Ein aktiv komponent er ein elektronisk komponent som får tilført energi frå ein energiforsyningsmodul, vert styrt av eit inngangssignal og gjev ut eit signal med større effekt enn inngangssignalet. Radiorøyr, transistorar, operasjonsforsterkarar, spenningsregularar er døme på som aktive element.

Transistorar.

Røyr endre

Dei fyrste aktive komponentane var elektronrøyr også kalla radiorøyr. Denne teknologien vart nytta både for analog og digital elektronikk. Etter at transistoren vart tilgjengeleg gjekk bruken av røyr kraftig tilbake og i dag vert dei berre nytta til spesile føremål, som i audioforsterkarar, kraftige radiosendarar og i elektronikk som skal vera motstandsdyktig mot kjerneeksplosjonar.

Halvleiarkomponentar endre

Halvleiarar som silisium og germanium har vorte mykje nytta i transistorar og ICar. Dei elektriske eigenskapane åt halvleiarmateriala kan manipulerast ved å tilsetja små mengder av andre grunnstoff som arsen og indium. Ved kontrollert tilsetjing av slike stoff kan ein lage komponentar som til dømes diodar og transistorar.

Diskrete halvleiarkomponentar endre

Diskrete halvleiarkomponentar femnar om diodar, transistorar, tyristorar, triacar, osb.

Integrerte krinsar endre

Både analoge og digitale krinsar vert ofte samla saman og baka inn på ei silisiumbrikke. Slike brikker kallar me integrerte krinsar (IC). Med kvart som den kjemiske prosessteknologien vert betre, kan støtt fleire komponentar samlast på den same brikka. Med dagsens prosessteknologi er transistorlengder på 180 nanometer og leiarbreidder på 90 nanometer vorte vanleg.

Blanda teknologi vert ofte nytta som nemning på integrerte krinsar som inneheld både analoge og digitale krinsar. Typiske døme på slike krinsar er AD-omformarar og DA-omformarar, men sensorar, som til dømes aksellometre, gyroar osb. har ofte innebygg noko elektronikk for å utføra enkel signalhandsaming lokalt.

Sjå òg endre