Bananblad
Bananblad er lauvet til bananplanten, som kan danna opptil 40 blad i løpte av ein vekstsyklus.[1] Blada har ei rekkje ulike bruksområdet ettersom dei er store, fleksible, vasstette og dekorative. Dei blir brukte til matlaging, innpakking[2] og matservering i ei rekkje ulike mattradisjonar i tropiske og subtropiske område. Blada har også dekorative og symbolske bruksområdet i fleire hindu- og buddhistiske seremoniar. I tradisjonell byggeskikk i tropiske området kan ein laga tak og gjerde av tørka bananblad.[3] Banan- og palmeblad var historisk den viktigaste skriveunderlaget i mange land i Sør- og Sørast-Asia.
Bruk i matlaging
endreBananblad er store, fleksible og vasstette.[4] Dersom ein bruker dei rundt mat gjev dei maten ein aroma; damping i bananblad gjev til dømes retten ein mild søt smak og aroma.[5] Sjølve blada blir ikkje etne, og blir kasta etter at ein har ete frå dei.[4]
I tillegg til å tilføra smak, held blada inne fukt og venar maten frå å bli brent, på same vis som folie.[6] Nokre sørindiske, filippinske og khmer-oppskrifter bruker bananblad rundt mat i samband med steiking. Blada blir seinare fjerna. I vietnamesisk matlaging bruker ein bananblad til å pakka inn matrettar som cha-lua. I Tamil Nadu i India bruker ein tørka bananblad til å pakka inn matvarer. Ein kan også forma dei til koppar som kan halda på ulike væsker.
Bruk i ulike land
endreIndisk matlaging
endreSørindisk og bengalsk mat blir tradisjonelt servert på bananablad, særleg i dei indiske delstatane Andhra Pradesh, Telangana, Tamil Nadu, Karnataka, Kerala, Odisha, Vest-Bengal og på Sri Lanka. I desse området er det skikk å servera mat på slike blad ved festlege høve, og banan kan ofte vera del av maten ein serverer. I Maharashtra et også folk mat frå bananblad ved særskilde høve, som Ganesj tsjaturti.
Blada blir også brukte til å pakka inn fisk, som så kan bli dampa.
I bengalsk tradisjon bruker ein bananblad til å laga paturi, ein rett av marinert og krydra avbeina fersk fisk som blir dampa inni eit bananblad og så ete frå det.
Indonesisk matlaging
endreInnan indonesisk matlaging bruker ein bananblad i metodar kalla pepes og botok. Bananbladpakkane med mat blir dampa, kokte eller grilla på kol. Ein bruker også bananblad til å pakka inn ulike smårettar eller kue, som nagasari eller kue pisang og otak-otak, og til å pakka inn rettar med klissete ris, som lemper og lontong.
På Java kan ein også bruka bananblad forma til små kremmarhus kalla pincuk, vanlegvis til å servera rujak tumbuk, pecel eller satay. Ein festar pincuk med små torneaktige nåler laga av midtnervar frå kokopalmeblad kalla lidi semat. Ein kan halda ein pincuk i venstre hand medan ein bruker høgre hand til å eta med. Kremmarhuset er også ein eingongsbehaldar som ein kan kasta og som er lett å kompostera. Eit reint bananblad blir også ofte brukt som ei matbrikke, der ein plasserer tilskorne blad på fat av rattan, bambus eller leire og serverer mat på dei. Dekorerte, bretta blad på vovne bambusfat blir brukte til serveringsfat, tumpeng-kremmarhus for ris, og hadarar for godbitar som jajan pasar og kue.
Malaysia og Singapore
endreI malaysisk og singaporsk mattradisjon bruker ein bananblad til å pakke inn nokre typar kuih og otak-otak. Malayisk mat som nasi lemak er også ofte pakka inn med bananblad før ein pakkar dei inn med avispapir, ettersom bananblad tilfører risen duft.
Filippinsk mat
endreBananblad er ein tradisjonell måte å servera mat på i filippinsk matskikk, med ris og andre rettar lagt ut på store bananblad (ein salo-salo, liknande ein buffet) og alle et frå med hendene (kamayan).[7][8] Ein annan tradisjonell måte å servera mat på er ved å plassera han på eit bananblad inni ei voven bilao (ei drøftekorg av bambus). Opphavleg var bilao ein gardsreiskap brukt til å fjerna agn frå korn men i dag blir mindre vovne eller utskorne fat av same type brukt i filipinske restaurantar til å servera mat på.[9][10] Bananblad blir også mykje brukt til å pakka inn mat med (binalot), og er høgt skatta for aromaen dei gjev maten.[11] Nokre filippinske rettar sombytter bananblad er suman og bibingka.[12][13]
Polynesisk matlaging
endreHawaiiske imu-omnar har ofte bananblad langs sidene.
Karibisk og mexicansk mat
endreGuanimos er tamales frå Den dominikanske republikken laga av maismjøl, fylt med kjøtdeig og pakka inn i bananblad.
Pasteles frå Puerto Rico blir typisk laga av fersk grøn banandeig fylt med svinekjøt, og så pakka inn i bananblad som er mjukna ved elden. Mange risrettar frå Puerto Rico blir kokt med bananblad som lok for å tilføra smak og aroma. Fisk og svinebog kan pakkast inn i blad av kokebanan og bakast. Guanimes, kjende som puertoricanske tamales, er av maismjøl med koksonøttmjølk og andre ingrediensar, og pakka inn i bananblad. Søte kassavatortillaer og arepaer blir lagde på bananblad i nokre timar før steiking.
Mexicanske, særleg oaxacanske, tamales og ein lokal variant av lamme- eller barbacoa-tacoar blir ofte dampa i bananblad. Ein nyttar også blada til å pakka inn svinekjøt i den tradisjonelle retten cochinita pibil frå Yucatán.
Sentralamerikansk mat
endreVigorón er ein tradisjonell rett frå Nicaragua. Han er laga av ein kålsalat kalla curtido (hakka kål, tomat, lauk og chilipepar marinert i eddik og salt), kokt maniok og chicharrones (steikt svin med skinn eller med kjøt), pakka inn i bananblad.[14] Det finst også variantar av denne retten på Costa Rica.
Vaho (eller baho) er ei blanding av kjøt, kokebanan og maniok kokt i bananblad.
Tamales laga i heile Sentral-Amerika blir tradisjonelt pakka i bananblad før dei blir dampa, noko som gjev ein særmerkt smak til den nixtamaliserte maisdeigen.
Nacatamal blir laga med hovudsakleg nixtamalisert masa (ein maisdeig laga i ein prosess kalla nizquezar) og smult og med smakstilsetjingar som salt og achiote (annatto). Fyllet kan vera krydra svinekjøt, ris, ei skive potet, paprika, tomat, lauk, oliven, stilkar av koriander og/eller grønmynte og av og til også kapers, rosinar eller fersk chili (raud eller grøn), alt pakka inn i bananblad. Denne retten er typisk for Nicaragua.
Ecuadoriansk mat
endreI kystregionar laga ein rettar som bollo, ei røre av kokebanan og peanutsmør fylt med fisk eller svinekjøt og pakka inn i bananblad. Retten blir så bakt i ein mursteinsomn eller dampa. I Manabi-provinsen blir det laga ein rett kalla tonga, ei kyllingstuing med ris farga med achiote og peanøttsalsa, som blir laga på eit bananblad og så pakka inn. Provinsar i Amazonas har maito, der grilla fisk blir servert med maniok og ris og pakka inn i bananblad.
Tradisjonell og religiøs bruk
endreBananblad blri brukte av hinduar og buddhistar både som dekorative element ved særskilde høve, som ekteskap og andre seremoniar i Sør-India og Søraust-Asia. Balinesiske hinduar forma bananblad til haldarar for blomeoffer kalla canang til hyang (ånder eller guddommar) og gudar. Desse offerar blir så plasserte ulike stader i huset.
I Øvre Myanmar blir bananblad brukt til å laga innvikla offerkonstruksjonar kalla <i id="mwAQc">phetsein kundaung</i> (ဖက်စိမ်းကွမ်းတောင်). I Thailand blir blada brukte til å laga ei offerskål kalla krathong som er eit viktig element under høgtida loy krathong på fullmånedagen, den tolvte dagen av månaden i månekalenderen.[15] Denne feiringa er meint å heidra Mor til vatna, Phra Mae Kong Kha, ved å senda avgarde ein krathong på eit stykke vatn.[16] Andre asiatiske land har liknande høgtider, som Myanmar, Laos, Kambodsja, India og Kina.[15] Krathong tyder lotus-forma ilåt, og det bruker å ha blomar, røykjelsepinnar og eit levande lys i midten. Under loy krathong ber folk krathongar til elva. Etter å ha tent på lysa og tre røykjelsespinnar og ønska seg noko, vil dei plassera krathongane forsiktig på vatnet og la dei flyta avgarde med straumen.[15] Ifølgje tradisjonen ber krathongane med seg vonde handlingar og ulukke, og etterpå vil ein tiltrekka seg lukke i staden.[16]
Til å skriva på
endreBanan- og palmeblad er historisk blitt brukt som det viktigaste skriveunderladet mange stader i Sør- og Søraust-Asia. Dette har påverka utviklinga av skriftsymbola deira. Dei avrunda bokstavane til mange alfabet frå Sør-India, Sri Lanka og Søraust-Asia, som oriya-, sinhala-, burmesisk, baybayin og javanesisk skrift, skal ha blitt påverka av dette. Skarpe vinklar og rette linjer langs årene til bladet med skarpe skrivereiskapar kunne lett ha delt bladet og skadd skriveunderlaget, slik at ein utvikla runda bokstavar med linjer som berre gjekk vertikalt eller diagonalt i desse områda.[17]
Sjølv bananbladet er delt inn i seksjonar som kan brukast som linjer. Ein trur at dette påverka utviklinga av rongorongo-skrifta frå Påskeøya slik at meir forseggjorte skrivetavler av tre fekk rifler for å imitera overflata til eit bananblad.[18]
Annan bruk
endreBlada inneheld apiin, som blir brukt til å laga nanopartikkelprodukt.[19]
Sjå òg
endre- Patravali, ein tallerken av tørka blad
- Strelitzia, ein plante med liknande blad
Kjelder
endre- ↑ «Why Won't a Banana Plant's Leaves Open?». SFGate (på engelsk). Henta 5 January 2020.
- ↑ Nace, Trevor (25. mars 2019). «Thailand Supermarket Ditches Plastic Packaging For Banana Leaves». Forbes. Henta 26. mars 2019.
- ↑ Molina, A.B.; Roa, V.N.; Van den Bergh, I.; Maghuyop, M.A. Advancing banana and plantain R & D in Asia and the Pacific. s. 84. Arkivert frå originalen 12. desember 2017.
- ↑ 4,0 4,1 Frozen Banana Leaf Arkivert 2012-06-30 ved Wayback Machine., Temple of Thai Food Store
- ↑ Black Cod Steamed in Banana Leaves with Thai Marinade Arkivert 2012-06-22 ved Wayback Machine., Frog Mom
- ↑ «Banana». Hortpurdue.edu. Arkivert frå originalen 15 April 2009. Henta 16. april 2009.
- ↑ Elizabeth Ann Quirino (16 December 2014). «Have Filipino food, will travel». Inquirer. Arkivert frå originalen 20 December 2014. Henta 6 January 2015.
- ↑ Margaret Littman. «Authentic Filipino Food Comes to Nashville for One-Night SALO Project Pop-Up». Nola Defender. Arkivert frå originalen 6 January 2015. Henta 6 January 2015.
- ↑ «What I Ate @ Eureka (Palmeras)». The Hungry Giant. 5 January 2012. Arkivert frå originalen 6 January 2015. Henta 6 January 2015.
- ↑ «Uses of Bilao, Round Bamboo Tray». Luntian Laboratory. Arkivert frå originalen 6 January 2015. Henta 6 January 2015.
- ↑ Rowena Dumlao-Giardina (28 October 2014). «Savor the Philippines with this lunch wrapped in banana leaves». SheKnows. Arkivert frå originalen 6 January 2015. Henta 6 January 2015.
- ↑ Maan D'Asis Pamaran (22 December 2014). «Christmas: It's really more fun in the Philippines». Manila Standard Today. Arkivert frå originalen 6 January 2015. Henta 6 January 2015.
- ↑ Vanjo Merano (27 December 2010). «Suman sa Lihiya». Panlasang Pinoy. Arkivert frå originalen 6 January 2015. Henta 6 January 2015.
- ↑ «Vigorón Recipe (Nicaraguan yuca, pork rind and cabbage salad) | Nicaragua | Whats4Eats». Arkivert frå originalen 24. september 2013. Henta 27. juni 2013.
- ↑ 15,0 15,1 15,2 Department of Cultural Promotion, Ministry of Culture (October 2014). «ลอยกระทง» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016. Henta 26. oktober 2015.
- ↑ 16,0 16,1 Seamlaem, S (10 May 2011). «School» ภูมิปัญญาไทยกับงานใบตอง. Arkivert frå originalen 4 March 2016.
- ↑ Sanford Steever, 'Tamil Writing', in Daniels & Bright, The World's Writing Systems, 1996, p. 426
- ↑ Barthel, Thomas S. (1971). Pre-contact Writing in Oceania. Current Trends in Linguistics 8. Den Haag, Paris: Mouton. s. 1169.
- ↑ Sayadi, Khali; Akbarzadeh, Fatemeh; Pourmardan, Vahid; Saravani-Aval, Mehdi; Sayadi, Jalis; Chauhan, Narendra Pal Singh; Sargazi, Ghasem (2021). «Methods of green synthesis of Au NCs with emphasis on their morphology: A mini-review». Heliyon (Cell Press) 7 (6): e07250. ISSN 2405-8440. doi:10.1016/j.heliyon.2021.e07250.
- Denne artikkelen bygger på «Banana leaf» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2022.