Austersjømarihand

underart i planteriket
Austersjømarihand


Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. majalis
Vitskapleg namn
Dactylorhiza majalis ssp. baltica
(Klinge) H.Sund.
Økologi
Utbreiing: nordaust-Europa og Sibir

Austersjømarihand (Dactylorhiza majalis ssp. baltica) er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks ikkje i Noreg.

Systematikk

endre

Austersjømarihand høyrer til kongsmarihand-gruppa D. majalis.[2] Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[3]

I dei tre baltiske statane blir austersjømarihand rekna som ein eigen art (D. baltica). Tidlegare blei òg namnet D. longifolia brukt.[4][5][6]

Underartar av D. majalis i Noreg er smalmarihand (ssp. sphagnicola), lappmarihand (ssp. lapponica) og purpurmarihand (ssp. purpurella). Nominatunderarten (ssp. majalis) lever i Sverige og Danmark.

Utbreiing

endre

Austersjømarihand (svensk namn baltnycklar) blir rekna som sterkt truga (EN) i Sverige.[7] I Finland er han sett på som ein eigen art D. baltica (finsk namn baltiankämmekkä), har nokre få funnstader på sørkysten og blir rekna som sterkt truga (EN).[8]

I Estland (estisk namn balti sõrmkäpp) er austersjømarihand vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[4] I Latvia (latvisk namn baltijas dzegužpirkstīte)[5] er han òg ganske vanleg og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[9] I Litauen er han (litauisk namn baltijinė gegūnė) vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig.[6]

Hybridar

endre

I Sverige og Estland er det registrert hybridar mellom austersjømarihand og skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. baltica).[10][11]

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar austersjømarihand». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre austersjømarihand». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  3. Genetisk variasjon og taksonomi i gruppa blir handsama i:
    Mikael Hedrén; et al. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. 
  4. 4,0 4,1 «eElurikkus: Dactylorhiza baltica» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023. 
  5. 5,0 5,1 «Latvijas daba: baltijas dzegužpirkstīte» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 6. februar 2023. 
  6. 6,0 6,1 Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 40-41. ISBN 9986-662-28-1. Henta 6. februar 2023. 
  7. «Artfakta: Dactylorhiza majalis subsp. baltica baltnycklar». Artdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  8. «LAJI: Dactylorhiza baltica». LAJI.FI. Henta 4. september 2023. 
  9. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 6. februar 2023. 
  10. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii × majalis subsp. baltica». Artdatabanken. Henta 4. september 2022. 
  11. «eElurikkus: Dactylorhiza baltica x Dactylorhiza fuchsii» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 20. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre