Smalmarihand

underart i planteriket
Smalmarihand

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. majalis
Vitskapleg namn
Dactylorhiza majalis ssp. sphagnicola
(Höppner) H.Æ.Pedersen & Hedrén
Økologi
Habitat: myr
Utbreiing: nord og vest i Europa

Smalmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. sphagnicola) er ein plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Systematikk

endre

Smalmarihand blir rekna til kongsmarihand-gruppa D. majalis, og har status som underart.[2] Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantane engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[3]

Tidlegare var det vanleg å operere med tre artar i Noreg, smalmarihand (som då blei kalla D. traunsteineri), sumpmarihand (D. sphagnicola) og lappmarihand (D. lapponica). Ein har no gitt smalmarihand underartsepitetet (ssp. sphagnicola) og går ut frå at D. traunsteineri er ein reint mellomeuropeisk type som ikkje veks i Noreg og som blir rekna inn under lappmarihand (ssp. lapponica).[4]

Ein annan underart av kongsmarihand i Noreg er purpurmarihand (ssp. purpurella). I Sør-Sverige og Danmark veks nominatunderarten (ssp. majalis) og fleire.

Skildring

endre

Planten er kring 20–40 cm.[5] Han har tynn, hol stengel og lange, smale blad, som regel med flekkete overside. Blomane er purpurraude med mørke teikningar, og sit i fåblomstra aks. Dei er nokså store og har ei leppe med tre flikar, der midtfliken er litt lenger enn sideflikane.[5]

Utbreiing

endre

Smalmarihand veks i kalkrike våtmarksområde. I Noreg er han i hovudsak påvist på Austlandet og Sørlandet.[6] Han er rekna som sårbar på grunn av ein fortsetjande tilbakegang og fordi leveområda hans har vore og framleis er utsette for inngrep. I Norsk raudliste for artar (2021) er underarten vurdert som sårbar (VU).[7]

Underarten finst òg i Sverige (LC, svensk namn mossnycklar),[8] i Danmark (sjælden, dansk namn mos-gøgeurt)[9] og i Finland (DD, datamangel, finsk namn luhtakämmekkä), der han er rekna som eigen art Dactylorhiza sphagnicola.[10]

I Benelux er smalmarihand rekna som ein eigen art (nederlandsk namn veenorchis, fransk namn orchis des sphaignes). Han er svært sjeldan sør i Nederland og aust i Flandern i Belgia. I Vallonia veks han spreidd i Ardennane.[11][12] I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd),[13] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia.[14][15] Arten finst ikkje i Luxembourg.

Hybridar

endre

Hybridar mellom smalmarihand og grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. sphagnicola) er registrert på det sørlege Austlandet i Noreg[16] og i Sverige.[17]

Hybridar med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. sphagnicola) er funne spreidde stader på Austlandet i Noreg.[16] På Austlandet og sørvest til Vest-Agder er det funne hybridar med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. sphagnicola eller Dactylorhiza ×senayi nothossp. wiefelspuetziana),[18][16] som òg er funne spreidd i Sverige[19] og i Danmark,[20] med eit einskild funn i Nederland.[21]

Hybridar med stormarihand er registrert i Nederland (der kalla Dactylorhiza praetermissa × sphagnicola).[22]

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar smalmarihand». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre smalmarihand». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2022. 
  3. Genetisk variasjon og taksonomi i gruppa blir handsama i:
    Mikael Hedrén; et al. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. 
  4. Mikael Hedrén og Steinar Skrede (2018). «Hva er Dactylorhiza traunsteineri (PDF). Blyttia 76 (2): 105–116. ISSN 0006-5269. 
  5. 5,0 5,1 Grindeland, John Magne (22. mai 2019). «smalmarihånd». Store norske leksikon (på norsk). 
  6. «Artskart: Smalmarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2022. 
  7. «Raudlista: Smalmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 22. februar 2022. 
  8. «Artfakta: Dactylorhiza majalis subsp. sphagnicola mossnycklar». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  9. «Naturbasen: Mos-Gøgeurt Dactylorhiza majalis ssp. sphagnicola». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  10. «LAJI: Dactylorhiza sphagnicola». LAJI.FI. Henta 3. september 2023. 
  11. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza sphagnicola». FLORON. Henta 18. januar 2024. 
  12. «Veenorchis – Dactylorhiza sphagnicola». Waarnemingen.be. Henta 18. januar 2024. 
  13. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  14. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  15. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 193–195. 
  17. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. incarnata × majalis subsp. sphagnicola äkta ängsnycklar × mossnycklar». Artdatabanken. Henta 27. januar 2023. 
  18. «PoWO: Dactylorhiza × senayi nothosubsp. wiefelspuetziana». Plants of the World Online. Henta 27. januar 2023. 
  19. «Artfakta: Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis subsp. sphagnicola Jungfru Marie nycklar × mossnycklar». Artdatabanken. Henta 27. januar 2023. 
  20. Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8. 
  21. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × wiefelspuetziana». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  22. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza praetermissa × sphagnicola ». FLORON. Henta 17. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre