August Ahlqvist (fødd 7. august 1826 i Kuopio, daud 20. november 1889 i Helsingfors) var ein finsk språkforskar og forfattar.

August Ahlqvist

Fødd7. august 1826
Kuopio
Død20. november 1889
Helsingfors
NasjonalitetDet russiske imperiet, Storfyrstedømmet Finland
Yrkelingvist, lyrikar, journalist, pedagog, skribent, universitetslærar, litteraturkritikar
InstitusjonarHelsingfors universitet
Alma materHelsingfors universitet
Kuopio Lyceum High School
MedlemVitskapsakademiet i St. Petersburg
Det ungarske vitskapsakademiet

Biografi endre

Ahlqvist var ein utomekteskapeleg son av general L. M. Nordenstam og ei kvinne frå arbeidarklassa, Maria Ahlqvist. Han gjekk på skule og gymnas i Kuopio. Han vart student i Helsingfors 1844, tok licentiatexamen 1859, vart utnemnd til dosent i dei finske språka same år og (etter Elias Lönnrot) til professor i same emne 1863. Han sette opp den vitskaplege undersøkinga av finsk som det vitskaplege målet sitt. I pakt med samtida sitt syn på språkvitskap innebar det primært utforskinga av dei ulike slektspråka til finsk, som det på Ahlqvist si tid ikkje var mykje kunnskap om.

Som filolog såg han også samanhengen mellom språk og litteratur, og parallelt med det vitskaplege arbeidet skreiv eller omsette han skjønnlitteratur til finsk. Dei første omsetjingane hans var Johan Ludvig Runeberg sine Idyll och epigram og Molnets broder og dessutan Carl Jonas Love Almquists Kapellet og Grimstahamns nybygge.

I 1847 grunnla Ahlqvist i lag med nokre likesinna studentar tidsskriftet Suometar, det første tidsskriftet, som på finsk handsama kulturspørsmål. Samtidig byrja han å arbeide med språkvetenskaplige tema. Allereie i 1846 og 1847 vandra han gjennom dei austlege delane av Österbotten og dessutan dei finske og russiske delane av Karelen, dels for å samla kvad og eventyr, dels for å undersøka dialektane; men nesten heile perioden 1854–58 var han på forskingsreiser blant dei finske stammane i Austersjøprovinsane, landskapet Olonets og dessutan i dei austlege delane av europeisk Russland og i Sibir. Han kom attende tilbake med ei rik samling av etnografiske og lingvistiske notat. Åra 1861 og 1862 var han i Tyskland og Ungarn.

Det første resultatet av desse reisene vart fleire grundige lingvistiske spesialarbeid, mellom anna Votisk grammatik (1855), Anteckningar i Nord-tschudiskan (= vepsisk, 1859), Läran om verbet i Mokscha-mordwinskan (avhandling til vurdering for eit dosentur, 1859) og Versuch einer Mokscha-mordwinischen Grammatikk (1861). Desse arbeida vart viktige både fordi dei danna grunnlag for seinare og meir grundige grammatikkar, og fordi dei var representerte tidlegare språksteg, der språka hadde mindre påverkand frå russisk enn dei fekk seinare.

Òg gjennom å skrive lærebøker og anna publisistisk aktivitet arbeidde Ahlqvist for den nasjonale danninga og for danninga av den finske nasjonalkjensla. Åra 1871–74 utgav han på finsk eit eige tidsskrift, Kieletär (namnet er ei nydanning, kieli tyder språk, og -tär er ei ending som tyder person av hokjønn), som inneheldt lingvistiske artiklar og litteraturkritikk. I 1877 utkom Suomen kielen rakennus (Det finske språkets struktur).

I 1877 og 1880 studerte Ahlqvist nordostjakane (nordkhantyane) og vogulane (mansiane) i Sibir. Resultatet av dette finst i fleire arbeid, mellom anna Über die Sprache der Nordostjaken (1880), Unter Wogulen und Ostjaken (1885) og Wogulisches Wörterverzeichnis (1891). I arbeidet Kalevalan karjalaisuus (Kalevalas karelska opphav, 1887) polemiserer han mot Julius Krohns undersøkingar om Kalevalas opphavssted, og forsvarer at kalevale verkeleg kjem frå Karelen.

Ahlqvist var også diktar, sjølv om produksjonen hans ikkje var stor. Diktsamlinga hans Säkeniä ("Gneistar"; to hefte 1860 og 1868; nytt opplag 1874) er kanskje den mest sentrale. Som forskar arbeidde han også med finsk metrikk (verket Runousoppi "Diktlære", utgjeve 1863 som grunnlag for professur, kan bli sett på som det teoretiske grunnlaget for metrikken i Säkeniä). Som diktar skreiv han under pseudonymet "Oksanen" (ei avleiing av det finske ordet oksa, kvist, ein referanse til hans eige etternamn). Ahlqvist var rektor for universitetet 1884–87, vart statsråd 1887 og tok avskil som professor emeritus 1888.

Kjelder endre

Litteratur endre

Bibliografi endre

Vitskaplege verk endre

  • Bidrag till finska. Finska språkforskningens historia, 1854
  • Viron nykyisemmästä kirjallisuudesta, 1855
  • Wotisk grammatik jemte språkprof och ordförteckning, 1855
  • Anteckningar i Nordtschudiskan, 1859
  • Muistelmia matkoilta Venäjällä vuosina 1845–58, 1859
  • Läran on verben i mordwinska, 1859
  • Versuch einer mokscha-mordwinischen gramatik nebst texten und wörterverzeichniss, 1861
  • Suomalainen runousoppi kielelliseltä kannalta, 1863
  • Auszüge aus einer neuen grammatik der finnischen sprache, 1868
  • Suomalainen murteiskirja, 1869
  • Det vestfinska språkets kulturord, 1871
  • Suomen kielen rakennus, 1877
  • Täydellinen Kalevalan sanasto, 1878
  • Unter wogulen und ostjaken, 1883
  • Elias Lönnrot, 1884
  • Tutkimuksia Kalevalan tekstissä ja tämän tarkastusta, 1886
  • Kalevalan karjalaisuus, 1887
  • Suomalaisia puhekokeita, 1889
  • Wogulischer Wörterverzeichniss, 1891
  • Wogulische sprachtexte nebst entwurf einer wogulischen grammatik aus dem nacthklasse des verfassers. Hrsg. Von Yrjö Wichman, 1894

Skjønnliterære verk og omsetjingar endre

  • Satu, 1847
  • Laulu kellosta (Friedrich Schiller), 1859 (kääntäjä)
  • Väkinäinen naiminen (Molière) (kääntäjä)
  • Kavaluus ja rakkaus (Schiller), 1863 (kääntäjä)
  • Säkeniä I-II, 1860, 1868
  • Uusi suomalainen lukemisto suomalais-ruotsalaisen sanakirjan kanssa, 1873
  • Oksasen runoja, 1898
  • Kirjeet, 1982

Bakgrunnsstoff endre