Borealvarslar

art av sporvefuglar
Borealvarslar
Borealvarslar lengst nordvest i staten Washington
Borealvarslar lengst nordvest i staten Washington
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Borealvarslar
Utbreiinga av Borealvarslar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Varslarfamilien Laniidae
Slekt: Lanius
Art: Borealvarslar L. borealis
Vitskapleg namn
Lanius borealis

Borealvarslar (Lanius borealis) er ein relativt stor medlem av varslarfamilien, Laniidae. Han lever i eit område frå sentrale og austlege Sibir, samt i mykje av Nord-Amerika med unntak av austlege og nordlege provinsar av Canada.

Taksonet for borealvarslar vart anerkjent som ein sjølvstendig art frå ca. 2017. Før det var desse fuglane tenkt å vere ein del av taksonet for arten varslar, Lanius excubitor. Fram til 2017 var varslar definert med ei sirkumpolar utbreiing, i dag redusert til Europa, Afrika og vestlege Asia.[1]

Skildring endre

Utsjånaden til borealvarslar skil seg ikkje mykje frå arten varslar: begge er overvegande kvite med perlegrå rygg, hette og nakke, ei djup svart maske strekkjer seg frå nebbet gjennom auget til øyredekkarane med ei tynn kvit augebrynstripe over. Stjerten er svart med kvit rand, oversida av vengene svarte med eit breitt, kvitt band. Samanlikna med varslar har boralvarslar lysare eller kvit overgump, og boralvarslar kan ha utydelege tverrstriper i bryst og buk. Storleiken er òg samsvarande for begge artar, kroppslengda er 24-27 centimeter og vekta mellom 56 og 80 gram.[2]

 
██ Overvintring██ Hekkeområde ██ Trekkområde██ Året rundt

Utbreiinga er frå vest mot aust: Sentrale og austlege Sibir frå omtrent litt aust for elva Jenisej, eller midt i det russiske territoriet Krasnojarsk kraj, austover til Stillehavet, inkludert Kamtsjatkahalvøya og øyane som avgrensar Okhotskhavet. Vidare over Aleutane, over det meste av Alaska, Yukon og Nordvestterritoria. Òg på austsida av Hudsonbukta til atlanterhavskysten på Labradorhalvøya.

Overvintring skjer i nordlege Kina, søraustlegaste Russland, øya Hokkaido, sørlegaste Alaska og sørover i vestlegaste Canada, vidare tvers over USA til Newfoundland.

Hekkinga skjer i taiga eller på tundra med små buskar eller tre. Dei kan dessutan hekke ved vatn eller ved opningar i skog.

Om sommaren er føda mest leddyr, om vinteren både små pattedyr og småfuglar. Taktikken for jakta er som dei fleste andre artar i slekta, dei sit høgt på ei grein eller anna utkikkspunkt, speidar og åtar bytte på bakken.

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig, LC.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2017), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Updates & Corrections – August 2017, Cornell Lab of Ornithology, henta 27. november 2019
  2. del Hoyo, J., Collar, N. & Marks, J.S. (2019) Northern Shrike (Lanius borealis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 27. november 2019
  3. BirdLife International (2019) Species factsheet: Lanius borealis. Henta frå http://www.birdlife.org den 27. november 2019

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Borealvarslar