Behind the Sun av Eric Clapton
Behind the Sun Studioalbum av Eric Clapton | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. mars 1985 | |
Innspelt | 1984 | |
Sjanger | Rock, poprock, hardrock | |
Lengd | 49:54 | |
Selskap | Duck / Warner Bros. | |
Produsent | Eric Clapton, Phil Collins, Ted Templeman, Lenny Waronker | |
Eric Clapton-kronologi | ||
---|---|---|
Backtrackin' (1984) |
Behind the Sun | Edge of Darkness (1985)
|
Behind the Sun er eit album frå 1985 av Eric Clapton. Tittelen på albumet kjem frå ei linje frå Albert King sin «Louisiana Blues». Det er òg det første samarbeidsprosjektet til Clapton med Phil Collins. Det vert ofte omtalt som «comebackalbumet» hans og vart godt motteke i både USA og Storbritannia. Etter nesten eit tiår der gitarspelinga til Clapton kom i skuggen av synginga og låtskrivinga hans, inneheld dette albumet noko av den beste gitarspelinga hans sidan tida i Cream i 1960-åra.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | [2] |
Robert Christgau | C-[3] |
Videoen til «Forever Man» vart mykje vist på MTV, og har mellom anna med ei ulukke der kameraet fell ned frå hevearmen. Albumet inneheld mykje synthesizerar og trommemaskinar spelt av Phil Collins, Ted Templeman, Peter Robinson, Michael Omartian, James Newton Howard, Chris Stainton og Greg Phillinganes, i tillegg til Clapton sin Roland gitarsynthesizer på «Never Make You Cry». Bassistane Donald «Duck» Dunn frå Booker T. & the MG's og Nathan East frå smoothjazz kvartetten Fourplay spelte òg på plata.
I sjølvbiografien sin hugsar Clapton innspelingane i 1984 som ei god tid: «Det heile gjekk så bra, eg håpte at det aldri skulle ta slutt.» Han hadde derimot problem i ekteskapet med Pattie Boyd, som vart temaet på fleire av songane: «She's Waiting», «Same Old Blues» og «Just Like a Prisoner», inneheld alle lange gitarsoloar av Clapton. Det var i denne perioden at Boyd gjekk frå han, og dei tok etter kvart ut separasjon. Clapton lindra smerta med å skrive songen «Behind the Sun», med berre han på gitar og vokal, og Phil Collins på synthesizer, som av den siste songen på albumet.
Dette var òg første gongen Clapton samarbeidde med låtskrivaren Jerry Lynn Williams. Som svar til at Van Morrison hadde vorte droppa frå Warner Bros. Records, ønskte Clapton at albumet skulle ha fleire hitsinglar: «Dei sendte meg tre songar frå ein låtskrivar i Texas - «Forever Man», «Something's Happening» og «See What Love Can Do» - og dei var gode.» Innspelingane inkluderte tidlegare Toto-gitarist Steve Lukather og trommeslagar Jeff Porcaro, i tillegg til dei langvarige samarbeidspartnarane til Clapton, bassist Nathan East og klaverspelar Greg Phillinganes, som offisielt vart med i Toto i 2005.
Behind The Sun-turneen inkluderte òg den første Live Aid-konserten i 1985 der «She’s Waiting» vart framført i lag med «White Room» og «Layla».
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «She's Waiting» | Clapton, Peter Robinson | 4:55 |
2. | «See What Love Can Do» | Jerry Lynn Williams | 3:58 |
3. | «Same Old Blues» | Clapton | 8:15 |
4. | «Knock on Wood» | Eddie Floyd, Steve Cropper | 3:19 |
5. | «Something's Happening» | Jerry Lynn Williams | 3:23 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Forever Man» | Jerry Lynn Williams | 3:13 |
7. | «It All Depends» | Clapton | 5:05 |
8. | «Tangled In Love» | Levy, Richard Feldman | 4:11 |
9. | «Never Make You Cry» | Clapton, Phil Collins | 6:06 |
10. | «Just Like A Prisoner» | Clapton | 5:29 |
11. | «Behind the Sun» | Clapton | 2:13 |
Medverkande
endre- Eric Clapton – gitar, solovokal, korvokal (6), Roland gitarsynthesizer (9)
- Phil Collins – Simmons-trommer (1, 3), skarptromme (1), korvokal (4, 9), shaker (7, 9), trommer «til høgre» (10), synthesizer (11)
- Donald «Duck» Dunn – bassgitar (1, 3, 4, 7-10)
- Jamie Oldaker – trommer (1, 3, 4, 7, 8, 9), korvokal (9), trommer «til venstre» (10)
- Chris Stainton – synthesizer (1, 3, 4, 7, 8, 10), Hammondorgel (1, 8), piano (4), Fender Rhodes (9)
- Marcy Levy – korvokal (1, 2, 3, 6, 7, 8, 9)
- Lindsey Buckingham – rytmegitar (5)
- James Newton Howard – synthesizer (5)
- Jerry Lynn Williams – korvokal (2, 5)
- Lenny Castro – congas (2, 6), perkusjon
- Ray Cooper – perkusjon (1, 8), gong (3), bongotrommer (7)
- Nathan East – bassgitar (2, 5, 6), korvokal (5)
- Steve Lukather – rytmegitar (2, 6)
- Shaun Murphy – korvokal (1, 3, 7, 8)
- Michael Omartian – synthesizer (2, 6)
- Jeff Porcaro – trommer (2, 6)
- Greg Phillinganes – synthesizer (5), korvokal (5)
- John «J.R.» Robinson – trommer (5)
- J. Peter Robinson – synthesizer (1, 3, 4, 7-10)
- Ted Templeman – shaker (5), tamburin (5), timbales (6)
Produksjon
endre- Produsentar: Phil Collins (spor 1, 3, 4, 7-11); Lenny Waronker & Ted Templeman (spor 2, 5, 6).
- Lydteknikarar: Nick Launay (spor 1, 3, 4,7-11) & Lee Herschberg (spor 2, 5, 6).
- Assisterandee teknikar (spor 1, 3, 4, 7-11): Steve Jackson.
- Miksa av Nick Launay (spor 1, 3, 4, 7-11) & Mark Linett (spor 2, 5, 6).
- Mikseassistent: Steve (Barney) Chase (spor 1, 3, 4, 7-11)
- Spor 1, 3, 4, 7-11 spelte inn i AIR Studios (Montserrat i Karibia); Miksa i Townhouse Studios (London i England).
- Spor 2, 5 & 6 spelte inn i Lion Share Recording Studio (Los Angeles, CA) & Amigo Studios (Nord-Hollywood); Miksa i Amigo Studios.
- Mastering i Townhouse Studios (London) & Sheffield Lab Matrix (Santa Monica, CA).
- Produksjonskoordinator (spor 2, 5, 6): Joan Parker
- Plateomslag: Larry Vigon
- Fotografi: Patti Clapton
Salslister
endreVekeslister
endreListe (1985) | Plassering |
---|---|
Austerrikske album (Ö3 Austria)[4] | 30 |
Canadian Albums (RPM)[5] | 20 |
Nederlandske album (MegaCharts)[6] | 5 |
Tyske album (Media Control)[7] | 15 |
Den japanske albumlista (Oricon)[8] | 14 |
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[9] | 21 |
Norske album (VG-lista)[10] | 5 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[11] | 10 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[12] | 3 |
Britiske album (OCC)[13] | 8 |
US Billboard 200[14] | 34 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
USA (RIAA)[15] | Platina | 1 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Behind the Sun av Eric Clapton» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Behind the Sun – Eric Clapton | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 17. juni 2018.
- ↑ «Eric Clapton Behind the Sun Album Review | Rolling Stone». Rolling Stone Magazine. rollingstone.com. Arkivert frå originalen 3. februar 2007. Henta 17. juni 2018.
- ↑ «Robert Christgau: CG: Eric Clapton > Behind the Sun». Robert Christgau. robertchristgau.com. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton - Behind the Sun" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 17. juni 2018.
- ↑ «RPM Top 100 Albums» (PDF). RPM Magazine (Library and Archives Canada) 42. 25. mai 1985. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton – Behind the Sun". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton - Behind the Sun". Charts.de. Media Control. Henta 17. juni 2018.
- ↑ «Hits of the World > Japan» (PDF). Billboard Magazine (Nielsen Business Media, Inc.) 97: 63. 27. april 1985. ISSN 0006-2510. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton – Behind the Sun". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton – Behind the Sun". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton – Behind the Sun". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton – Behind the Sun". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "03-23-1985 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton Album & Song Chart History" Billboard 200 for Eric Clapton. Prometheus Global Media. Henta 17. juni 2018.
- ↑ «American album salstrofé – Eric Clapton – Behind the Sun». Recording Industry Association of America. Henta 11. februar 2016. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH