Boakjølsnigel

blautdyrart
Boakjølsnigel


Svartelista i Noreg: Svartelista i Noreg Ukjend risiko for lokalt biologisk mangfald

Foto: Michal Maňas
Foto: Michal Maňas
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Mollusca
Klasse: Gastropoda
Orden: Pulmonata
Familie: Limacidae
Vitskapleg namn
Limax maximus

Boakjølsnigel, også kjend som boasnigel, leopardsnigel og stor nakensnigel, er ein landlevande lungesnigel utan skal. Han stammar frå Sør- og Vest-Europa, men finst ei rekkje stader i verda, mellom anna i Noreg, som framand art.

Snigelen fekk det nye offisielle namnet «boakjølsnigel» i mars 2011.[1] Han høyrer til gruppa kjølsniglar (Limacidae), noko som vil seia at han har ei forhøging eller «kjøl» langsetter kroppen.

Vandrande boakjølsnigel.

Skildring endre

Ein vaksen boakjølsnigel er rundt 10-20 cm lang. Han kan vera nesten einsfarga brun eller ha lys botnfarge med mørke prikkar og striper på kroppen. Kvart individ har ulikt mønster.

Utbreiing endre

Boakjølsnigel har spreidd seg frå sine opphavlege leveområde i Sør- og Vest-Europa til fleire stader i Afrika, Amerika, Oseania og Europa elles. Ein har observert snigelen over heile Noreg. Det første funnet blei gjort i Larvik i 1870.[2] I USA blei den første observasjonen av snigelen gjort i 1867.

 
Boakjølsnigel som et ein annan snigel.

Levevis endre

Boakjølsnigel lever på land og finst på fuktige enger, i krattskog og i open lauvskog. Mange stader held han til i område der det bur menneske, som i hagar og kjellarar. Han er nattaktiv, og kviler gjerne på same staden kvar dag. Når snigelen vandrar etterlèt han eit tjukk slimspor som iriserar når det tørker.

Snigelen et sopp og plantar, både levande og daude. Han er i eit rovdyr i større grad enn andre nakensniglar. Snigelen et meitemark og andre nakensniglar, og er aggressiv og territoriehevdande.[3] Mellom anna er det blitt rapportert at han angrip og et brunskogsnigel.[4]

Formeiring endre

 
Parande sniglar.

Ein nyklekt snigel bruker minst to år på å bli kjønnsmogen. Kjønnsmogne sniglar parar seg om våren. Snigelen er tvikjønna, slik at alle par av sniglar kan para seg. Ved paring befruktar begge sniglane kvarandre. Dei har innvikla kjønnsorgan som kjem ut frå høgresida av hovudet.[5]

 
Det mannlege kjønnsorganet endrar seg under paringsakta.

Sniglane parar seg typisk på ein høg stad. Under paringa dannar sniglane ein ring med hovud mot hale, og hovuddelane svulmar opp. Deretter kveilar dei seg saman i ein spiral og formar ein slimtråd som dei blir hengande i under akta. Det kvinnelege kjønnsorganet opnar seg og det mannlege kjem ut og endrar form og farge.[5]

Etter paringa kan begge sniglane legga hundervis av egg. Vanlegvis døyr sniglane ikkje lenge etterpå.

 
Egglegging.
Foto: Lokilech

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Morten Günther (31.03.2011). «Hagefiende skifter navn» (på norsk). Bioforsk. Arkivert frå originalen 16. oktober 2011. Henta 1. april 2011. 
  2. Limax maximus i Artsdatabanken
  3. Winter, B., Ørmen, T. & Bøckmen, P. (2009): En eksperimentell studie av territorial- og predasjonsadferd hos stor kjølsnegl Limax maximu. Fauna (tidsskrift for Norsk Zoologisk Forening) no 62 (4): side 106-111.
  4. NRK Østlandssendingen 23.07.2010: Jager og eter iberiasnegler
  5. 5,0 5,1 Sjelden sneglesex fanget på film i NRK Østlandssendingen ved nrk.no