Albert Jacobsen

norsk politikar

Albert Marius Jacobsen (22. august 183817. oktober 1909) var ein norsk offiser og politikar for Venstre. Han var far til statsråd Rolf Jacobsen.

Albert Jacobsen
Fødd22. august 1838
Kristiansund kommune
Død17. oktober 1909 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, offiser, revisor
BarnRolf Jacobsen
Alle verv

Jacobsen var fødd i Kristiansund, far hans var distriktslege. Sjølv vart han student i 1855, kadett to år seinare. Utnemnd 1861 til sekondløytnant i 1. brigade, premierløytnant 1877 og kaptein 1877. 1867-77 var han elles lærar og til sist styrar av borgarskulen på Kongsvinger. Frå 1868 til -75 redigerte han Hedemarkens Amtstidende.

Han tok avskjed frå det militære i 1880, fordi han vart nekta å bu i Christiania for å kunne delta i militærkomiteen sine møte mellom sesjonen 1880-81. Han vart i 1881 vald til statsrevisor, ei stilling han hadde til 1888. Krigskommissær for Kristiansands distrikt, busett i Larvik frå 1888. I 1897 fekk han tilsvarande stilling i Tromsø stift.

Jacobsen var 1878 medlem av intendanturkommisjonen, sidan av kommisjonen om vernepliktslova og omorganiseringa av hæren 1884-87.

Jacobsen var stortingsmann frå 1877, som representant for Hedemarkens Amt. Han vart attvald i 1880 og 1883, samt vald for Buskerud Amt i 1886. Frå 1884 representerte han Venstre. På alle Storting var han medlem av militærkomiteen, formann frå 1882. Han var også medlem av traktatkomiteen 1882-83 og av valkomiteen 1883-88.

Jacobsen døydde i Bodø i 1909.

Kjelder

endre
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

endre