Acipenser
Acipenser er ei slekt primitive beinfisk i størfamilien som lever i kaldt eller temperert vatn på den nordlege halvkula. Dei kan bli særs store, eksemplar frå 1 til over 5 meter er kjende. Artane er òg kjende for å kunne bli gamle. Dei kan halda til i ferskvatn og estuar i Eurasia og Nord-Amerika. Mange artar kan også vandra ut i havet nær kysten. Dei fleste artane i slekta er truga.[1]
Acipenser | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Strålefinnefiskar Actinopterygii |
Orden: | Acipenseriformes |
Underorden: | Acipenseroidei |
Familie: | Størfamilien Acipenseridae |
Slekt: | Acipenser Linnaeus, 1758 |
I norske farvatn er det registrert ein art frå slekta, europeisk stør (Acipenser sturio). Etter at dei nordtyske bestandane vart utrydda har det likevel vore særs få funn.
Rogna til støren vert seld som kaviar og vert rekna som den beste.
Kjenneteikn
endreStørar er avlange fisk med kroppar som nesten er sylindriske. Ryggen er svakt bogeforma, og undersida er relativt flat. Dei manglar skjel, men har fleire rekkjer store beinplater langsetter ryggen. Munnen sit på undersida av hovudet og kan skytast fram som eit røyr. Framfor han har dei skjeggtrådar.
Halefinnen til størane er asymmetrisk og hai-liknande, og har ryggvirvlar i den øvste halvdelen. Skjelettet er elles òg bruskaktig, men me reknar dei til beinfiskane på grunn av beinplatene dei har i ryggen.
Levesett
endreDei fleste størane er anadrome, men det finst òg ferskvasstasjonære former. Dei veks opp langt nede i store elvar, og brukar lang tid på å bli kjønnsmogne. Ungane et insektlarvar, muslingar, små krepsdyr og vassplantar i tre-fire år, før dei vandrar ut i salt- eller brakkvatn.
Mesteparten av vektauka til støren skjer her. Det er òg her dei vert kjønnsmogne, ofte etter så mykje som 4-11 år. Hannar vert fortare kjønnsmogne enn hoene. Dei lever av små botndyr dei syg ut av slam og sand med sugemunnen sin. I den siste tida før dei gyter fastar dei likevel; gyteindivid vert som regel funne utan mageinnhald.
Gytetida er oftast om våren, på 2-10 m djup i elvar med sterk straum og grusbotn. Egga festar seg fort til substratet, og det er ofte fleire millionar av dei. Det tek om lag ei veke før dei klekkjer, og larvane veks fort.
Nolevande artar
endreDet finst 17 nolevande artar:[1]
- Acipenser baerii J. F. Brandt, 1869
- Acipenser baerii baerii J. F. Brandt, 1869 (Siberian sturgeon)
- Acipenser baerii baicalensis A. M. Nikolskii, 1896 (Baikal sturgeon)
- Acipenser baerii stenorrhynchus A. M. Nikolskii, 1896
- Acipenser brevirostrum Lesueur, 1818 (Shortnose sturgeon)
- Acipenser dabryanus A. H. A. Duméril, 1869 (Yangtze sturgeon)
- Acipenser fulvescens Rafinesque, 1817 (Lake sturgeon)
- Acipenser gueldenstaedtii J. F. Brandt & Ratzeburg, 1833 (Russian sturgeon)
- Acipenser medirostris Ayres, 1854 (Green sturgeon)
- Acipenser mikadoi Hilgendorf, 1892 (Sakhalin sturgeon)
- Acipenser naccarii Bonaparte, 1836 (Adriatic sturgeon)
- Acipenser nudiventris Lovetsky, 1828 (Fringebarbel sturgeon)
- Acipenser oxyrinchus Mitchill, 1815 (Atlanterhavstør)
- Acipenser oxyrinchus desotoi Vladykov, 1955 (Gulf sturgeon)
- Acipenser oxyrinchus oxyrinchus Mitchill, 1815 (Atlantic sturgeon)
- Acipenser persicus Borodin, 1897 (Persian sturgeon)
- Acipenser ruthenus Linnaeus, 1758 (sterlett)
- Acipenser schrenckii J. F. Brandt, 1869 (Japanese sturgeon)
- Acipenser sinensis J. E. Gray, 1835 (Chinese sturgeon)
- Acipenser stellatus Pallas, 1771 (Starry sturgeon)
- Acipenser sturio Linnaeus, 1758 (stør)
- Acipenser transmontanus J. Richardson, 1836 (White sturgeon)
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Froese, Rainer and Pauly, Daniel, red. (2019). Artar i Acipenser i FishBase. Versjonen frå mai 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Acipenser hos Artsdatabanken
- (en) Acipenser – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Acipenser i Encyclopedia of Life
- (en) Acipenser i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Acipenser hos Dyntaxa
- (en) Acipenser hos Fauna Europaea
- (en) Acipenser hos Fossilworks
- (en) Acipenser hos ITIS
- (en) Acipenser hos NCBI
- (en) Kategori:Acipenser – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Acipenser – detaljert informasjon på Wikispecies