Abraham Berge
Abraham Theodor Berge, (20. august 1851–10. juli 1936) var ein norsk politikar frå Lyngdal i noverande Vest-Agder fylke. Han var statsminister i Noreg frå 30. mai 1923 til 25. juli 1924. Berge representerte Frisindede Venstre og var ein av stiftarane av partiet. Tidlegare statsminister Otto Bahr Halvorsen døydde etter berre to månadar i statsministerstolen i si andre regjering. Regjeringa Halvorsen gjekk av 29. mai 1923. Berge gjekk inn for å fjerna alkoholforbodet, noko som gav den nye regjeringa problem. Stortingsfleirtalet kravde ny folkerøysting om alkoholforbod, og regjeringa fall.
Abraham Berge | |
Fødd | 20. august 1851 |
---|---|
Død | 10. juli 1936 Tønsberg |
Parti | Venstre, Frisindede Venstre (1906–) |
1. verv | Norsk statsminister |
- periode | 1923–1924 |
- regjering | Berge |
- føregangar | Otto B. Halvorsen |
- etterfylgjar | Johan Ludwig Mowinckel |
2. verv | Norsk finansminister |
- periode | 1923–1924 |
- regjering | Halvorsen II, Berge |
- etterfylgjar | Arnold Holmboe |
3. verv | Norsk finansminister |
- periode | 1910–1912 |
- regjering | Konow |
- etterfylgjar | Fredrik Ludvig Konow |
4. verv | Norsk kyrkje- og undervisingsminister |
- periode | 1907–1908 |
- regjering | Løvland |
- etterfylgjar | Karl Seip |
5. verv | Norsk finansminister |
- periode | 1906–1907 |
- regjering | Michelsen |
- etterfylgjar | Magnus Halvorsen |
Wikimedia Commons: Abraham Berge | |
RiksrettEndra
Abraham Berge og seks av statsrådane hans vart i 1926 utsett for riksrettstiltale. Regjeringa Berge hadde gjort løyvingar utan å informera Stortinget. Saka var frå 1923 og løyvingane var gjort for å stø opp om Handelsbanken. Berge og statsrådane vart frikjende. Eit mindretal røysta mot frikjenning. Vurderinga ved frikjenninga gjekk på at regjeringa hadde handla i beste meining.
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- Dødsdato frå NBL-artikkel om Berge, skriven av Sven Carstens.
- Biografisk informasjon om Abraham Berge NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv