Aleksandra Ekster
Aleksandra Ekster (18. januar 1882–17. mars 1949) var ein russisk avantgardistisk kubofuturistisk/suprematistisk kunstnar og formgjevar.
Aleksandra Ekster | |
Pseudonym | Exster, Aleksandra Aleksandrovna, Ekster, Aleksandra Aleksandrovna |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Sovjetunionen |
Fødd | 6. januar 1882 Białystok |
Død |
17. mars 1949 (67 år) |
Yrke | kunstmålar, kostymedesignar, illustratør, scenograf, grafikar, designar, kunstnar, tekstilkunstnar |
Språk | russisk |
Medlem av | Supremus |
Aleksandra Ekster på Commons |
Liv
endreEkster var fødd Aleksandra Aleksandrovna Grigorovitsj i Bialystok i Polen som dotter av den velståande kviterussiske forretningsmannen Oleksandr Hryhorowycz. Ho fekk ei grunding privatutdanning i språk, musikk og kunst på gymnas i Kiev. Seinare utdanna ho seg i måleri ved kunstakademiet i Kiev, der læraren hennar var den ukrainske kunstnaren Mykola Pymonenko. Der vart ho ven med store ukrainske artistar som Oleksandr Bohomazow og Alexander Archipenko. År 1903 gifte ho seg med advokaten Mykola Exter. Nokre år seinare, ca. 1907, flytta ho til Paris, der ho studerte fleire månader på Académie de la Grande Chaumière. Mellom 1908 og 1937 hadde ho utstillingar i Paris, Roma, Berlin, London, New York, Praha, Kiev, Odessa, St. Petersburg og Moskva.
I 1914 deltok Aleksandra Ekster i Salon des Indépendants i Paris saman med Kasimir Malevitsj, Oleksandr Archypenko, Vadim Meller, Sonia Delaunay-Terk og andre artistar og i Internasjonale futuristutstillinga i Roma saman med Alexander Archipenko, Nikolai Kulbin og Olga Rozanova. I 1915 slutta ho seg til den avantgardistiske artistgrupperinga suprematistane.
I åra like etter den russiske revolusjonen i 1917 var Aleksandra Ekster ein av dei ledande avantgarde-kunstnarane i Ukraina. I 1919 laga ho og artistkollegaer dekorasjonar i abstrakt stil for gater og plassar i Kiev og Odessa i samband med revolusjonsfeiringane.
I 1924 skapte Ekster kostyme og delar av scenografien for science fiction-filmen Aelita. Seinare same år emigrerte paret Ekster til Frankrike og busette seg i Paris. Alexandra Exter blei først tilsett som professor ved Academie der Moderne og seinare, 1926-30 ved Fernand Légers Académie d'Art Contemporain. 1936 deltok ho i samlingsutstillinga Cubism and Abstract Art i New York hadde ei mengd soloutstillingar i Praha og Paris. Frå 1936 jobba ho som bokillustratør for Parisförlaget Groupe Flammarion der ho var verksam fram til ho døydde i 1949.[1]
Galleri
endre-
Ein menade på ein plakat for Innokentij Annenskij sitt Famira Kifared på Moskvas romteater i 1916.
-
Skisse frå 1924.
Kjelder
endre- ↑ Bing & Bringsværd (2010) Dobbelgjengere: Om maskinmennesker og menneskemaskiner i fantastisk litteratur, Frå Take me to your leadrer! The great escape into space, red. Stina Högkvist, sid:73-75, ISBN 978-82-8154-053-8
- Denne artikkelen bygger på «Aleksandra Ekster» frå Wikipedia på bokmål, og «Alexandra Exter» frå Wikipedia på svensk den 29. september 2019.