Amen av Ana Soklič

song frå 2021 med Ana Soklič
«Amen»
Song av Ana Soklič
Land Slovenia
Språk Engelsk
Utgjeve 27. februar 2021
Sjanger Ballade
Lengd 03:04
Selskap ZKP RTVSLO
Låtskrivar(ar) Ana Soklič, Bojan Simončič, Žiga Pirnat, Charlie Mason

«Amen» er ein popballade frå 2021, utgjeven av den slovenske artisten Ana Soklič. Ho har skrive låten saman med Bojan Simončič, Žiga Pirnat og Charlie Mason. Låten hadde premiere 27. februar 2021 og var det slovenske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.

Eurovision Song Contest endre

Etter å ha vunne den slovenske musikktevlinga EMA 2020, skulle Ana Soklič ha representert Slovenia i Eurovision Song Contest 2020 med låten «Voda».[1] På grunn av koronaviruspandemien vart Eurovision Song Contest avlyst, og den slovenske allmennkringkastaren RTVSLO vedtok at Soklič skulle få representere landet i Eurovision Song Contest 2021.[2][3]

Sommaren 2020 starta RTVSLO arbeidet med å finne bidraget til 2021. Til saman kom det inn 191 bidrag. Gjennom fleire avrøystingsrundar vedtok ein jury, saman med Ana Soklič, at songen «Amen» skulle vere det slovenske bidraget til Eurovision Song Contest 2021. «Amen» hadde premiere i ei spesialsending på RTVSLO laurdag 27. februar 2021.[4]

Eurovision Song Contest endre

«Amen» deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy tysdag 18. mai 2021, der den fekk 44 poeng og vart nummer 13.[5] Han vart dimed slått ut av Eurovision Song Contest sidan berre dei ti beste kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai 2021.

Songen var eit av to bidrag med same tittel i tevlinga; òg Austerrikes Vincent Bueno stilte med eit bidrag som heitte «Amen».[6] Heller ikkje den låten kvalifiserte seg til finalen.[7]

Kjelder endre

  1. «Slovenia has picked Ana Soklič for Eurovision 2020». eurovision.tv. 22. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  2. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  3. «The search for the Slovenian song has begun!» (på engelsk). 13. juli 2020. Henta 28. februar 2021. 
  4. Lahav, Doron (27. februar 2021). «Slovenia: Ana Soklič will Perform “Amen” at Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 28. februar 2021. 
  5. «First Semi-Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 10. august 2021. 
  6. «Vincent Bueno - Austria - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 28. februar 2021. 
  7. «Second Semi-Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 10. august 2021.