Border Region er ein statistisk region i IrlandNUTS-nivå III, og ein tidlegare administrativ region. Namnet på regionen viser til at han ligg langs grensa mellom Republikken Irland og Nord-Irland, som er del av Storbritannia. Regionen omfattar ikkje begge sidar av grensa, men dei irske fylka Cavan, Donegal, Leitrim, Monaghan og Sligo. Border Region dekkjer 11 516 km2, 16,4 % av totalarealet til staten, og har eit folketal på 392 837, 8,28 % av det totale folketalet i Irland.[1][2] NUTS-koden er IE041.[3]

Border Region
region
Land  Irland
Kart
Border Region
53°57′48″N 7°21′27″W / 53.963472222222°N 7.3574444444444°W / 53.963472222222; -7.3574444444444
Border Region på Irland med county som er med merka med grønt.
Border Region på Irland med county som er med merka med grønt.
Border Region på Irland med county som er med merka med grønt.

Dei største byane i regionen er Letterkenny og Sligo, begge med folketal like over 19 000.

Tidlegare administrativ region endre

 
Border Region frå 2003 til 2018

Border Region var tidlegare ein administrativ region leia av Border Regional Authority, som hadde 38 innvalde representantar. Dei kom saman ein gong i månaden og blei nominerte frå dei seks lokale råda i regionen:[1]

  • Donegal County Council
  • Louth County Council
  • Cavan County Council
  • Monaghan County Council
  • Sligo County Council
  • Leitrim County Council

Regional Authority-ordninga blei oppløyst i 2014 og erstatta av ei med Regional Assembly.[4] Etter reforma i 2014 har regionar på NUTS-nivå III ikkje hatt noka administrativ rolle.

Utskiljing av Louth endre

Under Commission Regulation (EU) 2016/2066, som blei verksam i 2018, blei County Louth overført til Mid-East Region, slik at Border Region blei redusert frå 6 til 5 county. Flyttinga hadde samanheng med Louth si plassering langs vegen mellom Dublin og Belfast og sterke økonomiske band til Stor-Dublin, sjølv om Louth har grense motl Nord- Irland. Endringa hadde fleire følgjer. County Louth hadde 24,6 % av innbyggjarane i Border-regionen, og var det nest folkerikaste fylket der, etter Donegal. Dei to største byane i regionen, Dundalk og Drogheda, blei tekne ut, og regionen mista kystslinja si mot Irskesjøen. Louth var òg det einast fylket frå Leinster i regionen.[5][6]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Irish Region Office - Regions of Ireland: Border Region Arkivert July 19, 2011, ved Wayback Machine.
  2. Border Regional Authority - Profile of the Region
  3. «Revision to the Irish NUTS2 and NUTS3 regions». cso.ie. 
  4. (eISB), electronic Irish Statute Book. «electronic Irish Statute Book (eISB)». www.irishstatutebook.ie. 
  5. «WDC, Revisions to NUTS Level II». Western Development Commission. Arkivert frå originalen 7. februar 2022. Henta 7. februar 2022. 
  6. «CSO, notes on revisions to NUTS». CSO. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Border Region