Borghild Rud
Borghild Eline Rud (20. mars 1910–25. juni 1999) var ein norsk teiknar og illustratør. Ho utdanna seg ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og Statens Kunstakademi under Halfdan Strøm og Jean Heiberg.
Borghild Rud | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. mars 1910 Furnes |
Død |
25. juni 1999 (89 år) |
Yrke | illustratør |
Rud var frå Ringsaker i Hedmark. Ho var knytt til Arbeidermagasinet/Magasinet for Alle frå 1929 til 1970. Dessutan illustrerte ho ei lang rekke bøker, mellom anna Arne Garborgs Haugtussa, Knut Hamsuns Markens Grøde og Asbjørnsen og Moes folkeeventyr. Ho er særleg kjend for teikningane til Alf Prøysen sine bøker om Teskjekjerringa og til laurdagspetitane hans i Arbeiderbladet. Illustrasjonane hennar var jamnast utført med lett handføring i ein naturalistisk stil, ofte med bruk av blyant.
Rud fekk kulturdepartementets biletbokpris i 1974 for illustrasjonane til broren, forfattaren Nils Johan Rud si bok Ole Soppnisse. Same prisen hadde ho fått seks gongar tidlegare, i perioden 1958 til 1972, for seks andre bøker.
Borghild Rud budde og arbeidde i Nittedal i Akershus. Åra 1948 til 1951 budde Alf Prøysen og kona som nygifte i eit anneks på garden til Borghild Rud og mannen Wilhelm Prestø.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Borghild Rud» frå Wikipedia på bokmål, den 4. desember 2009.
Bakgrunnsstoff
endre- Kort biografi på Nittedalsporten Arkivert 2006-06-16 ved Wayback Machine.