Anders August Jahre (28. mai 189126. februar 1982) var ein norsk skipsreiar. Jahre grunnla i 1922 Anders Jahres Rederi. Mest kjend er han som eigar av kvalfangstselskapet Kosmos ⅍, som opererte ut frå Sandefjord. Han etablerte Jahres Fabrikker ⅍, som dreiv med feittherding. Jahre står bak Anders Jahres Humanitære Stiftelse.

Anders Jahre
Anders Jahre.jpg
Fødd 28. mai 1891
Sandar
Død

26. februar 1982

Yrke forretningsdrivande
Anders Jahre på Commons
Midtåsen sett frå parkanlegget mot sør
FLK «Kosmos», det første kvalkokeriet til Anders Jahre, overlevert i 1929, søkkt av tysk hjelpekryssar i 1940
Foto: Anders Beer Wilse (1865 - 1949)
JaKeFa - Jahres Kemiske Fabrikkar, Kosmos III og IV i forgrunnen, 1956.
Foto: Fjellanger WIderøe AS

FamilieEndra

Anders Jahre gifta seg i Sandefjord med Dagny Brun (fødd 7. januar 1896, død 12. november 1940). Han gifta seg på nytt i 1946 med Bess Fredie Børresen (fødd 18. januar 1921, død 9. juni 2006) frå Tronstad Bruk i Finnemarka i Lier. Ho budde på Midtåsen fram til ho døydde 9. juni 2006.

Hovudhuset med parkanlegg, skulpturar, trapper, fontener med basseng er i dag freda som kulturminne. I hovudhuset er kontoret til Jahre, Arnebergsalen og hovudsoverommet (Det grøne rommet), tre sentrale rom som er heilt freda med alt av interiør. I 1931-34 fekk Jahre bygt villaen Midtåsen, som vart omgjord/påbygd i midten av 1950-åra og ferdigstilt ved innviinga av «Årebergstova» i 1960. Eigedomen vart teikna av Arnstein Arneberg. Hovedhuset ligg på ein 60 mål stor tomt med tilhøyrande parkanlegg.

Jahre åtte òg Osbyholms slott i Skåne frå 1939 som han kjøpte for å gleda si dåverande elskarinne Sonja Wigert.[1]

Utdanning og yrkeEndra

Etter middelskuleeksamen i Sandefjord og examen artium i Larvik i 1910, vart Jahre i 1914 cand.jur. og straks deretter overrettssakførar. Etter eitt år som dommarfullmektig i Nordland, skipa han i 1916 juristverksemd i Sandefjord. Han dreiv sakførarforretningen fram til 1928, før reiarlagsverksemda overtok all tida og arbeidskrafta hans.

Anders Jahre danna i 1928 det første Kosmos-selskapet, og i tida 1929–30 vart seks kvalfangstselskap stifta på hans initiativ. Dessutan starta han blant anna feittherdingsføretaka Jahres Kjemiske Fabrikker og Sandar Fabrikker, og dessutan passasjertrafikk mellom Oslo og Kiel. I tillegg til å vera reiar og administrerande direktør for eigne selskap, var han i tida mellom 1922 og 1978 styreformann eller -medlem i ei rekkje industri-, kvalfangst- og skipsselskap.

SamfunnsbidragEndra

Under andre verdskrigen var han fleire gonger gjest hos TerbovenSkaugum. Av den tyske okkupasjonsmakta vart han sett på som lojalt innstilt overfor Tyskland. Han ynskte å selja skip til den tyske krigsmarinen, men sidan detta var ulovleg vart betalinga stansa. Det var med naud og neppe at han unnslapp tiltalt for økonomisk landssvik, og han vart sikta for å ha gjeve bistand til fienden, men riksadvokaten henla saka hans i 1949. Fleire andre liknande saker vart òg henlagde på denne tida.[2][3][4]

ahre bidrog med betydelege middel til byutvikling i Sandefjord. Blant anna finansierte han dryge halvparten av rådhuset i byen. Han vart i 1950 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden og i 1962 kommandør med stjerne for dei samfunnsnyttige bidraga sine. I 1951 vart Jahre utnemnd til kommandør av Order of the British Empire for arbeidet sitt for å fremja norsk-engelsk kulturelt samkvem. Han vart i 1961, som første norske borgar, utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo, og han vart òg æresdoktor ved Lunds universitet og æresmedlem blant anna ved Vitskapsakademiet, i Det Nordiske Medisinske Selskap i Stockholm og i Det Norske Medisinske Selskap i Oslo. Han var dessutan innehavar av ei lang rekkje internasjonale ordenar.

Namnet til Anders Jahres er i dag i første rekkje knytt til Anders Jahres fond til vitenskapens fremme (stifta i 1953), Anders Jahres Humanitære Stiftelse (stifta i 1966), Anders Jahres kulturpris og Anders Jahres medisinske pris. Andre kjende gåver er Sandefjord Bymuseum, Ekeberg krematorium i Sandefjord og formidling av 40 millionar kroner til Sandefjord rådhus.

SkattesakaEndra

Frå 1980-åra innleidde norske skattestyresmakter undersøkingar mot norske reiarlag og reiardødsbo for å avdekka moglege skatteunndragingar i 1960- og 1970-åra, og det same gjorde dei Jahre etter han døydde.[5] Den norske staten hevda at Jahre og hjelparane hans hadde omgått norske skatteregler ved å plassera skjulte formuar i utanlandske skatteparadis, og staten har skattekrav mot dødsboet. NRK laga ein dramaserie om dette, Affæren Anders Jahre, som vart sendt i 1992. Jahre sine nære medarbeidar Bjørn Bettum kritiserte serien, og omtalte han som «usann, falsk, ufullstendig og misvisande».[6]

I 2002 vann staten delvis fram med nokre av krava, og delar av formuen vart tilbakeført frå Caymanøyane.[5][7] Saka vart endeleg avslutta ved skiftesamling for dødsboet til Anders Jahre den 12. juni 2012 i Sandefjord tinghus. Bostyret si jakt på Jahres utenlandsformue hadde innbrakt éin milliard norske kroner, av det gjekk 400 millionar til kreditorane (staten, Sandefjord kommune og Vestfold fylkeskommune), medan resten gjekk til arbeidet til bostyret gjennom 20 år.[8][9]

LitteraturEndra

KjelderEndra

  1. Iselin Theien. Sonja Wigert. Et dobbeltliv. Cappelen Damm. 2010
  2. Theien (2010). Sonja Wigert. Et dobbeltliv. Cappelen. 
  3. Folk og land. Nr.4, 1982
  4. Jacobsen (1982). Eventyret Anders Jahre. Oktober. 
  5. 5,0 5,1 Utdypende artikkel på SNL
  6. Hvem Hva Hvor 1993, s. 327.
  7. «Jakten på Jahre-formuen er over» NRK 1. november 2008
  8. «Godt og vel én milliard kroner, som i sin tid tilhørte Anders Jahre, har bobestyrerne hentet hjem. Ifølge bostyrerne antar de at formuen i realiteten kan ha vært dobbelt så stor.», fra «60 prosent av Jahre-formuen brukt opp», artikkel i Dagens Næringsliv, side 6-7, 13. juni 2012
  9. «Flere runder i rettsapparatet, søksmål og rettstvister i skatteparadiser har imidlertid tæret. 411 millioner kroner står igjen til fordeling til fordringshaverne i boet; kemneren i Sandefjord og staten.», fra «60 prosent av Jahre-formuen brukt opp», artikkel i Dagens Næringsliv, side 6-7, 13. juni 2012

BakgrunnsstoffEndra