Berge-regjeringa
Regjeringa Abraham Berge tiltredde 30. mai 1923 etter at statsminister Otto B. Halvorsen døydde i embetet. Som den avgåtte regjeringa, var også denne ei samarbeidsregjering mellom Høgre og Frisindede Venstre.
Statsrådpost | Statsråd | Periode | Parti |
---|---|---|---|
Statsminister og sjef for Finansdepartementet | Abraham Berge | FrV | |
Utanriksminister | Christian Fredrik Michelet | H | |
Justisdepartementet | Christian L. Rolfsen | H | |
Landbruksdepartementet | Anders Venger | H | |
Kyrkjedepartementet | Ivar B. Sælen | til 23. november 1923 | H |
Karl Sanne | frå 23. november 1923 | H | |
Forsvarsdepartementet | Karl Wefring | FrV | |
Sosialdepartementet | Odd S. Klingenberg | H | |
Handelsdepartementet | Johan Rye Holmboe | FrV | |
Arbeidsdepartementet | Cornelius Middelthon | H |
Riksrett mot statsminister Berge si regjering
endreAbraham Berge og seks av statsrådane, blant desse Venger, vart i 1926 stilt for riksrett. Regjeringa Berge hadde i 1923 løyvd pengar for å støtte Den norske Handelsbank, utan å informere Stortinget.
Den 14. juli 1926 trefte Odelstinget følgande vedtak:
«Det skal reisast riksrettssøksmål mot statsminister h. v. Abraham Berge og statsrådene O. Klingenberg, C.F. Michelet, C. Middelthon, J. Rye Holmboe, A. Venger og K.W. Wefring for at dei
- 1. ved ei ordning, som dei fekk til eller var med på i tidi 25.-31. mai 1923, let A/S Den norske handelsbank få eit innskot stort 25 millionar krunor i statsvekslar, og at dei ved dette gjekk fram på ein måte, som ikkje er samhøveleg med riksskipnaden;
- 2. i statsråd hjå Kongen den 19. januar 1924 ikkje kom fram med upplysning um innskotet på 25 millionar krunor i A/S Den norske handelsbank og let Kongen vedtaka ei misvisande uppgave til Stortinget yver dei innskot staten hadde i innanlandske banker;
- 3. den gongen dei ved fyrehavingane i Stortinget 7. og 8. april 1924 fekk vedteke framlegget um statsgaranti for A/S Den norske handelsbank for upp til 15 millionar krunor, dulde for Stortinget, at banken tidlegare hadde fenge statsstudnad på 25 millionar krunor, som då framleis var ståande i banken.»
Berge og statsrådane vart 25. mars 1927 likevel frikjende (under dissens) ut frå at dei hadde handla i beste meining.
Domsslutninga vart:
- «De anklagede, tidligere statsminister Abraham Berge og de tidligere statsråder Odd Klingenberg, Christian Fredrik Michelet, Cornelius Middelthon, Johan Rye Holmboe, Anders Venger og Karl Wefring, bør for Odelstingets tiltale i saken fri at være.»
Kjelder
endre- Riksrettstidende 1926-27
- Frå Riksrettens praksis Arkivert 2007-10-06 ved Wayback Machine., bakgrunnen for og utdrag frå dei åtte riksrettssakene
- «Abraham Berges regjering 30. mai 1923 - 25. juli 1924». Regjeringa.no. Henta 9. oktober 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Abraham Berges regjering» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2013.revisjon