Opna hovudmenyen

Bixente Lizarazu

fransk fotballspelar

Bixente Lizarazu (fødd 9. desember 1969) er ein fransk tidlegare fotballspelar som vart verdsmeister i 1998 og europameister i 2000 for Frankrike. Som klubbspelar vert han hugsa for sine åtte sesongar i Bordeaux og like mange sesongar i Bayern München. Mellom 1992 og 2004 spelte venstrebacken Lizarazu 97 landskampar for Frankrike.

Bixente Lizarazu
Bixente Lizarazu.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn  Bixente Jean-Michel Lizarazu
Fødselsdato 9. desember 1969 (49 år)
Fødestad Saint-Jean-de-Luz i Frankrike
Høgd 169 cm
Posisjon Venstreback
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1986–1989 Bordeaux B  (10)
1988–1996 Bordeaux 246 (22)
1996–1997 Athletic Bilbao 16 (0)
1997–2004 Bayern München 151 (7)
2004 Marseille 14 (0)
2005–2006 Bayern München 31 (0)
Totalt 401 (39)
Landslag
1992–2004 Frankrike 97 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

Lizarazu debuterte for Girondins Bordeaux hausten 1988. Fram til sommaren 1995 spelte han 246 seriekampar for klubben, som i hans siste sesong nådde finalen i UEFA-cupen, der det vart tap for Bayern München. Etter ein sesongs mellomspel i spanske Athletic Bilbao, vart han sommaren 1997 overført til nettopp Bayern München. I den tyske klubben var ha med å vinne fem seriemeisterskap; 1999-2001, 2003 og 2006, fire cupmeisterskap; 1998, 2000, 2003 og 2006. Han spelte to meisterligafinalar for Bayern München, i 1999 vart det tap 1-2 for Manchester United. I den andre meisterligafinalen møtte Bayern spanske Valencia CF i ein kamp der begge laga hadde skåra eitt mål då fløyta lydde etter 120 minuttars spel. Lizarazu var ein av dei fem spelarane som skåra i straffesparktevlinga, noko som ordna triumf for Bayern München. Lizarazu spelte ein sesong, 2004/05, før han vende tilbake til Bayern og var med på dobbeltsigeren i 2006. Han la då bort fotballskoa.

LandslagsspelEndra

Lizarazu debuterte på landslaget i ein kamp mot Finland i november 1992. Han fekk snøgt fast plass i den franske fyrsteellevaren. I perioden frå 1996 til 2004 deltok han for Frankrike i samtlege tre europameisterskapane og dei to verdsmeisterskapane i fotball. Både VM i fotball 1998 på fransk heimegrunn, og EM i fotball 2000 enda med triumf for Lizarazu og Frankrike. Under VM på heimebane skåra han elles sitt andre og siste landslagmål i kampen mot Saudi-Arabia. Etter Frankrikes tap mot Hellas under EM i fotball 2004, var det slutt på landslaget for Lizarazu.

KjelderEndra