Kvitskjeggmaurvarslar
Kvitskjeggmaurvarslar, Biatas nigropectus, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Biatas. Han er endemisk for den atlantiske skogen i Argentina og Brasil og er ein bambusspesialist. Arten er truga av tap av leveområde, og ein trur populasjonen minkar fort.
Kvitskjeggmaurvarslar | |
Kvitskjeggmaurvarslarhann | |
Kvitskjeggmaurvarslarhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av Kvitskjeggmaurvarslar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Biatas |
Art: | Kvitskjeggmaurvarslar B. nigropectus |
Vitskapleg namn | |
Biatas nigropectus |
Kvitskjeggmaurvarslar er 18 centimeter i lengd, hannen har brunleg fjørdrakt med raudbrune venger og hale, svart krone, nedre strupe og bryst. Hofuglen har raudbrun krone.
I Argentina har kvitskjeggmaurvarslar vorte funne berre i Guadua-bambus, spesielt arten Guadua trinii.[1] Han lever av insektlarver, edderkoppar, små maur og frø som han plukker av bambus. Dette er ein kryptisk art som sjeldan syng, så lite er kjent om levevis og økologi.[1]
Kjelder
endre- Første utgåva av artikkelen byggjer på «White-bearded Antshrike» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2011
- BirdLife International (2011) Faktaark for arten: Biatas nigropectus Arkivert 2013-12-03 ved Wayback Machine.. Lest frå http://www.birdlife.org 10. juli 2010.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Bodrati, A. & K. Cockle. 2006. Habitat, distribution, and conservation of Atlantic forest birds in Argentina: Notes on nine rare or threatened species. Ornitologia Neotropical 17: 243-258.
Bakgrunnsstoff
endre- Robert S. Ridgely, Guy Tudor (1994). The Birds of South America. Austin, Texas: University of Texas Press. s. 222. ISBN 0292707568.
- Zimmer, K. and M.L. Isler (2020). «White-bearded Antshrike (Biatas nigropectus), , version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.)». Cornell Lab of Ornithology. «Biatas nigropectus»