Ytterby gruve

(Omdirigert frå Ytterby)

59°25′36.318″N 18°21′13.597″E / 59.42675500°N 18.35377694°E / 59.42675500; 18.35377694

Ytterby gruve

Ytterby gruve ligg på Resarö i Vaxholm kommune utanfor Stockholm i Sverige. På slutten av 1700-talet vart det funne ei rekkje uvanlege og ukjende mineral i steinar frå gruva, og i desse minerala oppdaga forskarane ikkje mindre enn sju grunnstoff:

Sverige generelt, og Ytterby gruve spesielt, har spelt ei viktig rolle i oppdaginga av ulike sjeldne jordarts-element. Namnsettinga av grunnstoffa vart òg prega av funnstaden, t.d. gadolinium (oppkalla etter professor Johan Gadolin), holmium (frå det Latinske namnet for Stockholm), scandium, thulium (Thule = dei nordiske landa) og, naturlegvis, ytterbium, erbium, terbium og yttrium, som alle har vorte kalla opp etter sjølve Ytterby gruve.

I 1989 vart gruva registrert som eit historisk minnesmerke av det amerikanske selskapet for material, ASM (American Society for Materials). Eit gruvemuseum finst på øya.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre