Kolbjørn Hauge

norsk forfattar

Kolbjørn Hauge (2. april 192615. august 2007) var ein norsk forfattar fødd på Kyrkjøy i Finnøy kommune i Rogaland.

Kolbjørn Hauge
Fødd 2. april 1926
Finnøy
Død

15. august 2007 (81 år)

Yrke bonde, skribent, lærar, krimforfatter

BakgrunnEndra

Hauge voks opp på Kyrkjøy, ei av Sjaernarøyane i Ryfylke. Han busette seg seinare i Stavanger. Gjennom livet arbeidde han som stein- og jordarbeidar, gardsgut, gartnar, fiskar, vegarbeidar, kontorist, sjømann og lærar. Han var utdanna adjunkt, med fire år på Stord lærarhøgskule i 1951 og vidareutdanning i gymnastikk, forming, historie, spesialpedagogikk og pedagogisk rettleiing. Han underviste i alle ledd i folkeskulen og på lærarhøgskule.

ForfattarEndra

Hauge slo gjennom som skjønnlitterær forfattar i 1993 med kriminalromanen Heit juice, som same år sigra i ei konkurranse om beste kriminalroman. Hauge skreiv fagbøker, barnebøker og prisløna klassiske krimromanar frå vestnorsk bygdemiljø.

Hauge skreiv mykje på nynorsk. Forfattaren Alfred Hauge var ein eldre bror.

BibliografiEndra

FagprosaEndra

  • Bedre timer– Fagbok i pedagogikk (1986)
  • Fra protest til parti – Politisk historie (1987)
  • Stor norsk rimordbok – Ordbok (1990)
  • Ryfylke - heimstad for gråstein og lengsel (red.) – Dokumentar (1998)
  • Grøne øyer, blå fjord – Dokumentar (2001)
  • Historia om korleis lydane fekk bokstavar – Fagbok (2001)

SkjønnlitteraturEndra

  • Onsdagsranaren – Barnebok (1991)
  • Kofferten – Kriminalroman (1991)
  • Heit juice – Kriminalroman (1993)
  • Død mann i boks – Kriminalroman (1995)
  • Nei men, Sofus! – Barnebok (1996)
  • Til jord skal du bli – Kriminalroman (1997)
  • Hitlers labyrint – Barnebok (1998)
  • Over mitt lik – Kriminalroman (1999)
  • Nord og ned – Kriminalroman (2003)
  • To perfekte mord og andre kriminelle historier – Noveller (2004)

PrisarEndra

  • Aschehougs konkurranse om beste norske spenningsroman 1993, for Heit juice
  • Sunnmørsprisen 1993, for Heit juice
  • Rivertonprisen 1995, for Død mann i boks

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Kolbjørn Hauge