Ach, lieben Christen, seid getrost
Ach, lieben Christen, seid getrost, BWV 114, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 114 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 1. oktober 1724 | ||
Publiseringsdato | 1876 | ||
Typisk lengd | 24:33 | ||
Satsar/akter | 7 |
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den 17. sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt i perioden 1740-1747 i Leipzig.
Teksten er henta frå Johannes Gigas (sats 1, 4, 7) og ein ukjend tekstforfattar.
Koraltemaet er basert på salmen «Wo Gott der Herr nicht bei uns hält». Ein kan spore denne melodien attende til samlinga Geistliche Lieder (redigert av Joseph Klug) i Wittenberg i 1529.
Instrumentering og struktur
endreStykket er instrumentert for to oboar, fløyte, to fiolinar, bratsj og basso continuo (valthorn lagt til for sats 1 og 7), samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av 7 satsar:
- «Ach, lieben Christen, seid getrost», Koral
- «Wo wird diesem Jammertale», Arie for tenor
- «O Sünder, trage mit Geduld», Resitativ for bass
- «Kein Frucht das Weizenkörnlein bringt», Koral for sopran
- «Du machst, o Tod, mir nun nicht ferner bange», Arie for alt
- «Indes bedenke deine Seele», Resitativ for tenor
- «Wir wachen oder schlafen ein», Koral
Kjelder
endre- «Ach, lieben Christen, seid getrost». Bach-kantater. Henta 14. april 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Piano- og songpartitur for BWV 114 på bach-cantatas.com