Bulgaria debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2007 i Rotterdam, Nederland, med songen «Bonbolandiya», framført på bulgarsk av gruppa Bon-Bon. Dei enda på sjuande plass. I 2009 trakk Bulgaria seg, og deltok ikkje i Kiev og i 2010-versjonen i Minsk.
|
|
Offisielt |
Bulgaria
|
|
Uttakingar
|
Nasjonalt |
5
|
Internt |
2
|
Deltaking
|
Debutår |
2007
|
Deltakingar |
7
|
Beste resultat
|
Finalen |
2 (2014)
|
Verste resultat
|
Finalen |
Sist (2008)
|
Poeng
|
Totalt |
608
|
I 2011 deltok dei i Jerevan, etter to år vekke i frå tevlinga. I 2012 valde dei å ta ein pause frå tevlinga igjen, og deltok heller ikkje i 2013-versjonen i Kiev.
I 2014 returnerte Bulgaria til tevlinga som vart arrangert på Malta. Bidraget vart valt internt av den bulgarske kringkastaren og valde Krisia Todorova og Hasan & Ibrahim og songen «Planetata Na Detsata» til å representere landet. Dei enda på andre plass med 147 poeng.
I 2015 arrangerte Bulgaria tevlinga i Arena Armeets i Sofia. Det var fyrste gongen Bulgaria arrangerte ei Eurovision-tevling. Proglamleiar for tevlinga var artisten Poli Genova, som har delteke i Eurovision Song Contest to gongar, i 2011 og 2016. 17 land deltok det året.
Bidraga i Junior Eurovision Song Contest
endre