67°50′5.4240″N 20°14′47.454″E / 67.834840000°N 20.24651500°E / 67.834840000; 20.24651500

Ala Lompolo.

Ala Lompolo, eller Ala Lombolo, er ein grunn, drygt 25 hektar stor myrsjø, like sør for Kiruna, og like ved busetnaden Lombobo strand. Sjøen er den mest forgifta innsjøen i Norrbottens län.

Økologi endre

Dyreliv endre

Det biologiske mangfaldet i Ala Lompolo er marginalt og avgrensa på grunn av den kraftige foreininga og den til dels oksygenfrie tilstanden her. Livet på sjøbotn er dominert av fjørmygglarver, men det er òg ertemuslingar og vassmiddar der.

Det ser ut til at større fisk har vore fråverande frå sjøen på lang tid. På byrjinga av 1990-talet vart det gjennomført fiske på sjøen med tanke på prøvetakningar, men det vart ikkje fanga fisk der, trass i fleire forsøk. Tidlegare hadde mellom anna større aurar og røyer svømt i innsjøen. Småfisk, truleg nipigga stingsild, finst derimot framleis, både i innsjøen og i Luossajoki.

Fuglefaunaen er på hi sida mangearta. Mange fuglar hekkar og kviler i det grunne vatnet, deriblant horndykkar, toppand, siland og hettemåse.

Planteliv endre

Over- og undervassvegetasjon er minimal, og er avgrensa til dei grunnare delane av innsjøen. I den sørvestlege delen av sjøen er plantelivet størst. Rundt sjøen finn ein vier, starr og skogar av fjellbjørk.

Miljøproblem endre

Forureining endre

Det var på byrjinga av 1990-talet, i samband med LKAB sine undersøkingar før tømming av den sørlege delen av Luossajärvi, at ein først oppdaga krisetilstandane i innsjøane. Fisken var borte, og sjøen inneheldt store mengder miljøgifter.

Botnsediment inneheld høge verdiar av diverse tungmetall, spesielt kvikksølv; 230 kg ligg på botnen, og innsjøen har teke stor skade av dette. Utover kvikksølv blir sedimentet berekna til å innehalde ti tonn sink, tre tonn kopar, 1,6 tonn bly, éit tonn molybden og 33 kg kadmium. Det er ikkje heilt klårt kvar kvikksølvet kjem frå, dei tidlegare bruken til LKAB av kvikksølvsaltar ved malmanalysar er ei mogleg årsak. I tillegg er det 17 000 ustabile granatar i innsjøen, som Sveriges forsvar dumpa ein gong på 1950-talet, og dessutan høge verdiar av PCB.

Dei ekstreme forureiningane i Ala Lompolo har ført til at mellom anna fjærmygg har utvikla tydeleg misdanna munndelar.

Tiltak endre

Sanering av Ala Lompolo er aktuelt, då sjøen er kjelde for elvar som blir teke opp av Torne älv, noko som påverkar heile vassystemet nedstraums. For høge verdiar av kvikksølv er konstatert i mellom anna gjedde i Jukkasjärvi sidan byrjinga av 1990-talet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre