Berg kyrkje på Senja
Berg kyrkje er ei langkyrkje frå 1955 i Senja kommune i Troms og Finnmark på yttersida av Senja. Byggverket er i betong. Arkitekt for kyrkja var Hans Magnus.
Berg kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Helge Høifødt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Senja | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Senja | ||
Sokn | Berg | ||
Fellesråd | Berg | ||
Arkitekt | Hans Magnus | ||
Material | Betong | ||
Innvigd | 1955 | ||
Takryttar | På mønet, i nordvest | ||
Kor | Rett avslutta | ||
Klokker | 1, O. Olsen & Søn (1955) | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | I tre, frå 1955, teikna av arkitekten | ||
Døypefont | I tre, frå 1955 | ||
Altartavle | Torvald Moseid | ||
Orgel | Vestre orgelfabrikk (1955) | ||
Sitjeplassar | 225 | ||
Diverse | Glasmåleri av Torvald Moseid (1955) | ||
![]() Berg kyrkje i Skaland | |||
Wikimedia Commons: Berg kirke (Troms) | |||
Altartavla er skore ut i tre og dekorert av Torvald Moseid. Det er eit triptykon med Kristus, Maria og apostelen Johannes i midtfeltet. Sidefelta har to apostler på kvar. Moseid har òg utført glasmåleria i kyrkja, som har motiv frå Jesu liv.
Både preikestolen og døypefonten er i tre og frå året då kyrkja vart ferdigstilt. Orgelet er eit pneumatisk orgel frå Vestre orgelfabrikk.
Kyrkja har ein takryttar med ei klokke frå O. Olsen & Søn. Klokka har inskripsjonen «Land, Land, Land, Hør Herrens Ord».
Kyrkjehistorie endre
Dagens kyrkje er om lag den tredje kyrkja på Berg. Mellomalderkyrkja stod på Kjerkeberget lengre nordvest. Denne kyrkja vart skildra som falleferdig på 1600- og 1700-talet, og det var ynskje om å flytte kyrkjestaden, men i 1780 eller 1781 vart ei ny kyrkje oppført på same staden. Dette var ei lafta langkyrkje. Kyrkja vart vøla og fekk vesttårn og sakristi i 1844, og i 1884 vart ho ombygd og utvida igjen.[1][2] Denne kyrkja vart riven av tyskarane i 1942.[3] Dagens kyrkje står på Skaland (gnr. 10), et stykke søraust for der dei tidlegare kyrkjene stod.
Noregs første kvinnelege prest, Ingrid Bjerkås, var sokneprest i Berg i 1961–65.[4]
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Berg kirke (Skaland)» frå Wikipedia på bokmål, den 11. september 2019.
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Berg kirke, Skaland». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 130. ISBN 82-75-27022-7.
- Jan Brendalsmo og Jan-Erik G. Eriksson: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Troms fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 31–32
Bakgrunnsstoff endre
- «Berg kyrkje på Senja». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Berg kyrkje på Senja i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Arthur Brox (1965). Berg og Torsken bygdebok 2: Bygdehistoria. s. 286–292.
- Berg kyrkjelyd[daud lenkje]
Fotnotar endre
- ↑ Brendalsmo & Eriksson, s. 31.
- ↑ Riksantikvaren: Berg gamle kirkested
- ↑ Berg kommune: Tilbakeblik på okkupasjonstida Arkivert 2019-02-10 ved Wayback Machine.
- ↑ Hun var stolt, tøff og modig. 50-års jubileum for Norges første kvinnelige prest (nrk.no, 17. juni 2011)