Amazonpapegøyar

slekt av papegøyefuglar
(Omdirigert frå Amazona)

Amazonpapegøye er det vanlege namnet for ein papegøye av slekta Amazona. Dette er mellomstore papegøyar med naturleg leveområde i «den nye verda», frå Sør-Amerika til Mexico og Karibia.

Amazonpapegøyar
Skjelgranamazon, Amazona pretrei Foto: Paulo Barradas
Skjelgranamazon, Amazona pretrei
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Amazonpapegøyar Amazona
Lesson, 1830

Dette er ganske store, grøne papegøyar med karakteristiske fargemønster i ansiktet og vanlegvis ein farga speculum vengspegel på armsvingfjørene, hovudsakleg synlege i flukt. Mange har ein naken kvit eller lys augering og nokre få har raudt på skuldrene. Kvar art har sitt karakteristiske rop, utan lætet kan det vere vanskelege å fastsetje arten.[1]

Karakteristisk for alle i slekta er flukta som går høgt, med stive og korte vengeslag.[1] Dei flyg ofte parvis i store flokkar mellom staden for beiting og for nattkvile. Halane er noko rektangulært forma. Dei beitar oppe i trekronene[1] og lever hovudsakleg på frø, nøtter og frukt, supplert med lauvverk.

Amazonpapegøyar varierer i storleik frå ca. 25 cm til 45 cm, dei fleste er relativt store papegøyar, frå ca. 30 til 38 centimeter i lengd. Dei minste artane er kvitpanneamazon,[2] som lever i Mexico og Mellom-Amerika, og dvergamazon,[3] endemisk for Jamaica. Den største er keisaramazon, ein trua art som er endemisk for Dominica.[4]

Mange amazonpapegøyar har ei oppsiktsvekkjande evne til å etterlikne menneskeleg tale og andre lydar. Delvis på grunn av dette er dei populære som kjæledyr eller burfuglar, og ein liten industri er utvikla med avlspapegøyar i fangenskap for denne marknaden. Denne populariteten har ført til at mange papegøyar blir tatt ut frå naturen i den grad at nokre artar har vorte truga. For å verne ville populasjonar, har CITES-traktatar har gjort fangst ville papegøyar for handel ulovleg.

Artslista

endre

Amazonaspapegøyar etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[5] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[6] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist:[7]

  • Raudryggamazon, Amazona festiva, Festive Amazon, (Linnaeus, 1758), (LC)
  • Vinamazon, Amazona vinacea, Vinaceous-breasted Amazon, (Kuhl, 1820), (EN)
  • Oreamazon, Amazona tucumana, Tucuman Amazon, (Cabanis, 1885), (VU)
  • Skjelgranamazon, Amazona pretrei, Red-spectacled Amazon, (Temminck, 1830), (VU)
  • Dvergamazon, Amazona agilis, Black-billed Amazon, (Linnaeus, 1758), (EN)
  • Kvitpanneamazon, Amazona albifrons, White-fronted Amazon, (Sparrman, 1788), (LC)
  • Rosenstrupeamazon, Amazona collaria, Yellow-billed Amazon, (Linnaeus, 1758), (VU)
  • Kubaamazon, Amazona leucocephala, Cuban Amazon, (Linnaeus, 1758), (NT)
  • Hispaniolaamazon, Amazona ventralis, Hispaniolan Amazon, (Müller, PLS, 1776), (VU)
  • Puertoricoamazon, Amazona vittata, Puerto Rican Amazon, (Boddaert, 1783), (CR)
  • Lillakroneamazon, Amazona finschi, Lilac-crowned Amazon, (Sclater, PL, 1864), (EN)
  • Gulkinnamazon, Amazona autumnalis, Red-lored Amazon, (Linnaeus, 1758), (LC)
  • Manausamazon, Amazona diadema, Diademed Amazon, (Spix, 1824), (LC)
  • Grønkinnamazon, Amazona viridigenalis, Red-crowned Amazon, (Cassin, 1853), (EN)
  • Gultygleamazon, Amazona xantholora, Yucatan Amazon, (Gray, GR, 1859), (LC)
  • Blåkinnamazon, Amazona dufresniana, Blue-cheeked Amazon, (Shaw, 1812), (NT)
  • Flammemaskeamazon, Amazona rhodocorytha, Red-browed Amazon, (Salvadori, 1890), (VU)
  • Dominicaamazon, Amazona arausiaca, Red-necked Amazon, (Müller, PLS, 1776), (VU)
  • Saintluciaamazon (St. Luciaamazon), Amazona versicolor, St. Lucia Amazon, (Müller, PLS, 1776), (VU)
  • Gulhovudamazon, Amazona oratrix, Yellow-headed Amazon, Ridgway, 1887, (EN)
  • Gulnakkeamazon, Amazona auropalliata, Yellow-naped Amazon, (Lesson, RP, 1842), (CR)
  • Gulkroneamazon, Amazona ochrocephala, Yellow-crowned Amazon, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
  • Gulmaskeamazon, Amazona barbadensis, Yellow-shouldered Amazon, (Gmelin, JF, 1788), (NT)
  • Blåpanneamazon, Amazona aestiva, Turquoise-fronted Amazon, (Linnaeus, 1758), (NT)
  • Andesamazon, Amazona mercenarius, Scaly-naped Amazon, (Tschudi, 1844), (LC)
  • Rufsenakkeamazon, Amazona farinosa, Mealy Amazon, (Boddaert, 1783), (LC)
  • Grimeamazon, Amazona kawalli, Kawall's Amazon, Grantsau & Camargo, 1989, (LC)
  • Keisaramazon, Amazona imperialis, Imperial Amazon, Richmond, 1899, (CR)
  • Eldhaleamazon, Amazona brasiliensis, Red-tailed Amazon, (Linnaeus, 1758), (NT)
  • Oransjevengamazon, Amazona amazonica, Orange-winged Amazon, (Linnaeus, 1766), (LC)
  • Kongeamazon, Amazona guildingii, St. Vincent Amazon, (Vigors, 1837), (VU)

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Ridgeley, Robert et al, side 199
  2. World Association of Zoos and Aquariums White-fronted amazon Arkivert 2012-01-22 ved Wayback Machine. Lese 28. februar 2012
  3. BirdLife Species Factsheet: Om dvergamazon Arkivert 2011-05-25 ved Wayback Machine. Lese 28. februar 2012
  4. BirdLife Species Factsheet: Om keisaramazon Arkivert 2016-04-11 ved Wayback Machine. Lese 28. februar 2012
  5. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023. 
  6. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 8. desember 2023. 
  7. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Amazonpapegøyar