Entfliehet, verschwindet, entweichet ihr Sorgen

Entflieht, verschwindet, entweichet, ihr Sorgen, BWV 249a, òg kalla Schäferkantate eller Gjetarkantate er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Entflieht, verschwindet, entweichet, ihr Sorgen
BWV 249a
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1725
Urframføring23. februar 1725 23. februar 1725
Publiseringsdato1945
Typisk lengd19:30
Satsar/akter11

Han vart komponert i Weißenfels i 1725 for bursdagsfeiringa til hertug Christian av Sachsen-Weißenfels som Drama per Musica. Originalmusikken vart tapt, men sidan kantaten vart den opphavlege utgåva av BWV 249, Bachs påskeoratorium, kan musikken rekonstruerast.

Teksten er skriven av Christian Friedrich Henrici (Picander)

Instrumentering og struktur

endre

Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, to oboar, obo d’amore, fagott, to blokkfløyter, tverrfløyte, fiolinar, basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass).

Det består av elleve satsar:

  1. Sinfonia
  2. Adagio
  3. «Entfliehet, verschwindet, entweichet, ihr Sorgen», Arie for tenor & bass
  4. «Was hor' ich da?», Resitativ
  5. «Hundert tausend Schmeiche leien», Arie for sopran
  6. «Wie aber, schonste Schaferin», Resitativ
  7. «Wieget euch ihr satten Schafe», Arie for tenor
  8. «Wohlan! Geliebte Schaferinnen», Resitativ for alt & bass
  9. «Komm doch, Flora», Arie for alt
  10. «Was sorgt ihr viel», Resitativ for bass
  11. «Gluck und Heil», Arie

Kjelder

endre