Ach Gott, vom Himmel sieh darein
Ach Gott, vom Himmel sieh darein (Å Gud, sjå ned frå himmelen), BWV 2, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 2 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 18. juni 1724 | ||
Publiseringsdato | 1851 | ||
Typisk lengd | 17:01 | ||
Tekst av | Vers 1 og 6 av Martin Luther (1524), 2-5 ukjend | ||
Toneart | g-moll |
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den andre sundagen etter treeiningssundag, som dette året var 18. juni, den første gongen stykket vart framført.
Teksten for denne dagen er Johannesevangeliet 3: 13-18 og Lukas 14: 16-24. Teksten til kantaten er frå ei salme skriven av Martin Luther i 1524[1], som er ei omskriving av Salme 12, i sats 1 og 6. Kven som har skrive vers 2-5 er ukjend.
Det homonyme koralteamet vart kodifisert av Martin Luther[2], men Paul Speratus hadde tidlegare nytta melodien i salmen «Es ist das Heil uns kommen her»[3]
Instrumentering og struktur
endreStykket er instrumentert for tromboner I-IV, oboar I/II, fiolinar I/II , bratsj, og basso continuo, tre songsolistar (alt, tenor, and bass) og firedelt kor.
Stykket er i seks satsar:
- (Coro): «Ach Gott, vom Himmel sieh darein» for kor, fiolin I og trombone I col Sopran, fiolin II, obo I/II og trombone II coll'Altstemme, bratsj og trombone III col Tenore, trombone IV col Basso og continuo.
- Recitativo: «Sie lehren eitel falsche List» for tenor og continuo.
- Arie: «Tilg, o Gott, die Lehren» for altus, fiolino solo og continuo.
- Recitativo: «Die Armen sind verstört» for bass, fiolinar I/II, bratsj og continuo.
- Arie: «Durchs Feuer wird das Silber rein» for tenor, strings og continuo.
- Korale: «Das wollst du, Gott, bewahren rein» for kor, fiolin I, obo I/II og trombone I col Sopran, fiolino II og trombone II coll'Altstemme, bratsj og trombone III col Tenore, trombone IV col Basso og continuo.
Tekst
endre
1. (Coro) |
2. Recitativo (tenor) |
3. Arie (alt) |
4. Recitativo (bass) |
5. Arie (tenor)
|
6. Koral |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ach Gott, vom Himmel sieh darein, BWV 2» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Craig Smith, Programme notes - BWV 2 Arkivert 2008-06-06 ved Wayback Machine., Emmanuel Music.
- Walter F. Bischof, Text og orchestration for BWV 2, Bach Cantatas, University of Alberta.
- ↑ Luther, Martin. The Hymns of Martin Luther: Set to their original melodies; with an English version. red. Bacon, Leonard Woolsey and Allen, Nathan H.
- ↑ Julian, John, red., A Dictionary of Hymnology: Setting forth the Origin and History of Christian Hymns of all Ages and Nations, Second revised edition, 2 vols., n.p., 1907, reprint, New York: Dover Publications, Inc., 1957, 1:322-25
- ↑ Crist, Stephen A. Early Lutheran Hymnals and Other Musical Sources in the Kessler Reformation Collection at Emory University, Notes - Volume 63, Number 3, March 2007, s. 503-528.
Bakgrunnsstoff
endre- Piano og vokalnotar for BWV 2 på bach-cantatas.com
- Diskusjon om verket på bach-cantatas.com