Exile on Main St.

(Omdirigert frå Exile on Main Street)
Exile on Main St.
Studioalbum av The Rolling Stones
Språk engelsk
Utgjeve 12. mai 1972
Innspelt oktober 1970, juni 1971 til mars 1972
Studio Olympic Studios i London; Nellcôte i Frankrike; Sunset Sound Recorders i Los Angeles
Sjanger
Lengd 67:07
Selskap Rolling Stones
Produsent Jimmy Miller
The Rolling Stones-kronologi 
Sticky Fingers
(1971)
Exile on Main St. Goats Head Soup
(1973)
Singlar frå Exile on Main St.
  1. «Tumbling Dice»
    Utgjeve: 14. april 1972
  2. «Happy»
    Utgjeve: 15. juli 1972

Exile on Main St. er eit album av det engelske rockebandet The Rolling Stones. Det vart gjeve ut som eit dobbeltalbum og er musikalsk ei blanding av rock & roll, blues, country og soul. Exile fekk i starten nokså lunken mottaking, men vert i dag rekna som eit av dei beste albuma til bandet og eit av dei største meisterverka i rockehistoria.[12] I 2003 vart albumet rangert på 7. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.[13] Dette var den høgaste plasseringa til Stones på lista.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[2]
The A.V. ClubA[3]
Christgau's Record GuideA+[4]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[5]
Entertainment WeeklyA+[6]
MusicHound Rock5/5[7]
NME10/10[8]
Q5/5 stars[9]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[10]
Uncut5/5 stars[11]

Innspeling endre

Exile on Main St. er eit album av innspelingar gjort over ein periode på fire år frå 1968 til 1972. Om dei tidlegaste songane har Jagger sagt at etter dei kom ut av kontrakten dei hadde med Allen Klein, ønskte dei ikkje å gje han rettane til desse songane, slik dei var nøydde til å gjere med songane «Brown Sugar» og «Wild Horses» frå Sticky Fingers. Dei fleste songane var innspelte mellom 1969 og 1971 i Olympic Studios og landstaden til Richards i Stargroves i England under innspelinga til Sticky Fingers.[14]

Våren 1971 forlet the Stones heimlandet England for å unngå dei høge skattane. The Stones måtte forlate landet innan 5. april for at dei britiske styresmaktene ikkje skulle ta midlane deira. Etter lange vurderingar valde dei å slå seg ned i Villefranche-sur-Mer, nær Nice, i Frankrike, der gitarist Keith Richards hadde leigd Nellcôte. Dette var i følgje Richards Gestapohovudkvarteret under den andre verdskrigen med hakekross på golvventilane. Det var her Stones gjekk i gang med innspelinga av det neste albumet sitt.

Nellcôte endre

Innspelinga starta for fullt i midten av juni. Bassist Bill Wyman har fortalt at bandet arbeidde kvar kveld frå klokka åtte til klokka tre om natta resten av månaden. Han var frustrert fordi ikkje alle møtte opp kvar kveld, og at medan dei på dei to førre albuma hadde arbeidd godt og lytta til produsent Jimmy Miller, så var tilhøva annleis ved Nellcôte. På denne tida hadde Richards starta eit heroinmisbruk. Tusenvis av dollar med heroin passerte gjennom huset kvar veke med mange besøkande, som William S. Burroughs, Terry Southern, Gram Parsons og Marshall Chess (som styrte det nye selskapet til Stone).[15] Mange har trudd at Parsons deltok på albumet, men han vart beden om å forlate Nellcôte tidleg i juli 1971, både på grunn av dårlege oppførselen sin og Richards sitt forsøk på å reinske huset for dopmisbrukarar etter press frå fransk politi.

Richards sitt narkotikamisbruk starta å påverke spelinga hans, og dette førte ofte til at bandet spelte inn songane utan at alle var til stades samstundes. Til dømes vart songen «Happy» spelt inn ein gong Richards kom tidleg til ei innspeling. Richards sa i 1982: «Der var Bobbey Keys og Jimmy Miller. Vi hadde ikkje noko å gjere på og eg tok gitaren og spelte dette riffet. Så vi spelte det inn og det hamna på albumet. Vi spelte inn originalsporet med ein barytonsaksofonist, ein gitar og Jimmy Miller på trommer. Resten er bygt opp over dette sporet.»

Bandet som hovudsakleg spelte i Nellcôte var Richards, Bobby Keys, Mick Taylor, Charlie Watts, Miller (på trommer medan Charlie Watts var borte på «Happy» og «Shine a Light»),[14] og Jagger når han var tilgjengeleg. Wyman likte ikkje stemninga i villaen til Richards og let vere å delta på fleire innspelingsdagar. Wyamn er berre med på åtte songar på albumet, medan Taylor, Richards og Bill Plummer speler på resten. Wyman skreiv i biografien Stone Alone at det var ein tydeleg motsetnad mellom bandmedlemmene som nytta mykje dop (Richards, Miller, Keys, Taylor, lydteknikar Andy Johns) og dei som var meir tilbakehalden (Wyman, Watts og Jagger).[15]

Los Angeles endre

Fleire grunnspor vart spelt inn i Nellcôte og så teken til Sunset Sound Recorders i Los Angeles der det vart lagt på fleire spor (alt piano, all vokal, samt noko gitar og bass). Desse innspelingane varte frå desember 1971 til mai 1972. Nokre spor (som «Torn and Frayed» og «Loving Cup») vart spelt inn heilt frå starten av i Los Angeles.[14] Sjølv om Jagger (som nyleg hadde gifta seg med Bianca Jagger) ofte ikkje var til stades i Nellcôte,[15] tok han med ein gong føringa i Los Angeles, og fekk inn Billy Preston og Dr. John og fleire av dei best korsongarane i byen for legge på fleire lydspor.[14]

Den langvarige innspelinga og det aukande avstanden mellom Jagger og Richards kom delvis av dei forskjellige måtane dei levde på.[15] Under innspelinga gifta Jagger seg og fekk eit barn, Jade, i oktober 1971. Richards hadde slått seg ned med Anita Pallenberg, men begge var avhengige av heroin,[15] noko Richards skulle vere resten av tiåret. Albumet vert likevel ofte skildra som noko av det beste Richards har gjort. Jagger uttrykte at han var lei av rock and roll i fleire intervju på denne tida.[15] Med Richards bunden til heroinmisbruket, tok Jagger over føringa utover 70-åra. Bandet eksperimenterte i aukande grad med forskjellige musikksjangrar, og flytta seg bort frå den roots-baserte stilen på Exile On Main St.[15]

Utgjeving endre

Albumet kom i mai 1972, like etter singelen «Tumbling Dice». Albumet vart raskt ein stort hit og gjekk rett til topps på salslistene verda over. Bandet la òg ut på turne, den første i USA på tre år. «Happy», sungen av Richards, vart ein hit i USA seinare på sommaren.

Kritikarane omtalte Exile on Main St. som ujamt då det kom ut, men albumet har sidan fått stadig betre rykte.[16]

Ettermæle endre

I 1998 stemte lesarane av musikkmagasinet Q Exile on Main St. fram som det 42. beste albumet gjennom tidene,[17] medan det same magasinet i 2000 plasserte det på 3. plass på lista deira over dei 100 beste britiske albuma nokon gong.[18] I 1987 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone albumet på tredjeplass på lista deira over dei 100 største albuma i perioden 1967-1987.[19] I 2003 rangerte Pitchfork Media abumet på 11. plass på ei liste over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.[20] I 2001 hamna albumet på 22. plass på fjernsynskanalen VH1 si liste over dei beste albuma i verda.[21] Albumet vart rangert på 19. plass i oktober 2006 av Guitar World på lista deira over dei 100 største gitaralbuma gjennom tidene.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Rocks Off»4:32
2.«Rip This Joint»2:23
3.«Shake Your Hips» (Slim Harpo)2:59
4.«Casino Boogie»3:33
5.«Tumbling Dice»3:45
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Sweet Virginia»4:25
7.«Torn and Frayed»4:17
8.«Sweet Black Angel»2:54
9.«Loving Cup»4:23
Side tre
Nr.TittelLengd
10.«Happy»3:04
11.«Turd on the Run»2:37
12.«Ventilator Blues» (Jagger, Richards, Mick Taylor)3:24
13.«I Just Want to See His Face»2:52
14.«Let It Loose»5:17
Side fire
Nr.TittelLengd
15.«All Down the Line»3:49
16.«Stop Breaking Down» (Robert Johnson)4:34
17.«Shine a Light»4:14
18.«Soul Survivor»3:49

Medverkande endre

The Rolling Stones

Andre medverkande

Teknisk


Salslister endre

Vekeslister endre

Original release

Liste Plassering
Australske Kent Music Report[22] 2
Kanadiske RPM-lista[23] 1
Den nederlandske albumlista[24] 1
Den italienske albumlista[25] 4
Den japanske albumlista[26] 7
Noreg - VG-lista[27] 1
Den spanske albumlista[28] 1
Svenske Kvällstoppen[29] 2
UK Albums Chart[30] 1
US Billboard 200[31] 1
Den vesttyske Media Control-lista[32] 2

2010-utgåva

Liste Plassering
Den argentinske lista[24] 5
Den australske ARIA-lista[33] 6
Den austerrikske albumlista[34] 7
Den belgiske albumlista (Flandern)[35] 8
Den belgiske albumlista (Vallonia)[36] 9
Den kanadiske RPM-lista[23] 3
Den tsjekkiske albumlista[31] 42
Den finske albumlista[31] 25
Den franske SNEP-lista[37] 2
Den danske albumlista[38] 5
Den nederlandske albumlista[24] 2
Den greske albumlista[39] 2
Irish Albums Chart[40] 11
Den italienske albumlista[40] 4
Den japanske albumlista[41] 12
Den newzealandske albumlista[42] 4
Noreg - VG-lista[27] 1
Den skotske albumlista[43] 1
Den koreanske Gaon-lista[31] 8
Den spanske albumlista[44] 2
Den svenske albumlista[45] 1
Den sveitsiske albumlista[46] 8
UK Albums Chart[30] 1
US Billboard 200[31] 2
Den tyske Media Control-lista[32] 3

Årslister endre

Liste (1972) Plassering
Den australske albumlista[22] 19
Den nederlandske albumlista[47] 11
Den italienske albumlista[25] 36
U.S. Billboard Top Pop Albums 31
Liste (2010) Plassering
Den nederlandske albumlista[48] 66
Den tyske albumlista[49] 84
Den svenske albumlista[50] 72
US Billboard 200[51] 176

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[52]
2010 release
Platina 70 000^
Italia (FIMI)[53] Gull 50 000*
New Zealand (RMNZ)[54]
2010 release
Gull 7 500^
Storbritannia (BPI)[55]
2010 release
Platina 300 000^
USA (RIAA)[56] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Janovitz 2005, s. 1, 61.
  2. Erlewine, Stephen Thomas. Exile on Main St.Allmusic. Henta 28. mars 2018.
  3. Hyden, Steven (25. mai 2010). «The Rolling Stones: Exile On Main Street». The A.V. Club (Chicago). Henta 28. mars 2018. 
  4. Christgau, Robert (1981). Christgau's Record Guide: Rock Albums of the '70s. Da Capo Press. s. 327. ISBN 0-306-80409-3. 
  5. Larkin, Colin (2011). «Rolling Stones». The Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2515, 2525. ISBN 0857125958. 
  6. Collis, Clark (21. mai 2010). «Exile on Main Street Review». Entertainment Weekly (1103). Henta 28. mars 2018. 
  7. Rucker, Leland (1996). «The Rolling Stones». I Graff, Gary. MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Detroit: Visible Ink Press. ISBN 0787610372. 
  8. NME (London): 43. 9. juli 1994. 
  9. Q (London): 137. June 2010. 
  10. «The Rolling Stones > Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 12. april 2011. Henta 28. mars 2018. 
  11. Uncut (London): 104. June 2010. 
  12. Stephen Thomas Erlewine. «Exile on Main St.». Allmusic. Henta 4. mars 2009. 
  13. 500 Greatest albums of All Time, arkivert frå originalen 8. mars 2010, henta 4. mars 2009 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 «Exile on Main St.». timeisonourside.com. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 15,5 15,6 Greenfield, Robert. «Making Their Masterpiece: Exile on Main St.». Rolling Stone. 
  16. Dora Loewenstein og Philip Dodd (2003). According to the Rolling Stones. San Francisco: Chronicle Books. ISBN 0-8118-4060-3. 
  17. «Q Readers All Time Top 100 albums». Q. Februar 1998.
  18. Greatest British albums «100 Greatest British albums». Q. Juni 2000.
  19. «TOP 100 albumS OF THE LAST 20 YEARS». Rolling Stone. September 1987).
  20. «Top 100 albums of the 1970s». Pitchfork. 23. juni 2004.
  21. «Greatest albums of Rock and Roll» Arkivert 2007-10-01 ved Wayback Machine.. VH1. 23. juni 2001.
  22. 22,0 22,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  23. 23,0 23,1 «Top Albums/CDs - Volume 17, No. 20». RPM. 1. juli 1972. Henta 28. mars 2018. 
  24. 24,0 24,1 24,2 «dutchcharts.nl The Rolling Stones – Exile on Main St» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 28. mars 2018. 
  25. 25,0 25,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1972» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 28. mars 2018. 
  26. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  27. 27,0 27,1 «norwegiancharts.com The Rolling Stones – Exile on Main St» (ASP). Henta 28. mars 2018. 
  28. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  29. «Swedish Charts 1969–1972 / Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > Juni 1972 > 13 Juni» (PDF). hitsallertijden.nl (på svensk). Henta 13. februar 2014. Merk: Kvällstoppen kombinerte sal for album og singlar på same lista.
  30. 30,0 30,1 «The Rolling Stones > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 28. mars 2018. 
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 31,4 «Allmusic: Exile on Main St : Charts & Awards : Billboard Albums». allmusic.com. Henta 28. mars 2018. 
  32. 32,0 32,1 «Album Search: The Rolling Stones – Exile on Main St» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 28. mars 2018. 
  33. «australian-charts.com The Rolling Stones – Exile on Main St» (ASP). Australian Recording Industry Association. Henta 28. mars 2018. 
  34. «austriancharts.at The Rolling Stones – Exile on Main St» (ASP). Hung Medien (på tysk). Henta 28. mars 2018. 
  35. «ultratop.be The Rolling Stones – Exile on Main St» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). Ultratop. Henta 28. mars 2018. 
  36. «ultratop.be The Rolling Stones – Exile on Main St» (ASP). Hung Medien (på fransk). Ultratop. Henta 28. mars 2018. 
  37. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 1. juni 2013. Note: user must select 'The Rolling Stones' from drop-down.
  38. «danishcharts.com The Rolling Stones – Exile on Main St». danishcharts.com. Arkivert frå originalen 4. oktober 2013. Henta 28. mars 2018. 
  39. «greekcharts.com The Rolling Stones – Exile on Main St». Hung Medien. Arkivert frå originalen (ASP) 14. mars 2012. Henta 13. mai 2011. 
  40. 40,0 40,1 «irma.com The Rolling Stones – Exile on Main St». irma.com. Henta 14. januar 2014. 
  41. «ザ・ローリング・ストーンズ-リリース-ORICON STYLE-ミュージック» [Highest position and charting weeks of Exile on Main St by The Rolling Stones]. oricon.co.jp (på japansk). Oricon Style. Henta 28. mars 2018. 
  42. «charts.org.nz The Rolling Stones – Exile on Main St». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 3. november 2013. Henta 11. januar 2014. 
  43. «scotishcharts.com The Rolling Stones – Exile on Main St» (ASP). Hung Medien. Henta 28. mars 2018. 
  44. «spanishcharts.com The Rolling Stones – Exile on Main St» (ASP). Hung Medien. Henta 28. mars 2018. 
  45. «swedishcharts.com JThe Rolling Stones – Exile on Main St» (ASP) (på svensk). Henta 28. mars 2018. 
  46. «The Rolling Stones – Exile on Main St - hitparade.ch» (ASP). Hung Medien (på tysk). Swiss Music Charts. Henta 28. mars 2018. 
  47. «Dutch charts jaaroverzichten 1972» (ASP) (på nederlandsk). Henta 2. april 2014. 
  48. «Jaaroverzichten – Album 2010» (på nederlandsk). Arkivert frå originalen 17. juni 2013. Henta 28. mars 2018. 
  49. [1] Arkivert 8. januar 2011 ved Wayback Machine.
  50. «Årslista Album – År 2010» (på svensk). Hitlistan.se. Sverigetopplistan. Arkivert frå originalen 22. februar 2014. Henta 28. mars 2018. 
  51. «Best of 2010 – Billboard Top 200». Billboard. Nielsen Business Media, Inc. Henta 31. desember 2010. 
  52. «ARIA Charts – Accreditations – 2010 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 28. mars 2018. 
  53. «Italian album salstrofé – The Rolling Stones – Exile on Main St» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 27. juni 2014.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter The Rolling Stones in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  54. «New Zealand album salstrofé – The Rolling Stones – Exile on Main St». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 28. mars 2018. 
  55. «British album salstrofé – The Rolling Stones – Exile on Main St». British Phonographic Industry. Henta 28. mars 2018.  Enter Exile on Main St in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  56. «American album salstrofé – The Rolling Stones – Exile on Main St». Recording Industry Association of America. Henta 28. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH


Føregangar
Harvest
Neil Young
Toppen av VG-lista
The Rolling Stones

2 veker, veke 24–25, 1972
Etterfylgjar
Harvest
Neil Young