Birger og Berger er mannsnamn som kjem frå norrønt Birgir eller Byrgir og tyder 'hjelpsam' eller 'hjelpar'. Til moderne norsk har det truleg komme frå svensk. Variantar av namnet er Berge, Børge og Børre.

Birger jarl er ein kjend namneberar frå 1200-talet.

Birger har namnedag 21. oktober.

Bruken av namnet i Noreg endre

I folketeljinga i 1801 vart sju personar manntalsførte med namnet Birger, seks av dei budde i Davik. Det var nokre hundre brukarar av dei andre namnevariantane.

I teljinga frå 1900 var det 2 500 personar som het Birger, og minst 1 000 med dei andre namnevariantane. Sidan har bruken av namnet gått attende.

I 2007 var det 3 700 som hadde Birger til første fornamn, og nokre få hundre bruka dei andre variantane av namnet.

Kjende namneberarar endre

 
Birger Kildal.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre