Arbeidsklede er klede ein nyttar i samband med ulike former for arbeid. Formålet med arbeidsklede kan vera å verna arbeidstakaren, syta for god hygiene eller å identifisere arbeidstakaren i høve til andre. Når formålet berre er å identifisere den tilsette er nemninga uniform gjerne meir passande. Arbeidsklede er ofte utforma for å vera praktiske i yrket ein brukar dei i. Dei er ofte laga av eit sterkt stoff som toler høgare slitasje enn andre klede. Spesialsko og hovudplagg er også ofte inkluderte.

Verneklede for arbeide med motorsag.
Kvinner i arbeidsklede til fabrikkarbeid i 1917.

Folk som jobbar med næringsmiddel eller innanfor helse- og omsorgsyrke ber gjerne spesielle arbeidsklede av hygieniske grunnar. Sjukepleiaruniformer har utvikla seg frå ønske om at berarane skulle sjå reine og skikkelege ut, til meir praktiske og hygieniske plagga frå midten av 1900-talet av.[1]

verkstader og i handverksyrke nyttar ein ofte arbeidsklede som kan verna dei tilsette frå skadar. Nokre døme er kjeledress, forklede, vernehanskar og hjelmar.

Arbeisklede kan òg vera viktige verneplagg, som varselplagg som gjer at ein syner betre i utsette arbeidsmiljø, som på byggeplassar, flyplassar eller i trafikken. Det blir òg brukt verneklede i særskilde materiale som kan verna mot til dømes elektrisitet, sterke kjemikaliar, gnistar og varme.

Tilsette på hotell, restaurantar og liknande kan ha ulike typar uniform som arbeidsklede, til dømes serveringsdrakt eller ei bestemt samansetjing av skjørt eller bukse og bluse eller skjorte.[2][3]

Døme endre

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Fjelltveit, Ingvild (9. mars 2017), ««Sykepleiersken skal være ren og pen og appetittlig.»», NRK (på norsk bokmål), henta 22. juli 2022 
  2. Jan Sundberg (2013). «Hembiträde hos Åbo stadsdirektör» (PDF) (på svensk). Ro hit. s. 8. Arkivert frå originalen (PDF) 25. november 2015. Henta 25. oktober 2015. 
  3. Henrik Brandão Jönsson (9. februar 2012). «Ingen vill bli hembiträde längre» (på svensk). Helsingborgs dagblad. Arkivert frå originalen 14. juli 2012. Henta 25 oktober 2015.  Arkivert 2012-07-14 ved Archive.is

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Arbeidsklede