Ane Breivik

norsk politikar

Ane Breivik (fødd 3. juli 1998) er ein norsk politikar for Venstre frå Bærum i Viken. Frå november 2021 til oktober 2024 var ho leiar i Unge Venstre.[1][2][3] Breivik har tidlegare vore nestleiar av Unge Venstre[4] og sentralstyremedlem i ungdomspartiet. Frå februar 2021 var ho Hordaland Venstres 2. kandidat til Stortingsvalet 2021.[5] Breivik er 1. vara for Sveinung Rotevatn til Stortinget for perioden 2021–2025.[6]

Ane Breivik

Fødd3. juli 1998 (26 år)
Bærum kommune
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, jusstudent
Utdanna vedNadderud videregående skole
UWC Maastricht
Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen
VervLeiar i Unge Venstre
7. november 2021–
FøregangarSondre Hansmark
Verv1. nestleiar i Unge Venstre
1. november 2019–7. november 2021
FøregangarKjersti Konstanse Løfors
EtterfylgjarTimo Nikolaisen
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2021–)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2021–2021) Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn

endre

Breivik har tidlegare sete som sentralstyremedlem i ungdomspartiet,[7] og i januar 2020 blei ho den yngste lokallagsleiaren i eit av Venstres største lokallag, Bergen Venstre, nokonsinne.[8] Ho studerer rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og har tidlegare gått på United World Colleges i Maastricht.

 
Breivik held ein appell utanfor Stortingetrusreformdagen 2022.
Foto: Johannes Østby

Kjelder

endre
  1. «Ane Breivik valgt til leder i Unge Venstre». ABC Nyheter (på norsk bokmål). Henta 6. november 2021. 
  2. «Ane Breivik attvald som Unge Venstre-leiar: – Treng ikkje vere på TV kvar veke». Framtida (på norsk bokmål). Henta 25. november 2022. 
  3. «Omar Svendsen-Yagci blir ny leder i Unge Venstre» (på norsk bokmål). NRK. Henta 6. november 2024. 
  4. «Nye tillitsvalgte i Unge Venstre!». Unge Venstre (på norsk). 3. november 2019. Arkivert frå originalen 15. november 2019. Henta 4. februar 2020. 
  5. «Ane Breivik». Venstre (på norsk bokmål). Henta 3. mars 2021. 
  6. «Biografi: Breivik, Ane» (på norsk). Stortinget. 9. mars 2008. Henta 1. oktober 2021. 
  7. «Valgkomiteens innstilling». Unge Venstre (på engelsk). 17. september 2018. Arkivert frå originalen 6. september 2019. Henta 4. februar 2020. 
  8. «Ane Breivik er ny leder i Bergen Venstre - Bergen Venstre». Venstre (på norsk bokmål). 11. januar 2020. Henta 4. februar 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ane Breivik