Zacharias Kunuk
Zacharias Kunuk OC ONu (fødd 27. november 1957) er ein kanadisk inuittisk filmprodusent og -regissør som er best kjend for filmen Atanarjuat: The Fast Runner, den fyrste kanadiske spelefilmen spelt inn heilt på inuktitut.[1] Han er leiar og medgrunnleggjar medPaul Qulitalik, Paul Apak Angilirq og den einaste ikkje-inuitten Norman Cohn for Igloolik Isuma Productions, det fyrsste sjølvstendige inuittiske filmproduksjonselskapet i Canada.[2]
Zacharias Kunuk | |||
Fødd | 27. november 1957 (66 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kapuiviit | ||
Fødenamn | Inuktitut ᓴᖅᑲᓕᐊᓯ ᑯᓄᒃ | ||
Aktive år | 1999– | ||
Verka som | filmregissør, manusforfattar, filmprodusent, filmklyppar, produksjonsdesigner, bilethoggar, kunstnar, filmskaper, jeger | ||
Prisar | offiser av Order of Canada, John Dunning Best First Feature Award, Caméra d'or |
Bakgrunn
endreZacharias Kunuk blei fødd i eit torvhus nær Kapuivik[3] på øya Kapuiviit, like utanfor Baffinøya. I 1966 byrja han på skule i Igloolik. Der skar han ut og selde skulpturar av kleberstein for å få råd til å sjå film. Etterkvart som han utvikla seg tente han nok til å kjøpa fotoapparat og ta bilde av inuittiske jaktscenar. Då han høyrde om videokamera i 1981 kjøpte han eit slikt kamera og grunnleggjande filmutstyr slik at han kunne læra seg sjølv å skapa sine eigne filmar.[4]
Karriere
endreAtanarjuat: The Fast Runner (2001), den fyrste spelefilmen til å bli laga på inuktitut blei utropt til den største kanadiske filmen nokonsinne ved Toronto International Film Festival 2015. Den andre filmen hans, The Journals of Knud Rasmussen, var ein samproduksjon med Danmark der han og Norman Cohn skreiv manus og regisserte. Filmen hadde premiere 7. september 2006 som opningsfilm ved Toronto International Film Festival.
I 2002 blei Kunuk utnemnd til Officer of the Order of Canada.[5]
Kunuk er medgrunnleggjar av Inuit Knowledge and Climate Change Project, i lag med Ian Mauro frå School of Environmental Studies ved University of Victoria. Målet med prosjektet er å samle informasjon frå eldre inuittar til ein film om inuittane sitt perspektiv på verknaden avglobal oppvarming på inuittisk kultur og miljø. Prosjekte la fram ein video for SN under klimakonferansen COP15 i København i 2009 som blei synt ved Statens Museum for Kunst i Danmark.[6]
I 2011 utvikla Kunuk eit prosjekt med cree-filmskaparen Neil Diamond om konflikten mellom creefolk og inuittar på 1700-talet som varte i nesten eit hudnreår.[7]
I juli 2017 blei Kunuk invitert til å bli medlem av Academy of Motion Picture Arts and Sciences (AMPAS). Akademiet har nesten 7 000 profesjonelle filmfolk som medlemmar.[8] Det er kjent internasjonalt for utdelinga av Academy Awards, eller Oscarprisen. I 2017 inviterte dei inn 774 nye medlemmer.[9]
I mars 2019 blei Kunuk utnemnd til eit medlem av Order of Nunavut, den einaste utvalde frå 2018.[10]
Filmar
endreSpelefilmar og fjernsynsfilmar:
- Nunavut: Our Land (1995) — regissør og forfattar av fjernsynsserien
- Atanarjuat: The Fast Runner (2001) — regissør, produsent, forfattar og editor
- Kunuk Family Reunion (2004) — regissør og produsent av fjernsynsdokumentar
- Weird Sex and Snowshoes: A Trek Through Canadian Cinematic Psyche (2004) — opptredde i fjernsynsdokumentar
- The Journals of Knud Rasmussen (2006) — regissør, produsent og kunstnarisk regissør
- Before Tomorrow (Le Jour avant le lendemain) (2008) — produsent
- Tungijuq (2009) — produsent av kortfilm
- Home (2011) — regissør og forfattar av kortfilm
- Sirmilik (2011) — regissør av dokumentar
- Searchers (2016)
- Edge of the Knife (2018) — produsent[11]
- Kivitoo: What They Thought of Us (2018)
- One Day in the Life of Noah Piugattuk (2019)
- Angakusajaujuq: The Shaman's Apprentice (2021)
Prisar og nominasjonar
endreÅr | Pris | Resultat | Tittel |
---|---|---|---|
2001 | Cannes Film Festival: Golden Camera | Vinnar | Atanarjuat: The Fast Runner |
2001 | Edinburgh International Film Festival: New Directors Award | Vinnar | Atanarjuat: The Fast Runner (Tied with L.I.E.) |
2001 | Ghent International Film Festival: FIPRESCI Prize-Special Mention-Grand Prix | Vinnar | Atanarjuat: The Fast Runner |
2001 | Hawaii International Film Festival: Special Mention Best Feature Film, Best Feature Film | Nominert | Atanarjuat: The Fast Runner |
2001 | Santa Fe Film Festival: Luminaria-Best Feature | Vinnar | Atanarjuat: The Fast Runner |
2001 | Toronto International Film Festival: Best Canadian Feature Film | Vinnar | Atanarjuat: The Fast Runner |
2001 | Cinemanila International Film Festival: Lino Brocka Award | Vinnar | Atanarjuat: The Fast Runner (fellesplassering med What Time Is It Over There?) |
2002 | Genie Awards: Claude Jutra Award-Best Achievement in Direction, Best Achievement in Editing, Best Motion Picture | Vinnar | Atanarjuat: The Fast Runner (delt med Norman Cohn, Paul Apak Angilirq, Germain Wong) |
2002 | Newport International Film Festival: Audience Award-Best Feature | Vinnar | Atanarjuat: The Fast Runner |
2002 | San Diego International Film Festival: Festival Award-Best Feature Film | Vinnar | Atanarjuat: The Fast Runner |
2002 | Toronto Film Critics Association Awards: TFCA Award-Best First Feature | Vinnar | Atanarjuat: The Fast Runner |
2003 | Chicago Film Critics Association Awards: CFCA Award – Most Promising Director | Nominert | Atanarjuat: The Fast Runner |
2003 | Independent Spirit Awards: Independent Spirit Award-Best Foreign Film | Nominert | Atanarjuat: The Fast Runner |
2019 | Vancouver International Film Festival: Best Canadian Film Award | Vann[12] | One Day in the Life of Noah Piugattuk |
2021 | Toronto International Film Festival Award for Best Canadian Short Film | Vann | Angakusajaujuq: The Shaman's Apprentice |
Bøker
endre- Angakusajaujuq: The Shaman's Apprentice (2021)[13]
Kjelder
endre- ↑ Interview by Michelle Svenson, Film and Video Specialist, NMAI (April 1, 2002). «Zacharias Kunuk Interview – Native Networks». Smithsonian Institution. Arkivert frå originalen 11. september 2013. Henta 3. oktober 2009.
- ↑ Angilirq, Paul Apak (2002). Atanarjuat the fast runner. Toronto: Coach House Books and Isuma Publishing. s. 13–15,197–227. ISBN 1-55245-113-5.
- ↑ «Zacharias Kunuk’s life, from a sod house to the Cannes Film Festival», thestar.com (på engelsk), 26. april 2015, henta 26. november 2022
- ↑ "Zacharias Kunuk." Famous, Should Be Famous, and Infamous Canadians. (retrieved 29 Jan 2011)
- ↑ "Carleton Stories" Zacharias Kunuk Shares Intimate Picture of the North. (retrieved 27 Feb 2017)
- ↑ «I've gone from the stone age to the digital age.». Pulitzer Center on Crisis Reporting. 11. november 2002. Arkivert frå originalen November 14, 2009. Henta 9. februar 2016.
- ↑ Dunlevy, T'Cha (9 April 2011). «Reel Injun continues making waves». Montreal Gazette. Henta 15. april 2011.[daud lenkje]
- ↑ «2017 Oscars: Who are the 6,687 voting members of the academy?». Goldderby.com. 13. februar 2017. Henta February 19, 2017.
- ↑ «Zacharias Kunuk, celebrated Nunavut filmmaker, joins Oscars academy: 'I thought it was a spam email… but then it came up again and I checked it'». CBC News. July 7, 2017. Henta 8. juli 2017.
- ↑ «Advisory Council Announces Appointment to the Order of Nunavut | Nunavut Legislative Assembly». Arkivert frå originalen 27. mai 2022. Henta 26. november 2022.
- ↑ Catherine Porter, "Reviving a Lost Language of Canada Through Film". The New York Times, June 11, 2017.
- ↑ «VIFF 2019 BC Spotlight Gala Award Winners» (Press release). Vancouver International Film Festival. 5. oktober 2019. Arkivert frå originalen 7. oktober 2019. Henta 7. oktober 2019.
- ↑ «The Shaman's Apprentice». Inhabit Media (på engelsk). Henta 3. juni 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Zacharias Kunuk» frå Wikipedia på engelsk, den 26. november 2022.