Ahmadabad

(Omdirigert frå Ahmedabad)

Ahmadabad eller Ahmedabad er den største byen i den indiske delstaten Gujarat. Han ligg ved munningen av elva Sabarmati, og er eit viktig samferdsleknutepunkt og industrisenter. Delstatshovudstaden Gandhinagar er ein forstad til Ahmadabad.

Ahmedabad
Amdavad
Karnavati
by
Land  India
Delstat Gujarat
Distrikt Ahmedabad
Del av Central Gujarat
Høgd 53 moh. [1]
Koordinatar 23°02′N 72°35′E / 23.03°N 72.58°E / 23.03; 72.58
Areal 7 700 km²
Folketal 5 570 585  (2011)
 - storby 6 352 254
Folketettleik 723 / km²
Grunnlagd 1411
Språk Gujarati, Hindi and English
Tidssone IST (UTC+5:30)
Postnummer 380 0XX
Retningsnummer 079
Kart
Ahmadabad
23°01′19″N 72°34′47″E / 23.021944444444°N 72.579722222222°E / 23.021944444444; 72.579722222222
Wikimedia Commons: Ahmedabad
Nettstad: http://www.egovamc.com/
Kjelder: Folketeljinga i India.[2]

Sjølve byen har rundt 5,5 millionar innbyggjarar, medan storbyområdet har over 6 millionar. Ahmadabad er dermed den 5. folkerikaste byen i India.

Historie endre

 
Bhadra-festningen blei grunnlagd samtidig med byen, i 1411.

Ahmadabad blei grunnlagd av sultan Ahmad Shah av Gujarat i 1411, like ved den eldre byen Karnavati som han nett hadde erobra. Ahmadabad voks etterkvart til og slukte opp tidlegare busetnader.

Mahmud Begada, som var soneson av Ahmad Shah, reiste ein bymur med ei lengd på 10 km og med 12 portar i 1487, Byen blei halden ei kort tid i 1535 av stormogulen Humayun, og blei teken for godt av mogulane under Akbar den store i 1573. Ahmadabad var residensby for mogulane fram til 1758, då han blei overteken av Marathariket.

Under mogulane blei Ahmadabad eit av dei viktigaste handelssentera i riket. Varer, særleg tekstilar, blei eksportert så langt unna som til Euopa. Det britiske austindiakompaniet var verksame i byen frå 1619.

Stormogul Shahjahan budde i Ahmadabad i mange år, og reiste bygningen Moti Shahi Mahal.

Byen blei råka av den store hungersnauden i Deccan i 1630–32 og i hungersnauder i 1650 og 1686.

 
Den gamle børsen i Ahmedabad.

Under Marathariket var byen åstad for ein konflikt mellom to klanar, pesjvaene frå Poona og Gaikvad-herskarane frå Baroda. I 1780 blei byen teken av britane under den første anglo-marathiske krigen, men gjeven tilbake ved slutten av krigen. Det britiske austindiakompaniet tok permanent kontroll i 1818, under den tredje anglo-marathiske krigen. Ein militærgarnison blei skipa her i 1824 og ei lokal styresmakt i 1858.

 
Frå Sabarmati-ashramen.

Ahmadabad var eit sentrum for den indiske sjølvstenderørsla etter at Mahatma Gandhi skipa to ashramar her i 1915 og 1917. Under protestaksjonane mot Rowlatt Act, som innførte permanent unntakstilstand i India, brann demonstrantar ned 51 offentlege bygningar i byen. I 1930 byrja Gandhi saltmarsjen sin herfrå. Store fredelege demonstrasjonar gjorde kolonistyresmaktene uverksame her tidleg i 1930-åra og igjen i 1942. I tida like før og etter delinga av Britisk India førte konflikta mellom hinduar og muslimar til opptøyar i byen. Etter delinga busette mange hinduar som hadde flytta frå Pakistan i Ahmadabad.

Byen såg uro i 1974 under protestar mot sjefsminister Chimanbhai Patel og på 1980-talet under konfliktar om kastekvotar. Jordskjelvet i Gujarat i 2001 øydela fleire høge bygningar i byen. Under opptøyane i Gujarat i 2002 blei Ahmadabad igjen råka av religiøse opptøyar, samstundes som det blei laga leirar for flyktningar frå valden rundt byen.

I 2008 blei Ahmadabad råka av 21 eksplosjonar som drap 56 menneske. Den militante gruppa Harkat-ul-Jihad tok på seg ansvaret. I mai 2010 blei byen råka av ei hetebølgje der temperaturen blei så høg som 46,8 °C. Fleire hundre omkom, og byrådet (Ahmedabad Municipal Corporation, AMC) fekk seinare laga ein heteplan for innbyggjarane her.

Samferdsle og industri endre

Ahmadabad har jernbanelsamband med mellom anna Mumbai og Delhi.

Han er ein av dei største industribyane i India, og har særleg mange bomullsfabrikkar. Ahmadabad har eit stort tekstilmuseum, Calico Museum of Textiles.

Handelshøgskulen Indian Institute of Management ligg her.

Bygningar endre

 
Djainempelet Hathi Singh i Ahmadabad. Fotografi frå 1913.
 
Gujarat College-bygning.

Ahmadabad er delt i to av elva Sabarmati, og har ein austleg og ein vestleg del med sine særmerke. Det finst mange døme på ulik arkitektur her, som hindu-, muslimsk og djainarkitektur, europeisk-inspirert og modernistisk arkitektur utforma av Louis Kahn, Le Corbusier og Frank Lloyd Wright.

Blant turistattraksjonane kan nemnast mange storslåtte byggverk frå glansperioden på 1400–1500-talet, blant anna fleire moskear som Sidi Saiyyed-moskeen. Kankaria er ein kunstig innsjø laga i 1451 og har ein tilknytt park.

Det finst ei rekkje minnesmerke etter Mahatma Gandhi, mellom anna Sabarmati-ashramen.

Kamla Nehru Zoological Park er heim til fleire truga artar, som flamingoar, caracalar, asiatisk ulv og chinkara.

Kjelder endre

  1. mhupa.gov.in/ray/csmc_ppt/6th-csmc-Ahmedabad-AHP.pdf
  2. «Ahmadabad (Ahmedabad) District : Census 2011 data». census2011. Henta 28 May 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ahmadabad