Antonín Dvořák

(Omdirigert frå Anton Dvorák)

Antonín Dvořák[a] (8. september 18411. mai 1904) var ein tsjekkisk komponist fødd i Nelahozeves ved Praha. Han er nok mest kjend for sine Slaviske dansar og for den siste av sine ni symfoniar, «Frå den nye verda» 1893. Men han komponerte stort sett i alle sjangrar og skapte meisterverk i fleire av dei. Han er til dømes den kanskje viktigaste komponisten av strykekvartettar mellom Franz Schubert og Béla Bartók.

Antonín Dvořák

Fødd8. september 1841
FødestadNelahozeves
Død1. mai 1904 (62 år)
DødsstadPraha, Nové Město
FødenamnAntonín Leopold Dvořák
OpphavKongeriket Böhmen, Cisleithania
Sjangerklassisk musikk, opera
Instrumentpipeorgel, piano, fiolin, bratsj
Verka somklassisk komponist, organist, professor, dirigent, musikkforskar, fiolinist, bratsjist, komponist, lærar, pianist, musikkpedagog, virtuos
MorAnna Dvořáková
FarFrantišek Dvořák
Gift medAnna Čermáková
BornOtilie Suková, Otakar Dvořák, Magdalena Dvořáková
PrisarJernkroneordenen, æresdoktor ved Karlsuniversitetet i Praha, Jernkroneordenen
Huset der Antonín Dvořák blei fødd.

Dvořák er kanskje den komponisten som har lukkast best i å integrere folkemusikk i klassisk musikk, og blir derfor rekna som ein svært viktig nasjonalromantikar.

I 1859 tok han organisteksamen, og blei etter det tilsett som bratsjist ved nasjonalteateret i Praha. Der var han til 1873. Han fekk i 1875 eit stipend som gjorde at han kunne bruke meir tid på å vere komponist. Seinare hadde han arbeid som dirigent og kunstnarisk leiar i både London og New York, før han kom tilbake til Praha.

Merknadar

endre
  1. Namneuttale [ˈantɔnjiːn ˈdvɔrʒaːk].

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Antonín Dvořák
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Antonín Dvořák