Tartarpiplerke

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Anthus richardi)
Tartarpiplerke
Tartarpiplerke Foto: JJ Harrison
Tartarpiplerke
Foto: JJ Harrison
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Erlefamilien Motacillidae
Slekt: Anthus
Art: Tartarpiplerke A. richardi
Vitskapleg namn
Anthus richardi

Tartarpiplerke (Anthus richardi) er ein mellomstor sporvefugl og ei stor piplerke i familien erler og piplerker, Motacillidae. Ho hekkar i opne grasområde i Nordaust-Asia og er ein langdistanseflyttfugl til opent lågland på det indiske subkontinentet og i Søraust-Asia. Tartarpiplerka er ein sjeldan, men vanleg streiffugl til Vest-Europa.

Skildring endre

Dette er ei stor piplerke med 17-20 centimeter i kroppslengd. Ho er ein slank fugl som ofte står uvanleg oppreist. Ho har lange gulbrune bein, ein lang hale med kvite ytre fjører og eit kraftig mørkt nebb med ein gulaktig base på undernebbet. Bakkloa er lang og ganske rett. Tartarpiplerka er lite iaugefallande på bakken, med hovudsakleg brun overside og bleikare underside. Ho har striper på brystet medan buken og flankane er reint ustripa i varmt beige. Andletet har ei lys og brei augebrynstripe, supercilium, og mørk mustasjestripe med eit lyst felt (tygel) over. To svake vengband er danna av bleike tuppar på vengdekkarane. Fjørdrakta varierer litt med underart. Flukta er kraftig og bølgjande og ho gjev eit karakteristisk eksplosivt rop som liknar på ein gråsporv. Songen er ein lang gjentatt serie av monotone «tsjivy-tsjivy»-tonar gjeve i flukt.[1]

Ein forvekslingsart i Europa kan vere markpiplerke, men tartarpiplerka er litt større og meir oppreist på bakken. Markpiplerka manglar òg den tydelege mørke mustasjestripa.[1]

Tartarpiplerke hekkar i Sør-Sibir, Mongolia, delar av Sentral-Asia og i Nord-, Sentral- og Aust-Kina. Ho trekker til det indiske subkontinentet og Søraust-Asia, vesentleg på fastlandet. Nokre fuglar flyg over Himalaya, Koreahalvøya og Japan under trekket. Ein liten del av populasjonen rører seg regelmessig vestover på hausten, og slike fuglar er registrerte i dei fleste land i Europa, Midt-Austen og Nord-Afrika. Årleg kan ho observerast mellom september og november i kystnære strøk i Storbritannia, Nederland og Skandinavia, jamvel kjem nokre sporadiske fuglar fram om våren. Nokre overvintrar i land som Spania, Portugal og Marokko.[2] I Noreg blir 95 % av registreringane gjort i månadene september til november, i dei siste ti åra er det gjort gjennomsnittleg meir enn 100 godkjente registreringar av arten årleg i landet, meir enn to tredelar av desse i Rogaland og Vest-Agder fylke.[3]

Habitata for tartarpiplerker er opne område, spesielt flatt lågland under 1800 moh. Som andre piplerker er ho ein insektetar. Ho beitar hovudsakleg på bakken og vil òg gjere korte flygingar for å fange flygande insekt. Det er registrert at ho kan ete frø.[2]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[4]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  2. 2,0 2,1 Tyler, S. (2018) Richard's Pipit (Anthus richardi) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 19. juni 2018
  3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 19. juni 2018. 
  4. BirdLife International (2018) Species factsheet: Anthus richardi. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. juni 2018

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tartarpiplerke