Ålrekstad

(Omdirigert frå Alrek)

Ålrekstad eller Alrek er ein grunnkrets i Bergen kommune. Alrek ligg i Årstad som har vore ein eigen kommune og som no er ein bydel i Bergen. Her låg i vikingtida ein av dei eldste kongsgardane i Noreg og det har vore ein kjøpmannshovudgard. I dag er dette ein spesialskule for Bergen kommune.

Minneplata ved inngangen til Alrekstad Skole.

Historie endre

I Norrøn tid hadde staden namnet Alrekstaðir. Alrekstad var ein av dei kongsgardane langs den sørvestnorske kysten der Harald Hårfagre og etterfølgjarane hans tok opphald på 900-talet før det kom opp byar i Noreg. Etter Slaget ved Fitjar omkring år 960 var Kong Håkon den Gode på veg til Alrekstad då han døydde av banesåret i Håkonshella.

Ifølgje Snorre Sturlasson sin saga om Håkon den gode 32, etter slaget Fitjar:

Og daa de leid ut paa dagen, so ormegta kongen; han segjer daa, at han vil fara nord til garden sin Aalreksstad. Men daa dei kom nord til Haakonarhella, lagde dei aat der, og daa var kongen nær paa og skulde døy.[1]

Som kongssete var Alrekstad eit viktig utgangspunkt for byutviklinga i Bergen. Årstadgeilen som går frå Alrek til Store Lungegårdsvannet er det eldste gateløpet i Bergen. Namnet på store Lungegårdsvannet kjem av Lungegården som i mellomalderen hadde namnet Alrekstadvågen etter kongsgarden Ålrekstad.

I 26 år styrte Olav Kyrre landet frå Alrekstad. Kongsgarden var hovudstaden i landet. Olav Kyrre styrte med visdom og fredsvilje i ei tid med framgang for landet. Ein tur til området der den gamle kongsgården låg viser raskt at staden ikkje var tilfeldig vald. Staden har ein strategisk plassering. I aust reiser det majestetiske Ålreken (Ulriken) seg, i forgrunnen ligg Ålrekstadvågen, Store Lungegårdsvannet, i nord Ålrekstadvannet, i dag Svartediket. Sentralt i landskapet ligg òg Skinhosa, i dag Puddefjorden. Det var på Alrekstad Olav Kyrre bestemte seg for å grunnlegge byen Bjørgvin. Her sat han og skoda utover Vågen, til området på Holmen og planla bygging av den store Kristkyrkja, domkyrkja for heile Vestlandet.

På ein sentral kongsgard som Alrek må det ha stått ei trekyrkje i den eldste kristne tida her i landet, kanskje alt i Håkon den gode sine dagar. Seinare stod det ei steinkyrkje her Det Hellige Korskirke som først vart nemnd i år 1395, men som truleg er langt eldre, kanskje oppført alt på 1100-talet. Kyrkja vart rive på 1600-talet og steinane vart nytta til å bygge små murer langs Årstadgelien. I 1277 testamenterte Magnus Lagabøte Alrekstad kongsgard til Nonneseter Kloster. Eigedomen vart halden i hevd til reformasjonen, då Vincens Lunge sørgde for at både kloster og kongsgard forfall. På 1800-talet var Årstadvollen ekserserplass. I 1898 kjøpte Bergen kommune området.

Søndag 10. september 2000 vart ei minneplate avduka ved inngangspartiet til Alrekstad skule, støtta av Årstad kyrkjelyd og Årstad skule.

I området endre

Alrek studenthjem ligg rett ved sidan av Alrekstad skule og ein har utestaden Club Alrek i kjellaren på studentbustaden. Brann stadion, Haukelandshallen og Haukeland sykehus ligg òg i Årstad.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Kjelder i tekst endre

  1. omsett av S. Schjött. «Heimskringla».