Bachs påskeoratorium
Påskeoratoriet (tysk Oster-Oratorium), BWV 249, er eit oratorium av Johann Sebastian Bach, Kommt, eilet und laufet, først framført i Leipzig i 1725.
BWV 249 Oratorium av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1725 | ||
Urframføring | 1. april 1725 1. april 1725 | ||
Publiseringsdato | 1874 | ||
Typisk lengd | 43:06 | ||
Satsar/akter | 13 |
Historie
endreDen første utgåva av verket vart komponert som ein kantate for første påskedag i Leipzig den 1. april 1725, då under tittelen Kommt, gehet und eilet.[1] Han vart kalla eit «oratorium» og fekk den nye tittelen etter ei omarbeiding i 1735. I ei seinare utgåve i 1740-åra vart den tredje satsen utvida frå ein duett til ein firedelt koral.[1] Verket er basert på ein verdsleg kantate, den såkalla «Gjetarkantaten», Entfliehet, verschwindet, entweichet, ihr Sorgen, som no er tapt, bortsett frå teksten. Tekstforfattaren er Picander, som truleg òg skrive teksten til oratoriet. Verket opnar med to instrumentale satsar som truleg er teken frå ein konsert i Köthen-tida. Truleg er den tredje satsen basert på avsluttinga i konsertstykket.[1]
Struktur
endreOratoriet skil seg frå Bachs juleoratorium ved at det ikkje er ein forteljar, men fire karakterar til kvar av dei fire stemmene: Simon Peter (tenor) og apostelen Johannes (bass), som dukkar opp i den første duetten på veg til grava til Jesus, der han finn ho tom. Her møter han Maria Magdalena (alt) og «den andre Maria», Maria Kleofas (sopran). Koret var opphavleg berre med på den siste satsen, fram til framføringane i 1740-åra då opningsduetten delvis vart omskrive for fire stemmer. Musikken er instrumentert for høgtida med tre trompetar, pauker, to oboar, obo d’amore, fagott, to blokkfløyter, tverrfløyte, fiolinar og basso continuo.
No. | Første linje | ||
---|---|---|---|
1 | Sinfonia | ||
2 | Adagio | ||
3 | Arie-duett | tenor, bass | Kommt, eilet und laufet |
4 | Resitativ | sopran, alt, tenor, bass | O kalter Männer Sinn |
5 | Arie | sopran | Seele, deine Spezereien |
6 | Resitativ | alt, tenor, bass | Hier ist die Gruft |
7 | Arie | tenor | Sanfte soll mein Todeskummer |
8 | Resitativ | sopran, alt | Indessen seufzen wir |
9 | Arie | alt | Saget, saget mir geschwinde |
10 | Resitativ | bass | Wir sind erfreut |
11 | Koral | SATB | Preis und Dank |
Musikk
endreOratoriet opnar med to motsetjande instrumentale satsar, ein Allegro concerto grosso med fullt orkester og soloseksjonar for fiolin og oboar og ein Adagio obo-melodi over «Seufzer»-motiva (sukk) i strykarane.
Den første duetten til disiplane vart sett til koret i ei seinare utgåve, men den midtre delen vart verande ein duett.
Saget, saget mir geschwinde, arien til Maria Magdalena, er basert på teksten frå Høgsongen, der det vert spurt etter den elska, som ho utan er «ganz verwaiset und betrübt» (heilt foreldrelaus og einsam). Teksten liknar opninga på del to i Matteuspasjonen.
Den siste satsen i to motsetjande seksjonar liknar Sanctus komponert for jul 1724 og som seinare vart ein del av Messe i h-moll.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Easter Oratorio» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Easter Oratorio: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Easter Oratorio BWV 249 på bach-cantatas
- Tysk tekst og engelsk omsetjing Arkivert 2008-03-17 ved Wayback Machine. - Emmanuel Music, Boston