte i prosessen, men [då] me kom over til London, hadde [Ballard] kutta mange av songane som me hadde miksa, og det vart tydeleg at det kom til å bli ein slags 75/25-greie, der dei fleste av songane skulle vera hans. Så me var veldig fjerna frå dette albumet. Me gjorde vårt beste for å syngja desse songane så godt me kunne, men sjølv på dei songane me skreiv, spelte han i utgangspunktet alle instrumenta.»[1]

Denne gangen var det innspelet til America med Ballard som førte til en hitsingle. Ein av songane skrivne av Ballard, kalla «The Border», hadde potensial, men Bunnell var misnøgd med teksten. «Fordi han var veldig britisk, hadde [Ballard] brukt nokre klisjé-tekstar som, for oss som amerikanarar, høyrdest inkongruente ut,» hugsa Bunnell. «Han prøvde å få ein desperado-type kjensle, men brukte ord som Pasadena. Teksten fekk berre ikkje med seg heile grensekjensla og den Mexicali-kjensla han såg for seg. Eg bad om å skriva han om, og han var mottakeleg, så eg skreiv ei historie om å rømma og prøva å sleppa unna noko.»[2]

Albumet inneheldt ei rekkje balladar skrivne av Ballard, inkludert «She's A Runaway», «Tonight Is For Dreamers», «Honey» og «Don't Let Me Be Lonely», saman med den optimistiske «My Kinda Woman». «Cast the Spirit», som opphavleg hadde dukka opp på Ballard-album At The Third Stroke i 1978, var ein meir hardkanta song. Med solovokal av Bunnell vart han andre singelen frå albumet, men klarte ikkje å gjera eit innhogg på hitlistene.

Den einaste komposisjonen til Bunnell for albumet var den psykedelisk-aktige «My Dear». Albumet vart avslutta med «Someday Woman», eit akustisk-drive spor skrive av Beckley, Bill Mummy og Robert Haimer.

Your Move vart først gitt ut i CD-format i USA av det no nedlagde One Way Records i 1998

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [3]
The Rolling Stone Album Guide     [4]

Albumet vart gitt ut i juni 1983. «The Border», med den omarbeidde teksten til Bunnell, strykarar frå Royal Philharmonic Orchestra og ein energisk saksofon-solo av Raphael Ravenscroft, nådde 33. plassen på Billboard-lista – det som skulle visa seg å bli den siste topp 40-hitten til America til no. Singelen gjorde det langt betre på moderne radio for vaksne, og nådde ein fjerdeplass der. Han overgjekk til og med «You Can Do Magic», som året før hadde toppa som nummer 5 på listene for vaksne. «Your Move» mangla likevel ein stor hitsingel og klarte ikkje å attskapa suksessen til View from the Ground, som nådde 81. plassen på Billboard si albumliste. Med det tok samarbeidet mellom America og Ballard slutt.

Allmusic si melding av albumet hevda at det følgjer poptrendane i 1983, men ikkje viser nokon inspirasjon. Dei peika ut «The Border» som det einaste sterke sporet på albumet, og konkluderte med at «Det er ein tydeleg mangel på gneiste i materialet, produksjonen og framføringa».[3]

Songen «Love's Worn Out Again» var ein hit på Filippinane på 80-talet og er framleis ein av dei mest kjende America-songane i landet.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«My Kinda Woman»Russ Ballard3:08
2.«She's a Runaway»Ballard4:11
3.«Cast the Spirit»Ballard4:06
4.«Love's Worn Out Again»Gerry Beckley, Bill Mumy3:35
5.«The Border»Ballard, Dewey Bunnell3:59
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Your Move»Terry Shaddick, Steve Kipner3:19
7.«Honey»Ballard3:48
8.«My Dear»Bunnell4:23
9.«Tonight Is for Dreamers»Ballard3:20
10.«Don't Let Me Be Lonely»Ballard3:23
11.«Someday Woman»Beckley, Mumy, Robert Haimer3:51

Medverkande endre

America

Andre medverkande

Produksjon endre

  • Russ Ballard – produsent
  • John Stanley – leiande produsent
  • Dennis Hertzendorfer – lydteknikar
  • Patrice Carroll – assisterande lydteknikar
  • Danny Dawson – assisterande lydteknikar
  • Ian Grimble – assisterande lydteknikar
  • Mike Fuller – mastering
  • Roy Kohara – kunstnarisk leiar
  • Hy Fujita – design
  • Henry Diltz – fotografi på omslaget, kalligrafi
  • Mike Hashimoto – fotografi inne i omslaget
  • Katz-Gallin-Morey – management

Salslister endre

Liste (1983) Plassering
US 81[5]

Kjelder endre