90377 Sedna

asteroide

90377 Sedna (symbol: ⯲)[6] er eit transneptunsk-objekt oppdaga av Michael Brown (Caltech), Chad Trujillo (Gemini Observatory) og David Rabinowitz (Yale University) den 14. november 2003. Då objektet blei oppdaga var det det fjernaste solsystemobjektet ein kjende til.

90377 Sedna
Oppdaging
Oppdaga avM. Brown
C. Trujillo
D. Rabinowitz
Oppdagingsdato14. november 2003
Baneskildring[1]
Epoke 26. september 1990 (JD 2448160,5)
Aphel1,459×1014 m (975,56 AE)
Perihel1,1393×1013 m (76,156 AE)
Eksentrisitet0,855
Banehelling11,934°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar1180–1800 km[2]
Masse8,3×1020–7,0×1021 kg[3]
(0,05–0,42 Eris)
2,0? g/cm³
0,62-0,95 km/s
0,42 d (10 t) [4]
Albedo>0,2?

Fysiske eigenskapar

endre

Sedna har ein estimert diameter på omtrent 1180 til 1800 km. På oppdagingstidspunktet var det det største objektet oppdaga i solsystemet sidan Pluto blei oppdaga i 1930. Det er no (per april 2008) rekna for å vera det femte største kuipterbelte-objektet av dei ein veit om; rangert etter Eris, Pluto, 2005 FY9 og 2003 EL61. Sedna ligg så langt unna sola at temperaturen på overflata aldri når over 33 kelvin, dvs. -240 °C.

Observasjonar ifrå Chile viser at Sedna er eit dei raudaste objekta i solsystemet og er nesten like raud som Mars. I motsetnad til Pluto og Charon ser Sedna ut til å ha særs lite metan- eller vassis på overflata og Chad Trujillo og hans kollegar på Gemini-observatorietHawaii føreslår at Sednas mørkeraude farge kjem av at overflata er dekt av ei slags hydrokarbonsøle, eller tholin, lik den funne på 5145 Pholus.[7] Overflata er homogen i farge og spekter; dette er sannsynlegvis av di at Sedna i motsetnad til objekt nærare Sola mykje sjeldnare kolliderer med mindre objekt som eksponerer lysare terrreng under overflata, slik som på 8405 Asbolus. [8]

Sedna og Triton sine spekter har blitt samanlikna og føreslår den følgjande fellesmodellen for overflatesamansetnad: 24% tholin, 7% amorft karbon, 26% metanolis med 33 % metan. [9]

Banekarakteristikkar

endre

Sedna har ein særs elliptisk bane med ein estimert aphel (fjernaste punkt) på 975 AE og perihel (næraste punkt) på omtrent 76,16 AE. Då Sedna blei oppdaga nærma objektet seg perihel og var ca. 90 AE ifrå sola. På oppdagingstidspunktet var Sedna det fjernaste solsystemobjektet observert så langt; sjølv om banane til nokre objekt, slike som langperiodiske kometar har banar som strekkjer seg lengre ut enn den til Sedna. Desse kometane er likevel små og dermed lyssvake slik at dei ikkje kan observerast anna enn når dei er nære perihel. Ein oppdaga seinare Eris på ein avstand på 97 AE, men Eris kjem likevel ikkje lengre unna sola enn 97,56 AE.

Kjelde

endre

Fotnotar

endre
  1. Marc W. Buie (13.08.2007). «Orbit Fit and Astrometric record for 90377». Deep Ecliptic Survey. Henta 17.01.2006. 
  2. W.M. Grundy; K.S. Noll; D.C. Stephens (20. juli 2005). «Diverse albedos of small trans-Neptunian objects» (PDF). Icarus (Elsevier) 176 (1): 184–191. doi:10.1016/j.icarus.2005.01.007. Henta 2. april 2008. 
  3. Radius på 590 km og tettleik på 0,97 gir ein masse på 8,3×1020 kg; radius på 900 km og tettleik på 2,3 gir ein masse på 7,0×1021 kg
  4. http://cfa-www.harvard.edu/press/pr0510.html
  5. «Horizons Output for Sedna 2076/2114». Henta 19.11.2007.  Horizons
  6. U+2BF2 ⯲. David Faulks (2016) 'Eris and Sedna Symbols,' L2/16-173R, Unicode Technical Committee Document Register.
  7. McKee, Maggie (2005). «Distant planetoid Sedna gives up more secrets». NewScientist.com news service. Henta 05.03.2005. 
  8. Alexander, Amir (18.04.2005). «Sedna: Mysterious Planetoid Slowly Yielding Up Its Secrets». The Planetary Society. Henta 15.09.2006. 
  9. M.A. Barucci; D.P. Cruikshank; E. Dotto; F. Merlin; F. Poulet; C. Dalle Ore; S. Fornasier; C. de Bergh (2005). «Is Sedna another Triton?». Astronomy & Astrophysics 439: L1-L4. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: 90377 Sedna