«Aril» omdirigerer hit. For plantedelen, sjå frøkappe. For staden, sjå Arild i Skåne.
Arild Huitfeldt, norsk-dansk historikar og statsmann.
Arild Andersen, norsk jazzmusikar.

Arild er eit mannsnamn delvis utvikla frå namnet Harald, delvis gjennom dansk frå det tyske namnet Arnold.

Arild har namnedag 7. mars.

Bruken av namnet i NoregEndra

I folketeljinga frå 1801 vart fire personar manntalsførte med namnet Arild som første eller andre fornamn, tre av desse budde i Troms.

I teljinga frå 1900 var det 126 personar som het Arild.

I 2008 er det vel 10 800 som har Arild til første fornamn, og i tillegg er det vel 200 som skriv seg for Aril.

Kjende namneberararEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra