Ain't That a Shame
Ain't That a Shame Singel av Fats Domino frå albumet Rock and Rollin' with Fats Domino | ||
B-side |
«La-La» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. april 1955 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 2:16 | |
Selskap | Imperial | |
Komponist | Fats Domino, Dave Bartholomew | |
Tekstforfattar | Fats Domino, Dave Bartholomew | |
Låtskrivar(ar) | Antoine Domino, Dave Bartholomew | |
Fats Domino-kronologi | ||
«Don't You Know»
(1955) |
Ain't That a Shame | «All by Myself»
(1955)
|
Ain't That a Shame! Singel av The Four Seasons frå albumet Ain't That a Shame and 11 Others | ||
B-side |
«Soon (I'll Be Home Again)» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1963 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:36 | |
Selskap | Vee-Jay Records | |
Komponist | Fats Domino, Dave Bartholomew | |
Tekstforfattar | Fats Domino, Dave Bartholomew | |
Låtskrivar(ar) | Antoine Domino, Dave Bartholomew | |
Produsent | Bob Crewe | |
ja-kronologi | ||
«Walk Like a Man»
(1963) |
Ain't That a Shame! | «Candy Girl»
(1963)
|
Ain't That a Shame Singel av Cheap Trick frå albumet Cheap Trick at Budokan | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1979 | |
Sjanger | Powerpop, hardrock | |
Lengd | 5:10 | |
Selskap | Epic | |
Komponist | Fats Domino, Dave Bartholomew | |
Tekstforfattar | Fats Domino, Dave Bartholomew | |
Låtskrivar(ar) | Antoine Domino, Dave Bartholomew | |
Produsent | Cheap Trick | |
ja-kronologi | ||
«I Want You to Want Me»
(1979) |
Ain't That a Shame | «Dream Police»
(1979)
|
«Ain't That a Shame» er ein song skriven av Fats Domino og Dave Bartholomew. Domino si innspeling av songen vart gjeven ut av Imperial Records i 1955,[1] og vart ein hit som etter kvart selde over ein million eksemplar. Han nådde toppen av Billboard R&B-lista og tiandeplassen på pop-lista.[2] Songen vart rangert på 438. plassen[3] på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Songen vart nasjonalt kjend då han vart spelt inn p ny av den kvite artisten Pat Boone.[4] Domino sin versjon vart etter kort tid òg populær, og førte musikken hans ut til dei store massane, kring seks år etter den første innspelinga hans, «The Fat Man».[5]
Etter «Ain't That a Shame» byrja kjende artistar å spele inn Domino sine songar. Teresa Brewer spelte til dømes utgåva til Domino av folkevisa «Bo Weevil».
Ein versjon av songen av Four Seasons klartra til 22. plassen på Billboard-lista i 1963.[6]
I følgje segna skal Pat Boone ha føreslått å endre tittelen og teksten til «Isn't That a Shame» for å gjere han meir tiltalande for eit vidare publikum, men dette vart avvist av produsentane.[7] Likevel vart innspelinga til Boone frå 1955 den første songen hans som gjekk til topps på Billboard-lista. Domino sa han likte Boone-versjonen av songen.[4] Boone likte å fortelje ei soge om ein konsert der Domino inviterte Boone på scenen og synte fram ein stor gullring og sa «Pat Boone kjøpte meg denne ringen.»[8]
«Ain't That a Shame» var den første songen John Lennon lærte å spele. Han spele seinare inn songen på albumet Rock 'n' Roll.[9]
I film
endreDomino framførte songen i filmen Shake, Rattle & Rock!. Songen er blitt nytta i filmane American Graffiti, October Sky, L.A. Story, School Ties og Mischief.
Cheap Trick-versjonen
endreCheap Trick sin versjon nådde 35. plassen på singellista i USA etter han kom ut på konsertalbumet deira Cheap Trick at Budokan. Cheap Trick framførte songen som siste nummer då dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Med seg på scenen hadde dei Robert Lamm, James Pankow, Lee Loughnane og Walter Parazaider frå Chicago, David Coverdale og Glenn Hughes frå Deep Purple, Steve Miller, Sheryl Crow, Grace Potter, Steven Van Zandt, Rob Thomas og Paul Shaffer.
Salslister (Cheap Trick-versjonen)
endreLister (1979) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 35 |
Canadian RPM Top Singles | 10 |
Den nederlandske singellista | 25 |
Den newzealandske singellista | 24 |
Andre versjonar
endre- Pat Boone i 1955. Singelen gjekk til topps på Billboard Most Played in Jukeboxes-lista.
- The Four Seasons i 1963 på Ain't That A Shame and 11 Others
- John Lennon i 1975 på Rock 'n' Roll.
- Tanya Tucker i 1976 på Lovin' and Learnin'.
- Brownsville Station i 1977 på albumet Brownsville Station.
- Mud i 1982.
- Paul McCartney i 1988 på Снова в СССР, så i 1990 på Tripping the Live Fantastic.
- Pat Torpey spelte Cheap Trick-versjonen i 1999 på Y2K.
- Hank Williams jr. i 2007 frå albumet American Legends: Best Of The Early Years
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ain't That a Shame» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Domino, Fats. «The Story of Fats Domino's 'Ain't That a Shame'». NPR. Henta 13. juli 2017.
- ↑ «Fats Domino | Awards». AllMusic. 26. februar 1928. Henta 13. juli 2017.
- ↑ Rodman, Sarah. «Fats Domino, 'Ain't It a Shame' - 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Henta 13. juli 2017.
- ↑ 4,0 4,1 «Show 6 – Hail, Hail, Rock 'n' Roll: The Rock Revolution Gets Underway. [Part 2]». Digital.library.unt.edu. 20. oktober 2015. Henta 13. juli 2017.
- ↑ Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Wisconsin: Record Research. s. 122. ISBN 0-89820-068-7.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits (8th utg.). Record Research. s. 237.
- ↑ Cavallo, Dominick (1999). A Fiction of the Past: The Sixties in American History. New York: St. Martin's Press. s. 151. ISBN 0-312-21930-X.
- ↑ [1] Arkivert August 23, 2009, ved Wayback Machine.
- ↑ «Ain't That A Shame by Fats Domino Songfacts». Songfacts.com. Henta 13. juli 2017.
Bakgrunnsstoff
endre439: «Midnight Train to Georgia» Gladys Knight and the Pips |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 438 «Ain't It a Shame» Fats Domino |
437: «White Man in Hammersmith Palais» The Clash |