Anastasia Kelesidou

Anastasia Kelesidou (fødd 28. november 1972) er ein gresk tidlegare diskoskastar, fødd i Hamburg i dåverande Vest-Tyskland. Ho vann sølvmedaljen i diskosøvinga ved VM 1999 og 2003, Sommar-OL 2000 og 2004, samt bronsen ved VM 2001 og EM 2002.

Anastasia Kelesidou
Statsborgarskap Hellas
Fødd 28. november 1972 (51 år)
Hamburg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Kelesidou tok steget inn i verdstoppen i diskoskasting då ho i Bari vann Mellomhavsleikane 1997 med eit kast på framifrå 66,18 meter. Frå 1999 til 2004 tok ho medalje i alle dei seks internasjonale meisterskapane; VM 1999, OL 2000, VM 2001, EM 2002, VM 2003, OL 2004. Gjennom dei seks diskostevlingane sanka ho fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar. Etter tur måtte ho nøye seg med verte nummer to og klart overgått av tyske Franka Dietzsch i 1999 og kviterussiske Ellina Zvereva i 2000. Derimot var ho nær ved å vinne gullmedaljen i særleg VM 2003, men òg i OL 2004 truga ho vinnaren. To ulike utøvarar frå Kviterussland kneip då kvar si gullmedalje, Iryna Jatsjanka i 2003 og Natalja Sadova i 2004.

Kelesidou forbetra den greske rekorden i diskoskasting sju gongar, sist til 67,70 meter i Rethymno den 28. mai 1999.

Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre