Art brut (frå fransk L'art brut for 'den rå kunsten') er ei form for kunst utført av sjølvlærte eller påstått naive kunstnarar ved at dei til felles har liten eller ingen kontakt med konvensjonane i kunstverda.[1][2] Ofte illustrerer denne «rå kunsten» ekstreme mentale tilstandar, ukonvensjonelle idear eller forseggjorde fantasiverder. Det kan vera kunstutøvarar som ikkje treng å sjå seg sjølv som kunstnarar, men som likevel skaper kunstverk som andre kan oppfatta som fascinerande.[3] Som det meste av framstillingar og stilretningar i kunsten og kunsthistoria er grensene både flytande og uklare. Å vera bevisst naiv eller primitiv i framstillinga kontra det å mangla openberr kunnskap, lærdom og erfaring, slik ein sjølvlært amatørkunstnar kan vera, er vanskeleg å skilja. Art brut er berre ei av mange nemningar på dette: på engelsk kallar ein det outsider art (kunst på utsida av den etablerte kunstverda), på svensk for särlingskonst (underleg, eksentrisk, avvikande kunst).[4][5][6]

Irren-Anstalt Band-Hain måla av Adolf Wölfli (1864–1930) i 1910 blir rekna som art brut, kunstverk laga av ikkje-profesjonelle utøvarar og andre «outsiderar».
Anna Zemánková, Ingen tittel, 1960-talet

Historie endre

 
Adolf Wölfli (1864–1930) frå Sveits, assosiert med outsiderkunst

Interessa for kunst laga av psykisk sjuke, i tillegg til den til barn og skaparane av «bondekunst», vart fyrst demonstrert av gruppa Der Blaue Reiter (tysk for 'Den blå ryttaren'), ei tysk ekspresjonistisk kunstnargruppe i München rett før utbrotet av den fyrste verdskrigen med kunstnarar som Vasilij Kandinskij, Franz Marc, August Macke, Alexej von Jawlensky og andre.[7][8] Det kunstnarane oppfatta i arbeidet til desse nemnde gruppene var ei uttrykkskraft fødd av deira opplevde mangel på raffinement. Døme på dette blei gjeve att i 1912 i den fyrste og einaste utgåva av publikasjonen deira, Der Blaue Reiter Almanac. Under fyrste verdskrigen blei Macke drepen ved Champagne i 1914 og Marc blei drepen ved Verdun i 1916. Tomrommet etter desse dødsfalla blei til ei viss grad fylt av Paul Klee, som fortsette å henta inspirasjon frå desse «primitivistane».[9]

Interessa for kunsten til mentalt sjukepsykiatriske sjukehus fortsette å veksa på 1920-talet. I 1921 gav doktor Walter Morgenthaler (1882-1965) ut boka Ein Geisteskranker als Künstler ('Ein psykiatrisk pasient som kunstnar') om Adolf Wölfli, ein psykisk sjuk pasient i hans omsorg.[10] Wölfli hadde spontant byrja å teikna, og denne aktiviteten såg ut til å roa han.[11] Det største verket hans var eit illustrert epos på 45 bind der han fortalde si eiga imaginære livshistorie.[12] Med 25 000 sider, 1 600 illustrasjonar og 1 500 collagar er det eit monumentalt verk. Wölfli produserte òg eit stort tal mindre verk, der nokre blei selde eller gitt som gåver. Arbeida hans er mellom anna stilt ut av Adolf Wölfli-stiftinga ved Kunstmuseum Bern.[13][14]

Eit avgjerande og definerande augneblink var utgjevinga av Bildnerei der Geisteskranken i 1922 av den tyske psykologen og kunsthistorikaren Hans Prinzhorn (1886–1933).[15] Dette var den fyrste formelle undersøkinga av psykiatriske verk, basert på ei samling av tusenvis av døme frå europeiske institusjonar. Boka og kunstsamlinga fekk mykje merksemd frå avantgardekunstnarar i samtida, mellom anna Paul Klee, Max Ernst og Jean Dubuffet.[16]

Kunstnarar med lidingar endre

 
Rullestadjuvet av Lars Hertervig frå 1855-1856. Hertervig var kunstutdanna, men mørket i sinnet hans verker òg å ha prega kunsten hans.

Personar med ei viss formell kunstnarisk utdanning så vel som veletablerte kunstnarar er ikkje immune mot psykiske lidingar, og kan òg bli institusjonaliserte. William Kurelek, som seinare blei tildelt Order of Canada for det kunstnariske livsverket sitt, blei til dømes innlagt på Maudsleys psykiatriske sjukehus som ung mann og behandla for schizofreni.[17] På sjukehuset måla han og laga The Maze (labyrint, forvirring), ei mørk skildring av den torturerte ungdommen hans.[18] Han blei overført frå Maudsley til Netherne Hospital frå november 1953 til januar 1955, for å jobba med Edward Adamson (1911–1996), ein pioner innan kunstterapi og skaparen av Adamson Collection.[19]

Dei fleste kunstnarar arbeider med sitt eige sinn og dei mentale bilda sine. Det betyr ikkje at alle kunstnarar slit mentalt, eller at alle som slit mentalt er kunstnarar. Sjølv Edvard Munch hadde ein periode etter 1909 der han var rastlaus og sterkt prega av reiser, hardt arbeid, rangling og uregelmessig liv. I 1908-1909 var Munch i sju månader på doktor Daniel Jacobsens privatklinikk i København, der han mellom anna måla eit stort portrett i heilfigur av denne legen.[20][21] Jacobsen var spesialist innan nervemedisin.[22][20]

Det er også kjent at den norske kunstnaren Lars Hertervig (1830-1902) sleit mentalt. Allereie under utdanninga hans i Düsseldorf med Hans Gude som lærer i 1854 klaga Hertervig på teikn på sinnsliding, hallusinasjonar og forfølgingstankar. Sjukdommen kom til å setja preg på resten av livet hans og på virket hans som kunstnar.[23]

Jean Dubuffet og art brut endre

 
Frå museet Collection de l'art brut

Den franske kunstnaren Jean Dubuffet blei særleg fenga av Bildnerei der Geisteskranken og starta si eiga samling av slik kunst, som han kalla art brut eller 'rå kunst'. Dubuffet sitt konsept for art brut var verk som var i ein rå tilstand, ikkje «kokt» av kulturelle og kunstnariske påverknader.[4] I 1948 danna han Compagnie de l'Art Brut saman med andre kunstnarar, mellom anna poeten og forfattaren André Breton, som var den fremste teoretikaren for surrealismerørsla.[24] Samlinga Dubuffet etablerte blei kjend som Collection de l'art brut, og kurator var Slavko Kopač i nesten tre tiår.[25][26] Samlinga inneheld tusenvis av verk og er no permanent plassert i Lausanne i Sveits.[27]

Utval av bilde endre

Kulturell kontekst endre

 
Kykladisk kunst: Kvinnefigur i marmor frå Kreta, 2800–2200 f.Kr. Arkeologisk museum i Khaniá.

Interessa for art brut eller outsiderkunst blant kunstnarar og kunstkritikarar på 1900-talet kan bli sett på som ein del av ei større vektlegging på å avvisa ein del av dei etablerte verdiane innanfor det modernistiske kunstmiljøet. Dei fyrste tiåra av 1900-talet gav opphav til kubismen og dadaisme, konstruktivistiske og futuristiske rørsler innan kunst, som alle involverte ein dramatisk tendens og rørsler bort frå dei kulturelle formene i fortida. Dadaisten Marcel Duchamp forlét til dømes «målarisk» teknikk for å la tilfelle og slump få ei rolle i utforminga av kunsten hans. Blant dei kunstnariske intervensjonane til Duchamp er det få som har skapt så mykje kontrovers eller vore så forvirrande som den antatte skrinlegginga hans av måleriet.[28]

På midten av 1900-talet var det ein del kunstnarar, mellom anna Pablo Picasso, som søkte utanfor dei vande tradisjonane i den etablerte finkulturen etter inspirasjon, og fann då inspirasjon mellom anna i gjenstandar frå såkalla «primitive» samfunn, uskolert kunst gjort av barn og vulgær reklamegrafikk. Når barn teiknar eller målar forfølgjer dei ei unik oppleving av verda som lèt dei danna ein distinkt og ærleg uttrykksfull stil, og eit berømt sitat frå Picasso er «Eit kvart barn er ein kunstnar. Problemet er korleis vi kan bli verande kunstnarar når vi blir vaksne.»[29]

Primitivisme i kunst var eigentleg ikkje ein skule eller retning, men ein tendens blant ulike samtidskunstnarar frå mange nasjonar som søkte til fortida og framande kulturar etter ferske estetiske materiale etter kvart som urbanisering, framandgjering og industrialisering auka.[30] Til dømes kunne kykladisk kunst, den eldste og primitive kunsten frå Egeerhavet frå hundreåra før klassisk gresk kunst utvikla og utbetra seg, i nyare tid opplevast som forbausande moderne i uttrykket ved å vera strippa for all ytre staffasje. I denne forstanden er ikkje omgrepet «primitiv kunst» negativt ladd.

Kjelder endre

  1. «art brut», NAOB
  2. art brut (n.), Online Etymology Dictionary
  3. «Outsider art – konst i samhällets utkanter», Sveriges Radio
  4. 4,0 4,1 «What is Outsider Art?», Raw Vision
  5. «Synonymer till särling», Synonymer.se
  6. «särlingskonst?», Vokabel.se
  7. Gilje, Maren Laurhammer (2006): Barnet som inspirasjonskjelde for kunstnarkrinsen ’Der Blaue Reiter’ i perioden 1911-1914, Kunsthistorie, Universitetet i Oslo
  8. «Der Blaue Reiter», Der Blaue Reiter
  9. Willette, Jeanne (18. mars 2011): «The Expressionism of Der Blaue Reiter», Art History Unstuffed
  10. «Ein Geisteskranker als Künstler», Division Leap
  11. «Adolf Wölfli», Outsider Art Fair
  12. «Adolf Wölfli The man who rewrote his life», Abelisk Art History
  13. Adolf Wölfli Foundation, Kunstmuseum Bern
  14. «Bilder av Adolf Woelfli», Adolf Woelfli
  15. Prinzhorn, Hans (1922): Bildnerei der Geisteskranken, digital utgivelse, Heidelberg historic literature
  16. Thevoz, Michel: «What is Outsider Art?», Raw Vision
  17. Cornell case study: «Early Onset Schizophrenia – William Kurelek»
  18. The Maze of Mental Illness, William Kurelek, Art Canada Institute
  19. The Adamson Collection
  20. 20,0 20,1 Skedsmo, Tone (1981): «Edvard Munch», Norske mesterverker, Nasjonalgalleriet og J.W. Stenersens forlag, s. 96
  21. «Daniel Jacobson, Olje på lerret, 1908», Munchmuseet.no
  22. «Daniel Eduard Jacobson (1861–1939)», eMunch
  23. Koefoed, Holger (1981): «Lars Hertervig», Norske mesterverker, Nasjonalgalleriet og J.W. Stenersens forlag, s. 49
  24. «Andre Breton, Biography of Chief Art-Theorist of Surrealism Movement», Visul Art Cork
  25. Flahutez, Fabrice; Goutain, Pauline; Trapani, Roberta (2022): Slavko Kopač. Ombres et matières, Shadows and Materials, Paris: Gallimard, Hors série Connaissance, ISBN 978-2-07-295610-2
  26. Slavko Kopac, Michel Thévoz et Jean Dubuffet, foto 1976
  27. Collection de l'Art Brut, offisielt nettsted
  28. «Painting at a Dead End», Unpacking Duchamp
  29. «Picasso and the Art of Children», Stedelijk Studies
  30. Primitive Art – An Exploration of the Origins of Primitivism in Art, Art in Context

Litteratur endre

  • Bottoms, Greg (2007): The Colorful Apocalypse: Journeys in Outsider Art, Chicago: University of Chicago Press, ISBN 978-0-226-06685-1
  • Decimo, Marc (2007): Les Jardins de l'art brut, Les presses du réel, Dijon
  • Foster, Hal (Sommer 2001): «Blinded Insight: On the Modernist Reception of the Art of The Mentally Ill», October, No. 97, s. 3–30.
  • MacGregor, John M. (1989): The Discovery of the Art of the Insane. Princeton, Oxford.
  • Maclagan, David (2009): Outsider Art: From the margins to the marketplace, London: Reaktion books
  • Rexer, Lyle (2005): How to Look at Outsider Art, New York: Abrams
  • Rhodes, Colin (2000): Outsider Art: Spontaneous Alternatives, London: Thames and Hudson.