Blokkebær
Blokkebær (Vaccinium uliginosum), skinntryte, mikkelsbær eller tryte er ei plante i bærlyngslekta i lyngfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing, og finst i Noreg.
Blokkebær | |
Blokkebær | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Lyngfamilien Ericaceae |
Underfamilie: | Vaccinioideae |
Slekt: | Bærlyngslekta Vaccinium |
Seksjon: | Vaccinium |
Art: | Blokkebær V. uliginosum |
Vitskapleg namn | |
Vaccinium uliginosum |
Planta veks på fuktige stader med sur jord. Ein finn henne på tundra, heier og i barskog. Ho vert kring 40 cm høg og har runde brune kvister og blågrøne utagga blad som fell av om hausten. Blokkebær blomstrar kring mai-juli.[1]
Planta har kvit krone og lysblått til blåsvart bær som er litt kantet. Bæret har ein diameter på 6–8 mm.[1] Dei kan etast av menneske, og er blitt brukt ferske, tørka, sylta, som gelé, til saft eller gjæra til alkoholdrikkar. Også unge blad kan etast eller brukast til å laga te av.[2]
Utbreiing
endreBlokkebær veks i kjølege tempererte område på den nordlege halvkula, i lågtliggande område i Arktis og i høgtliggande område sør til Pyrenane, Alpane og Kaukasus i Europa, fjell i Mongolia, nordlege Kina, den koreanske halvøya og sentrale Japan i Asia og Sierra Nevada i California og Rocky Mountains i Utah i Nord-Amerika.[1][3][4][5]
Planta er vanleg gjennom heile Noreg. Ho er funnen opp til 1730 m i Jotunheimen.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Flora of North America, Vaccinium uliginosum Linnaeus, 1753. Bog bilberry, airelle des marécages
- ↑ Skogsskafferiet
- ↑ Flora of China, Vaccinium uliginosum Linnaeus, 1753. 笃斯越桔 du si yue ju
- ↑ Altervista Flora Italiana, Falso mirtillo, Vaccinium uliginosum L.
- ↑ Biota of North America Program 2014 state-level distribution map
- Svensk Wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.