Led Zeppelin II

Studioalbum frå hardrock-bandet Led Zeppelin
Led Zeppelin II
Studioalbum av Led Zeppelin
Språk engelsk
Utgjeve 22. oktober 1969
Innspelt Januar–august 1969 forskjellig stader
Sjanger
Lengd 41:24
Selskap Atlantic
Produsent Jimmy Page
Kritikk
Led Zeppelin-kronologi 
Led Zeppelin
(1969)
Led Zeppelin II Led Zeppelin III
(1970)


Led Zeppelin II er det andre studioalbumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin, og kom ut i oktober 1969 på Atlantic Records. Innspelinga av albumet fann stad fleire stader i Storbritannia og Nord-Amerika frå januar til august 1969. Albumet vart produsert av gitarist og låtskrivar Jimmy Page, medan Eddie Kramer var lydteknikar.

Led Zeppelin II tok tekst-tema frå debutalbumet vidare og vart eit verk som vart meir hylla og påverkande enn forgjengaren. Med element av blues og folkemusikk, syner det òg at musikkstilen til bandet utvikla seg til meir blues-avleidde songar og ein gitar- og riffbasert stil. Det er eit av dei tyngste albuma til bandet.[10]

Led Zeppelin II kom ut selde det godt og vart det første Led Zeppelin-albumet som nådde førsteplassen i Storbritannia og USA. I 1970 vart kunstnarisk leiar David Juniper nominert for Grammy Award for beste plateomslag for Led Zeppelin II. Den 15. november 1999 fekk albumet den 12. platinaplata for salstal i overkant av 12 millionar berre i USA. Albumet har med tida vorte rekna som eit av dei beste og viktigaste rockealbuma som nokon gong er spelte inn.

Oversyn endre

Bakgrunn endre

Led Zeppelin II kom til under ein hektisk periode med mykje reising frå januar til august 1969, då dei gjorde fire europeiske og tre amerikanske turnear.[11]

Kvar song vart spelte, miksa og produsert kvar for seg i forskjellige studio i Storbritannia og Nord-Amerika. Albumet vart skrive medan dei turnerte, i timane mellom konsertane. Dei leigde eit studio og starta innspelinga, noko som førte til ein spontant og påtrengande stil som var naudsynt for å få gjort det dei skulle før dei måtte vidare.[11] Bassist John Paul Jones hugsa at «Me turnerte mykje. Riffa til Jimmy kom raskt og rasande. Mange av dei kom frå scenen, særleg frå dei lange improviserte delane av 'Dazed and Confused'. Med memorerte dei gode delane og kasta oss i studio langs vegen.»[12]

Somme av platestudioa bandet nytta var ikkje dei mest avanserte. Eit studio i Vancouver, tilskriven som «ei hytte»,[13] hadde ein åttespors opptakar som ikkje ein gong hadde skikkelege hovudtelefonar.[14][15] Songaren Robert Plant diskuterte seinare låtskrivings- og innspelingsprosessen, og sa «Det var verkeleg heilt sprøtt. Me skreiv songar på hotellrom og gjorde eit rytmespor i London, la på vokal i New York, munnspel i Vancouver og så kom me attende til den endelege miksen i New York.»[16]

Det vart lagt på ekstra lydspor på «Thank You», «The Lemon Song» og «Moby Dick» under turneen, og det same vart miksinga av «Whole Lotta Love» og «Heartbreaker». Page sa seinare «Med andre ord, kom nokre av songane til under øvinga for den neste turneen.»[15]

Innspeling endre

Innspelinga av albumet fann stad i Olympic og Morgan Studios i London, A&M, Quantum, Sunset, Mirror Sound og Mystic Studios i Los Angeles i California, Ardent Studios i Memphis i Tennessee, A&R, Juggy Sound, Groove og Mayfair Studios i New York City og «hytta» i Vancouver.[13] Jimmy Page var produsent, medan Eddie Kramer, som tidlegare hadde arbeidd med Jimi Hendrix og som hadde imponert bandmedlemmane, særleg Page, var lydteknikar. Led Zeppelin-ekspert Dave Lewis skreiv at albumet framleis høyrest friskt ut i dag på grunn av det gode samarbeidet mellom Page og Kramer i kontrollrommet.[14]

I eit anna intervju gav Kramer Page mykje av æra for lyden dei fekk til, trass i stundom dårlege tilhøve under innspelinga: «Me gjorde albumet litt etter litt. Me gjorde opptak i nokre av dei mest bisarre studioa du kan tenke deg, små hol i veggen. Billige studio. Men resultatet vart at det høyrdest strålande ut. Den gode lyden på [Led] Zeppelin II kom av at det var ein mann ansvarleg, og det var Mr. Page.»[17] Page og Kramer brukte to dagar på å mikse albumet i A&R Studios.[17]

Komposisjon endre

Dei ferdige songane synte den rå, utviklande stilen til bandet og kor bra dei var på konsertane. «Whole Lotta Love» og «The Lemon Song» har begge seksuelle tema, og sistnemnde er ein metafor som i følgje ein musikkskribentar tryglar «unemnelege kvinner til å klemme sitronen (lemon) hans til safta renn ned låra».[18] Plant sjølv sa seinare:

« Led Zep II var særs virilt. Det var albumet som skulle seie oss om me hadde uthaldenheita og kapasiteten til å stimulere eller ikkje. Det var framleis blues-basert, men det var ein mykje meir sanseleg tilnærming til musikken og ganske prangande. Det vart skapt på vegen mellom hotellrom og groupieane, og var verkeleg noko.[19] »

Led Zeppelin II eksperimenterte òg med andre musikkstilar og tilnærmingsmetodar, som på «What Is and What Should Never Be» og «Ramble On» som skiftar mellom roleg og bråkete, og den popaktige balladen «Thank You». Med den mystiske atmosfæren var «Ramble On» med på å knyte hardrock til fantasitema, som delvis kom frå psykedelisk rock to til tre år tidlegare, men òg frå den personlege interessa til Plant for J. R. R. Tolkien.[14] Denne musikalske retninga kulminerte seinare på fjerde albumet (og mange seinare grupper tok dette vidare til det ekstreme). Instrumentalen «Moby Dick» inneheld ein lengre trommesolo av John Bonham, som vart utvida ytterlegare på konsertane deira, stundom opp til ein halv time.[14]

Bidraget til Jimmy Page til albumet var viktig, sidan den elektriske gitarsoloen hans på «Heartbreaker» vart etterlikna av mange yngre rockegitaristar, og syner det intense musikalske åtaket til gruppa.[14] Led Zeppelin II er det første albumet der Page spelar på ein Gibson Les Paul frå 1959, den elektriske gitaren han var med på å popularisere. Den innovative innspelinga og måten Page sette opp mikrofonane for trommesettet på songar som «Ramble On» og «Whole Lotta Love» syner òg at han var dyktig og original som produsent.[20] Rolling Stone kalla seinare gitarriffet til Page på sistnemnde som «eit av dei mest oppkvikkande gitarriffa i rock & roll.»[21] Bandmedlem og multiinstrumentalist John Paul Jones diskuterte seinare bidraga til Page:

« Jimmy byrja å kome til sin rett som produsent kring «Whole Lotta Love». Baklengs ekko-greiene. Mange av mikrofonteknikkane var berre gudsbenåda. Alle trur han gjekk i studio med ein stor vegg av forsterkarar, men det gjorde han ikkje. Han brukar i røynda små forsterkarar og berre set mikrofonane opp verkeleg bra, slik at det passar lydbiletet.[20] »

På albumet vart òg vokalen til Robert Plant finslipt,[22] og han tredde fram som ein seriøs låtskrivar.[15] Plant vart ikkje nemnd som låtskrivar på det første albumet sidan han var bunden til ein tidlegare kontrakt med CBS Records som soloartist. Innverknaden hans på songar som «What Is and What Should Never Be» og «Ramble On» var peikepinnar på den musikalske framtida til Led Zeppelin.[14] Plant har kommentert at det var under innspelinga av Led Zeppelin II at han starta å føle seg heime som vokalist i studio med Led Zeppelin. I eit intervju med Uncut i 2008 sa han «Under Led Zep I (1969) trudde eg at eg kom til å forlate bandet. Eg var ikkje komfortabel for det var store krav til meg som vokalist-som det var gjennom heile Zeppelin-tida. Og eg var ganske nervøs og likte meg ikkje særleg før II[23]

Plateomslag endre

 
Biletet frå første verdskrigen som biletet på omslaget er basert på.

Plateomslaget vart designa frå ein plakat av David Juniper, som berre fekk beskjed av bandet om å kome med noko «interessant». Designet hans var basert på eit bilete av Jasta 11-divisjonen frå det tyske luftforsvaret under den første verdskrigen, leia av Manfred von Richthofen, den raude baronen.[14] Etter at biletet var farga, vart bileta av dei fire medlemmane klipt inn frå eit bilete frå 1969, i tillegg til bilete av manager Peter Grant og turnemanager Richard Cole.[14] Kvinna på biletet er Glynis Johns, mora frå Mary Poppins. Biletet av ho er tydelegvis ein referanse til lydteknikaren Glyn Johns. I motsetnad til det mange trur er ikkje gitaristen Blind Willie Johnson på biletet.

Utgjeving og mottaking endre

Albumet kom ut 22. oktober 1969 den Atlantic Records, med 400 000 førehandsbestilte eksemplar.[24] Marknadskampanjen var basert på slagordet 'Led Zeppelin II Now Flying'.[14] Kommersielt vart Led Zeppelin II det første albumet til bandet som nådde førsteplassen i USA, og slo The Beatles sitt Abbey Road (1969) to gonger frå toppen, og vart liggande der i totalt sju veker.[14] I april 1970 hadde albumet seld tre millionar eksemplar i Amerika, medan det i Storbritannia låg inne på lista i 138 veker, og klatra til førsteplassen i februar 1970.[14]

Albumet gav òg Led Zeppelin den største hitten deira med songen «Whole Lotta Love». Songen nådde 4. plass på Billboard Hot 100 i januar 1970, etter at Atlantic Records gjekk bak ryggen på gruppa, som ikkje ønskte å gje ut singlar. B-sida på singelen, «Living Loving Maid (She's Just a Woman)», nådde òg Billboard-lista og nådde 65. plass i april 1970. Albumet gjorde at Led Zeppelin slo gjennom internasjonalt og det neste året turnerte gruppa kontinuerleg, først i klubbar og danselokale, så i større auditorium før dei til slutt spelte på stadion.[25]

Ettermæle endre

Led Zeppelin II har av musikkskribentane vorte omtalt som blåkopien for heavy metal-band som kom sidan.[26][27] Blues-aktige songar som «Whole Lotta Love», «Heartbreaker», «The Lemon Song», «Moby Dick» og «Bring It On Home» vert rekna som standarar for sjangeren, der dei gitarbaserte riffa (heller enn refrenget eller versa) definerer songen.[14] Slike arrangement og vektleggingar var på denne tida uvanlege i popverda.[26] Gitarsoloen til Page på «Heartbreaker» inneheld raske tonar berre spelt med venstrehanda, og var ein stor inspirasjon for seinare metal-gitaristar og «shredderar» som Eddie Van Halen og Steve Vai.[28] Slik sett vert albumet rekna som særs viktig for utviklinga av rocken, som ein tidleg forgjengar for heavy metal, og inspirerte mange andre band som Aerosmith, Van Halen og Guns N' Roses.[26][29]

Etter den gode kritikken frå starten av, har Led Zeppelin II av musikkritikarar blitt rekna som eit av dei mest påverkande albuma i rockemusikken, og har fått mange lovord i musikkpublikuasjonar, og finst ofte nær toppen av «beste album»-lister.[30] I 1989 rangerte Spin albumet på 5. plass på lista si over dei 25 beste albuma gjennom tidene.[30] I 2000 sette Q Led Zeppelin II på 37. plass på lista deira over dei 100 beste britiske albuma.[31] I 2003 vart albumet rangert på 75. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene..[21]

Lovord endre

Publikasjon Land Lovord År Rangering
Grammy Award USA Beste plateomslag[32] 1970 Nominert
Guitarist Storbritannia Top 50 Most Influential Guitar Albums of All Time Ever[33] 1994 3
Mojo Storbritannia The 100 Greatest Albums Ever Made[34] 1996 41
The Guitar USA Album of the Millenium[35] 1999 6
Q Storbritannia 100 Greatest Albums Ever[36] 2003 37
Robert Dimery USA 1001 Albums You Must Hear Before You Die[37] 2006 *
Classic Rock Storbritannia "100 Greatest British Rock Album Ever"[38] 2006 8
Rock and Roll Hall of Fame USA The Definitive 200: Top 200 Albums of All-Time[39] 2007 47
Q Storbritannia 50 Years of Great British Music (1960s)[40] 2008 *

(*) uordna lister.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Whole Lotta Love»Bonham, Dixon, Jones, Page, Plant5:34
2.«What Is and What Should Never Be»Page, Plant4:47
3.«The Lemon Song»Bonham, Burnett, Jones, Page, Plant6:20
4.«Thank You»Page, Plant4:47
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Heartbreaker»Bonham, Jones, Page, Plant4:15
2.«Living Loving Maid (She's Just a Woman)»Page, Plant2:40
3.«Ramble On»Page, Plant4:35
4.«Moby Dick»Bonham, Jones, Page4:25
5.«Bring It On Home»Page, Plant, Dixon4:19

Albumlister endre

Liste (1969) Høgaste plassering
Den japanske albumlista[41] 8
US Billboard 200 1
US Billboard Soul LP's[42] 32
Den franske albumlista[43] 3
Kanadiske RPM Top 100 Albums[44] 1
Den britiske albumlista[45] 1
Liste (1970) Høgaste plassering
US Record World Top Pop Albums 1
US Cash Box Top 100 Albums 1
Den norske VG-lista[46] 2
Australske Kent Music Report Top 100 Albums[47] 1
Den spanske albumlista[48] 1
Den tyske albumlista[49] 1

Medverkande endre

Led Zeppelin

Kjelder endre

  1. Blender (magazine)|Blender Review
  2. Yahoo! Music Review, arkivert frå originalen 23. januar 2007, henta 22. mars 2011 
  3. Q (magazine)|Q Review
  4. Allmusic Review
  5. Entertainment Weekly Review
  6. Rolling Stone Review
  7. Robert Christgau Review
  8. BBC Music Review
  9. Rolling Stone Review, arkivert frå originalen 23. april 2009, henta 22. mars 2011 
  10. Buckley 2003, s. 502, "The heaviest Zep album, but showcasing Plant's growing confidence as a songwriter".
  11. 11,0 11,1 Rosen, Craig (1996). The Billboard Book of Number One Albums: The Inside Story Behind Pop Music's Blockbuster Records (1st utg.). New York: Billboard Books. s. 118. ISBN 0-8230-7586-9. 
  12. Liner notes for the Led Zeppelin boxed set.
  13. 13,0 13,1 Cleveland, Barry.Gitar Player: Mixing Led Zeppelin II[daud lenkje]. New Bay Media, LLC. Henta 22. mars 2011.
  14. 14,00 14,01 14,02 14,03 14,04 14,05 14,06 14,07 14,08 14,09 14,10 14,11 Lewis, Dave (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, s. 13–19. ISBN 0-7119-3528-9
  15. 15,0 15,1 15,2 Schulps, Dave. Interview with Jimmy Page Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine., Trouser Press, Oktober 1977.
  16. Lewis, Dave and Pallett, Simon (1997) Led Zeppelin: The Concert File, London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-5307-4, s. 32.
  17. 17,0 17,1 "Their Time is Gonna Come", Classic Rock Magazine: Classic Rock Presents Led Zeppelin, 2008, s. 21.
  18. Twist, Carlo. Blender: The Ultimate Guide to Music and More – Led Zeppelin. Maxim Digital. Henta 22. mars 2011.
  19. Nigel Williamson, "Good Times...Bad Times", Uncut, mai 2005, s. 56.
  20. 20,0 20,1 "I first met Jimmy on Tolworth Broadway, holding a bag of exotic fish...", Uncut, Januar 2009, s. 40.
  21. 21,0 21,1 RS500: 75) Led Zeppelin II Arkivert 2010-04-07 ved Wayback Machine.. Rolling Stone.
  22. Liner notes by Cameron Crowe for The Complete Studio Recordings, s. 9.
  23. Jones, Allan. "Robert Plant: 'We did what we set out to do...'", Uncut, mai 2008, s. 38–43.
  24. Welch, Chris (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 1857979303, s. 40.
  25. allmusic: Led Zeppelin – Bio. All Media Guide, LLC. Henta 22. mars 2011.
  26. 26,0 26,1 26,2 allmusic: Led Zeppelin II. All Media Guide, LLC. Henta 22. mars 2011.
  27. Erlewine, Stephen Thomas (2007). All Music Guide Required Listening: Classic Rock (1st utg.). San Francisco: Backbeat Books. s. 98. ISBN 0-87930-917-2. 
  28. Brown, Pete (1997). Legends of Rock Guitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Guitarists (1st utg.). San Francisco: Hal Leonard. s. 165. ISBN 0-7935-4042-9. 
  29. Brackett, Nathan; Hoard, Christian The New Rolling Stone Album Guide (2004): s. 479
  30. 30,0 30,1 Acclaimed Music: Led Zeppelin II Arkivert 2009-01-04 ved Wayback Machine.. AcclaimedMusic. Henta 22. mars 2011.
  31. Tower: Led Zeppelin II Arkivert 2008-09-27 ved Wayback Machine.. Tower.com. Retrieved on 11 February 2009.
  32. «Grammy Award for Best Recording Package (David Juniper) – 11 March 1970». Grammy. 9 February 1970. Arkivert frå originalen 19. oktober 2012. Henta 22. mars 2011. 
  33. «Top 50 Most Influential Guitar Albums of All Time Ever – December 1994». Guitarist. Henta 22. mars 2011. 
  34. «The 100 Greatest Albums Ever Made – January 1996». Mojo. Henta 22. mars 2011. 
  35. «Album of the Millenium – December 1999». The Guitar. Henta 22. mars 2011. 
  36. «100 Greatest Albums Ever – January 2003». Q. Henta 22. mars 2011. 
  37. Dimery, Robert (7. februar 2006). «1001 Albums You Must Hear Before You Die.». Universe. New York, NY (ISBN 0-7893-1371-5). s. 156. 
  38. «Classic Rock – 100 Greatest British Rock Album Ever – April 2006». Classic Rock. Henta 10. februar 2009. 
  39. «The Definitive 200: Top 200 Albums of All-Time». Rock and Roll Hall of Fame (United States). Henta 22. mars 2011. 
  40. «50 Years of Great British Music – March 2008». Q. Henta 22. mars 2011. 
  41. «Top 100 Albums – 25 December 1969». Oricon. Henta 22. mars 2011. 
  42. {{cite web |url=http://www.allmusic.com/album/r11457 |title=allmusic (((Led Zeppelin II > Charts & Awards > Billboard Albums))) |accessdate=22. mars 2011}
  43. «Top 100 Albums – 1969». infodisc.fr. Henta 22. mars 2011. 
  44. «RPM Albums Chart – 24 January 1970». RPM. Henta 22. mars 2011. 
  45. «Top 100 Albums – 7 February 1969». chartstats.com. Arkivert frå originalen 5. desember 2012. Henta 22. mars 2011. 
  46. «Top 20 Albums – 1 March 1970». norwegiancharts.com. Henta 22. mars 2011. 
  47. Kent, David (1993). «Top 100 Albums – 2 March 1970». Australian Chart Book 1970–1992 (1st utg.). Turramurra: Australian Chart Book. s. 53. ISBN 0-646-11917-6. 
  48. «Top 100 Albums – 4 April 1970». PROMUSICAE. Henta 22. mars 2011. 
  49. «Top 100 Albums – 6 April 1970». charts-surfer.de. Arkivert frå originalen 29. oktober 2007. Henta 22. mars 2011.