Band of Joy av Robert Plant
Band of Joy Studioalbum av Robert Plant and the Band of Joy | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. september 2010[1] | |
Sjanger | Folkrock, rootsrock, countryrock, americana | |
Lengd | 47:32 | |
Selskap | Decca Records, Rounder Records | |
Produsent | Robert Plant, Buddy Miller | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Robert Plant-kronologi | ||
Raising Sand (2003) |
Band of Joy |
|
Band of Joy er eit album av den engelske rockesongaren Robert Plant og bandet hans Band of Joy.[1][5] Det kom ut den 13. september 2010 og debuterte på 5. plass på Billboard 200-lista. I Noreg nådde albumet 2. plass på VG-lista.
Den første singelen frå albumet var «Angel Dance».
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Angel Dance» | David Hidalgo, Louie Perez | 3:50 |
2. | «House of Cards» | Richard Thompson | 3:14 |
3. | «Central Two-O-Nine» | Robert Plant, Buddy Miller | 2:49 |
4. | «Silver Rider» | Zachary Micheletti, Mimi Parker, Alan Sparhawk | 6:06 |
5. | «You Can't Buy My Love» | Billy Babineaux, Bobby Babineaux | 3:11 |
6. | «Falling in Love Again» | Dillard Crume, Andrew Kelly | 3:38 |
7. | «The Only Sound That Matters» | Gregory Vanderpool | 3:45 |
8. | «Monkey» | Micheletti, Parker, Sparhawk | 4:58 |
9. | «Cindy, I'll Marry You Someday» | Trad. arr. Plant, Miller | 3:37 |
10. | «Harm's Swift Way» | Townes Van Zandt | 4:19 |
11. | «Satan Your Kingdom Must Come Down» | Trad. arr. Plant, Miller | 4:12 |
12. | «Even This Shall Pass Away» | Theodore Tilton, arrangert av Plant, Miller | 4:03 |
Total lengd: | 47:32 |
Medverkande
endre- Bekka Bramlett - korvokal (1,2)
- Marco Giovino – trommer, perkusjon, korvokal (3)
- Patty Griffin – vokal, korvokal (2,3,4,5,8,10,11)
- Byron House – bassgitar, kontrabass
- Buddy Miller – elektrisk gitar, barytongitar, 6-strengs bassgitar, mandogitar, korvokal (2,3,6)
- Robert Plant – solovokalar, korvokal (1,2,3,5,11)
- Darrell Scott – akustisk gitar, mandolin, oktavmandolin, banjoar, trekkspel, pedalsteelgitar & lapsteelgitar, korvokal (1,2,3,4,6,7,10,11)[6]
Mottaking
endreReaksjonane på albumet var positive. Metacritic, som samlar saman respekterte kritikarar, gjev albumet ein gjennomsnittleg score på 80 av 100,[7], som tyder «generelt positive meldingar». Rolling Stone rangerte albumet på 8. plass på lista si over dei beste albuma i 2010.[8] Q rangerte i januar 2011 Band of Joy som det nest beste albumet i 2010.[9]
Prisar
endreAlbumet var nominert til to Grammy Awards, for beste americana-album og songen «Silver Rider» for beste rockevokalprestasjon for ein soloartist. Robert Plant vart nominert til beste britiske mannlege soloartist på Brit Awards 2011 [10]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Band of Joy (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2011.
- ↑ 1,0 1,1 «Robert Plant announces 'Band of Joy' release date - Music, Arts & Entertainment». The Independent. 14. juni 2010. Henta 30. mars 2011.
- ↑ «Allmusic review».
- ↑ Hermes, Will. "The Led Zep golden god is reborn as a rootsy force of nature." Rolling Stone #1113, September 16, 2010, s. 75-76.
- ↑ «Spin review».
- ↑ «Band Of Joy (September 13th)». Robert Plant - Official Website. Henta 30. mars 2011.
- ↑ «Achilles Last Stand». Led Zeppelin. Arkivert frå originalen 2. desember 2012. Henta 30. mars 2011.
- ↑ Metacritic, Critical Reviews for Band of Joy. Henta 30. mars 2011.
- ↑ «Rolling Stone's Best Albums of 2010». Rolling Stone. 30. mars 2011. Arkivert frå originalen 10. desember 2010. Henta 30. mars 2011.
- ↑ «Q's 50 Best Albums of 2010». Bauer Media. 16 December 2010.
- ↑ The Brit awards 2011 Henta 30. mars 2011.